torsdag 30. oktober 2008

bursdag...

det KAN være litt stusselig å ha bursdag. KAN. men eg har bestemt at det skal bli ein kjempefin dag :) :) og eg kjenne at det ikkje skal så masse til for å glede meg. facebook er fint å ha på sånne dagar, hihi. masse søte folk som seier hurra. 

det eg har lyst på i dag eeeer:
-kake
-brus
-post i postkassen
-koselige samtalar
-ei flaske vin
-brisenhet på grensa til småfull ;)
-verdens søtaste mann i presang, for me only <3

det som er litt trist er at kontoen min desperat prøver å sette begrensninga for meg, men eg let meg ikkje hindra!! :D

onsdag 29. oktober 2008

romantikk

eg er litt anti-romantisk. det vil sei, at når ting blir såkalt romantisk så frika eg ut. feks. har eg aldri likt å få blomster, stearinlys er æsj, fancy middag er teit osv osv. då vil eg mykje heller bli servert ein kald øl på sofaen, ete take-away pizza i senga mens ein ser film, erte-krangle, og få ein sms der det står nåkke morsomt. skjønna? eg vil rett og slett ikkje ha det som er klassisk romantisk. det får meg til å bli litt kvalm faktisk. 
feks: det mest romantiske med sex og singelliv er ikkje nødvendigvis big og carrie, men steve og miranda! der miranda frir til steve over ein utepils, ein formiddag i new york. sånn ska det være :) :) favorittfilmen min, når det gjeld romantikk, er reality bites. FAN-tastisk film. skulle tru den var laga spesielt til meg og mine sære preferansar. der har vi troy og lelaina, som hatar trynet på kvrandre, som alltid kranglar og kjeftar på kvarandre, og der han er den klassiske drittsekken som ligge rundt med alle, og aldri ringer tilbake. .......men samtidig så er lelaina den einaste som ser troy for den han egentlig er, og "avslører" han. og troy diggar lelaina, han berre tørr ikkje innrømme det for seg sjøl. eller ho.
men så ........... <3

i den filmen fins etter mi meining den søtaste historien, det beste film-kysset, den søtaste "eg elska deg"-scena, osv osv. og historien deira er fri for roser, fine middagar, og stearinlys. istaden har dei øl, pizza, og krangling ;)

"i want love, baby, love. and not trouble."


mandag 27. oktober 2008

nudge nudge say no mo-ahr

i dag må eg hate litt. det er ikkje heilt i tråd med min positive tankegang no for tiden. men likevel. det seie nåke om meg, does it nawt?

hatar:

-filmar som handlar om PISS og ingenting. havarerte ekteskap og trekantdrama ER ikkje god underholdning, sånn ER det berre, så slutt å LAG sånne filmar okei!!!!!!!!!!!!!!!!!!!???????????
-PMS. eg meina, seriøøøst? kan vi berre droppe den funksjonen jatakk? 
(og der kom vel egentlig forklaringen på koffor eg hatar ting i dag, haha)

OKEI, det var kanskje ikkje verdt å lage ei liste, når det alt i alt berre var to ting som skulle stå der, men. whateeeeeeeveer.

eg ventar framleis. på ............noko fint. sjølv om det skjer masse fint i livet mitt for tiden! eg e på nett med universet. har magiske tankar som berre flyr ut og hentar ting tilbake til meg. ein dag såg eg ein blåmeis. den finaste fuglen tenk! eg har alltid likt dei best, for dei har så søtt hode. men ein ser dei alt for sjelden. vil sjå blåmeisar overalt :) :) takk! 
ellers, ellers, fine ting.... hm.... vel.... jaja, ekje så nøye, eg e happy-happy uansett :) bortsett fra når eg sitte og hata sponsor-dama til dexter fordi ho er ei ho.. (JA, eg har fått dexter-addiction), og keira knightley fordi ho har sånn.....munn. sjå kor saklig eg er. 
anywho. 

"My name is geraldine, i'm your social-worker".




torsdag 23. oktober 2008

more than words

eg e litt tom for ord. trur eg. litt for mange tankeprosessar på gang samtidig i hodet mitt. litt vanskelig å sortere ut det som eg har lyst å sei :) rett og slett litt overload! derfor legge eg heller ut ein sang som eg hadde glømt kor godt eg likte, inntil eg høyrte den igjen i går. elska når det skjer. "ååååå! SANGEN min!" seie kristin da. det eg meinar med det, er egentlig berre at det føles som om den aktuelle sangen har klart å fange eitt eller anna vesentlig ved min essens. og at den seier meir om meg og min personlighet enn eg sjølv nåken gang kunne sagt. or so it seems......eg har ganske mange sangar etterkvart :)




ein sang seier meir enn tusen ord syns no eg. dessuten kan musikk også beskrive perfekt korleis ein følelse er. derfor trur eg at dei som likar dei samme sangane som meg, også opplever nåken av dei samme følelsane. det er fint :) det er umulig å sei koffor ein likar nåken sangar, og ikkje andre. eg berre får ein sånn instinktiv glad følelse i magen, eller omvendt. skulle gjerne hatt ein vitenskapelig forklaring på kva musikk er i stand til å gjere med oss, reint fysisk. det fins jo forsking på t.d. mozart som har vist at når ein lyttar til han samtidig som ein les til eksamen så lærer ein bedre......... but why? musikk har ein innvirkning folkens, og ikkje kast vekk tid på det du ikkje likar :) kem veit ke slags effekt det kan ha? ;)

Eg lar sangane tale for meg................

Dei 25 mest spelte sangane på iTunes'en min:

1. Songbird-Oasis (shocker)

2. Go let it out-Oasis (danse foran speilet pick me up-sangen min)

3. Mr. Rock and Roll-Amy McDonald

4. All my little words-Magnetic Fields

5. Crazy Love-Bob Dylan og Van Morrison (får lyst å ligge på magen til ein fin gut-sangen)

6. I don't blame you-Cat Power

7. Other side of the world-KT Tunstall

8. Lydia-Morten Abel (blir aldri aldri lei av den. hurra!)

9. The Masterplan-Oasis (frihet i ein sang rett og slett)

10. Yesterday-The Beatles

11. We could be heroes-David Bowie (eg kan klare ALT sangen)

12. Ooh La-The Kooks

13. Subterranean Homesick Blues-Bob Dylan

14. Never leave your heart alone-Butterfly Boucher (verdens beste glad-trist-sang)

15. Fix you-Coldplay (my heart....)

16. I feel it all-Feist

17. Suddenly I see-KT Tunstall

18. Black horse and a cherry tree-KT Tunstall (erobre verden sangen)

19. Dance tonight-Paul McCartney

20. You've got to hide your love away-The Beatles (deilig trist kjærlighetssang)

21. We can work it out-The Beatles

22. My moon, my man-Feist

23. Happiness is a warm gun-Joe Anderson (frå filmen Across the Universe)

24. Grow old with me-John Lennon (ein sånn sang med masse søte minner..........)

25. Intervention-Arcade Fire (versjonen uten orgel vel og merke. perfeksjon!)

.........dette blei nesten FOR personlig ;) sånn føles det.

onsdag 22. oktober 2008

beste på lenge

Glasvegas........... <3
beste bandet på lenge.
finaste sangen på lenge.

kristin har verdens mest primitive humor :D

http://upsidedowndogs.com/

tirsdag 21. oktober 2008

:)

cat
more animals

mandag 20. oktober 2008

dear universe

ønskeliste:

-bil (lappen først kanskje)
-hus
-kreativ utfoldelse 
-jobb
-mann
-barn
-hund

...........takk!

søndag 19. oktober 2008

dagens sang


The Cardigans-For what it's worth

fredag 17. oktober 2008

dagens

verdens beste firmanavn

gull :)



enda ein godbit eg ikkje klara meg uten ;)

torsdag 16. oktober 2008

musikk og bilde

eg e ein fantastisk stor fan av scener frå film/musikkvideoar, der sangen og handlingen på ein eller anna måte laga eit magisk øyblikk som gir meg gåsehud, tårer i augene, gledesklump i magen osv. her er tre av mine favoritt-snuttar, som eg ikkje kan la være å bli rørt av. kvar gang.


Frå filmen Grace of my heart:



Frå Before Sunrise (Favorittfilmen min.)



Sex og singelliv....



onsdag 15. oktober 2008

vil til hellas.... <3



ja, eg drøymer meg vekk til ei gresk øy. skulle gjerne budd eitt år i eit lite kvitt murhus, ved ei lita havn, i ein liten by, i hellas. i filmen mamma mia feks, der er alt heilt perfekt. når eg såg den filmen fekk eg lyst å hoppe inn i den og bli med å hoppe, danse, synge, bade osv osv. 

ta meg med til ei gresk øy. no.

tirsdag 14. oktober 2008

"Being aware of your crap, and actually overcoming your crap, are two very different things."
-Christina Yang

mandag 13. oktober 2008

San Jose....

"...well you're still so young
but you feel so old
it's just the things you been through
that are making you cold.

i think your going to turn soon
gotta be careful with my moves
just might loose you for good..
listen i can't fight your demons 
cause i'd have to fight you,
cause there so far inside you 
and i just can't seem to get through
it ain't none of my business 
it ain't none of my place
but i still had to try."

Joe Purdy-San Jose....fine sangen.

søndag 12. oktober 2008

framtid? anyone?

kristin likar ikkje å tenke på framtid. å ta ein beslutning om nåke som helst er mitt største problem. eg er eit offer for vår samtids individualisme og framandgjering, samt at eg har ein brist i den ontologiske tryggleiken. 
ha.
sosiologi folkens. look it up.

lørdag 11. oktober 2008

i dag har eg:

-fått kjeft av sjefen
-nesten begynt å grine på lageret etterpå
-vore vitne til at ein full gammal mann skjelte ut ein søt liten gutt for INGEN grunn, så den lille gutten blei så vettskremt at han grein i ti minutt etterpå. 
-handsama ein full gammal mann som prøvde å kjøpe øl av meg
-vist omsorg (!) for ein full gammal mann, som til slutt var snill som eit lam
-fått kjeft av kunde som var bunnlaust skuffa over det meste egentlig
-gjort trettitusen ting samtidig

og atpåtil vore fyllasjuk.......... ikkje ein bra dag så langt med andre ord! men no skal eg kose ræva av meg resten av dagen! for eg har snop, film, greys anatomy, god middag, rosa pysjamas, fanta b'good, og masse meir fint :) 

torsdag 9. oktober 2008

jobb... always a pleasure.

du veit du har hatt ein bra dag på jobb når du omsider er så lei av å banne, at det einaste du gidda å bruke energi på å sei til deg sjøl når ENDA ein ny artig "krise" oppstår er: FITTEKUK. 
eg trur eg sa det ordet 79 gonger i dag. 

det var ein sånn dag der alt som kunne gå gale gjekk gale, når det ikkje måtte gå gale. hurra for det! i tillegg så pisseregna det akkurat når eg skulle gå heim. store feite kuk-dråpar som plaska seg ned på heile meg, og eg gjekk og sutra for meg sjøl, og ikkje ein gang bob kunne redde meg frå fortapelsen. på sånne dagar er det berre ein ting eg får lyst til, og det er å ligge under dyna med ein fin film og ete eitt eller anna usunt. men det har eg vel egentlig gjort nok i det siste.
men men. det var tross alt ein dagen derpå. ke kan ein forvente? i går var eg shjempe sånn der full. sånn går det når ein e på quiz og får mannen til å spele alle dei beste sangane som fins der ute, og til og med møter folk som har akkurat dei samme favoritt-sangane som du har. då er det lett å pilse seg litt forbi det som er fornuftig, og tenke at livet er til for å bøllast med ;) spesielt når trine gir meg øl, og er søt, som ho alltid er. and her hair was still red :) (hei trine!)
eg hoppa og spratt meg bortover bryggen mens beach boys, the byrds, beatles og bob sang til meg, og torunn dansa meg i møte og vi lo masse. 

trur eg <3 

søndag 5. oktober 2008

forelska!

pleeease kan eg få ein sånn ein?


cuteness!























du skal være MIN og du skal heite PUS ;)

lørdag 4. oktober 2008

:)

i dag likar eg:

-å kjøre med tog
-the cardigans
-å drikke vin i badekaret (makes me feel like a moviestar, what can i say)
-å drikke vin
-å ha verdens søtaste tjukkaste sovande kanin på magen
-å være heime aleine på voss
-bob (dylan)
-sjokolade
-jakten på kjærligheten (as in tv-programmet)! 
-haust
-elektriske blikk
-rømme (på ALT)
-DYRDAL mat, på voss (ein av dei få gjenlevande søte dagligvare-butikkane, som IKKJE er oppkjøpt av coop e.l.)
-hender
-store tekoppar frå laura ashley
-brillene mine
-invitasjonar til vorspiel (sjøl om eg ikkje kan gå på dei)

 osv osv osv :)

good times! 

fredag 3. oktober 2008

fredag

ein kan prøve så hardt ein berre kan å være positiv og tenke positivt. men av og til går det berre ikkje. .....ting eg IKKJE lika (akkurat i dag):

-fredag uten mål og meining
-kollektiv
-tom konto
-"kjærlighet"
-ensomhet
-mobilen 
-DENNA følelsen. 
-deg.

Soundtrack: Where happiness lives-Magnet, og Blind Willie McTell-Bob Dylan.

håpa du har ein bedre kveld enn meg :)

i'm not there


Jim James' versjon av Goin' to acapulco, frå I'm not there. 


sjå filmen. sjå den.

............p.s. eg vil gjerne ha ein sånn begravelse. ikkje for å være makaber. men å ligge i ei kiste med blomster rundt hodet mens han deilige mannen der synge going to acapulco, utendørs i deilig høstvær, kan ikkje være så alt for gale.

torsdag 2. oktober 2008

onsdag 1. oktober 2008

av og til lurar eg ekstremt på korleis dei som kjenne meg best ville beskrive meg, til nåkken som ikkje kjente meg. korleis ord ville folk brukt om meg??
korleis ER eg? i følge andre.... det hadde vore kult å visst :) men sikkert til det beste å aldri vite. 
i dag er ein sånn dag der tiden berre går, uten at eg veit heilt ke eg drive med. litt sånn fraværande i min egen hjerne kan du sei. no skal eg visst snart på jobb og. uten å ha utretta eit gram med fornuft på forhånd. 
men snart er det helg, og eg skal ha fri. det får være ein bra nok plan!

"beauty walks a razors edge, someday i'll make it mine."