torsdag 30. desember 2010

happy new year!


til dikka som ikkje har sett meg på ei stund, eg ser gjerne litt sånn ut. no stikke eg til hel.. vekk frå voss, og skal være ilag med dei eg lika aller best i nyttårshelga. punktUM.

lørdag 18. desember 2010

ja det var hallo

eg har ein tendens til å halde ut uhaldbare situasjonar alt for lenge. ein kan kalle det å være treig i oppfattelsen, eller alt for tolmodig. i don't care. men no e det faen meg nok! VOSS KAN BRENNE. ikkje huset vårt, men resten. eg drite så JÆVLIG i denna plassen. og eg blikje her ein DAG over nyttår. (eg må antageligvis jobbe t.o.m den 13. januar, men det og kan BRENNE). eg e så jævlig lei av å sitte her som ein idiot kvar jævla lørdag, og eg FATTA ikkje koffor eg utsette meg sjølv for sånne patetiske stunt som detta. eg DØR jo faen meg av å bu her.

takk for merksemda. 

lørdag 11. desember 2010

melodrama!

no skal eg være jævlig negativ og melodramatisk og deprimerande, og sei ALT med ein video.

...nei, det skal eg faen meg ikkje... men viss dikka likevel lura, så fins den her.

lørdag 4. desember 2010

verdas beste mommo

i det siste så har slektningar påstått at eg har blitt meir og meir lik på mommo:





nåkke eg syns er heilt greit og veldig stas, for ho var relativt pen i mine auge.
mommo var den klassiske BESTE bestemora du kan tenke deg. ho hadde alltid snop på lur i skuffer og skap, og eg fekk lov å ligge i senga hos ho om morgonen og bli lest bok til, mens mofa fortsatt låg og snorka atmed oss. ho lærte meg å bake kaker og bollar, å strikke, å lese trur eg, og å løyse kryssord i Hjemmet ;) eg trur ho las samtlege Nancy Drew aka Frøken Dekkdekktiv til meg, og samtlege Mormor og de åtte ungene. ho var SUPERkos. og sjølvsagt var ho den første av besteforeldrene mine som forsvann. eg var berre 10 år då, og ho var berre 66. ettersom vi bur i det samme huset som ho og mofa budde i, blir det til at eg tenkjer på dei ganske ofte. dei var eit heilt absurd kjærestepar, det skal seiast ;) trur ikkje det var snakk om nåke ekte kjærleik der nei. men jammen kunne dei å lage kos og hygge rundt seg, og å ta vare på familien. savn! savn savn savn.

fredag 3. desember 2010

facebook-opplæring.

i fare for å være like provoserande sjølv, som alle andre er. detta må seiast, eller så kjem eg til å eksplodere og kaste macbooken min gjennom vindauget og ut i snøen.
når folk skrive statusoppdateringar om julevask på facebook, så får eg lyst å legge meg ned å HYLE. lat meg forklare.
dersom du i løp av ein heil dag med tankar, meiningar, humor og tårer destillerar det ned til "då var kjøkkengolvet klart til jul!" så gir du meg inntrykk av at du er ei 49 år gamal husmor uten personlighet. heilt seriøst. eg spør meg sjøl, for det første: er det JULEVASK som best skildrar deg som person?? VIRKELIG???? det kjekkaste med facebook er jo at ein kan gi andre eit glimt av personligheten sin. at ein kan underholde andre med å vise kven ein er. og då tenkjer eg at det MÅ no være nåkke anna folk kan sei, som er LITT meir relevant????? eller ER det verkeleg slik, at når ein får ungar og hus og jobb og alt det der som eg ikkje har og difor ikkje kan forestille meg, så blir ein heilt hjernedau? ER DET?? VISS NEI, SÅ HAR DIKKA ALL SJANSE I VERDA TIL Å MOTBEVISE MEG OG GJERE FACEBOOK MORSOMT IGJEN! viss ja: vil eg aldri aldri aldri aldri ALDRI bli vaksen.

lørdag 27. november 2010

hope is a bastard

Ben Folds/Nick Hornby – Picture Window


Checked into the hospital New Year’s Eve;
Nothing to be done about that.
Rainbows, daffodils, she’s not naïve—
Symbolism’s all crap.

There’s a big picture window in the room on the ward
With a view over Parliament Hill,
But the view offers more joy than they can afford
When there’s this much pain to kill.

You know what hope is?
Hope is a bastard;
Hope is a liar, a cheat, and a tease.
Hope comes near you; kick its backside.
Got no place in days like these.

At dusk, the darkness surrenders to color
As the fireworks streak the sky,
And their window gives them the prettiest picture;
Their useless luck makes her want to cry.

Then it turns midnight;
The sh*tty whole year's spent.
Another mom gives her some sparkling wine,
And she nearly gives into the moment
But he’ll still be sick in two-thousand and nine.

You know what hope is?
Hope is a bastard;
Hope is a liar, a cheat, and a tease.
Hope comes near you; kick its backside.
Got no place in days like these.

And just as she’s thinking
Of pulling the blind down,
A rocket bursts in front of her eyes.
The city’s lit up London's given a black crown
And she tries and fails to stop—
Her spirits rise…

You know what hope is?
Hope is a bastard;
Hope is a liar, a cheat, and a tease.
Hope comes near you; kick its backside.
Got no place in days like these.

You know what hope is?
Hope is a bastard;
Hope is a liar, a cheat, and a tease.
Hope comes near you; kick its backside.
Got no place in days like these.

torsdag 25. november 2010

GIMME!

EG TRENGE EIN PLASS Å BU FRA 1. JANUAAAAR! KAN NÅKKEN BERRE ORDNE DET FOR MEG!??!?!?!??!
OG SÅ VIL EG HA MASSE PENG!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

onsdag 24. november 2010

frekke folk!

at folk GIDDA å være frekke når dei handla, e eit mysterium eg ALDRI kjem til å forstå. her tilbyr vi dei bonuskort, som dei kan velge om dei vil gidde å ta imot, og så får eg faen meg berre PES frå ende til anna!
"ka e VITSEN med detta her då? viss ikkje da e slik og slik og slik, so e da jo ikkje nåke VITSI!" jaja, whateveeeeeeeer!!!!! drit i å ta imot det da vel!
i dag var det ei som høglytt skjelte ut konseptet til meg. eg e vant til å ta imot drit, men asså... slapp no av!!! det vart så gale at han bak ho i køen ikkje klarte å dy seg, så han sa høgt og tydeleg når det var hans tur: "og her sitte du stakkar, og må ta imot all driten!" sånn at ho første dama høyrte det. det var deilig ;) då vart ho sjølvsagt endå meir opphissa, nåke eg satte stor pris på ;) neeei. eg gir opp.

ellers. vil eg gjerne ha ein katt, ein kjæreste, eit hus og ein ny jobb :)

søndag 21. november 2010

valg.

eg har høyrt at mennesket er det einaste levande vesen som går villig inn i farlige situasjonar, sjølv om instinktet vårt seier "fare!"... det syns eg er fascinerande å tenke på. mens løver og flodhestar og ulvar stikk av dersom dei føler seg trua, så går vi menneskje rett uti ting vi er redde for. dette er både bra og mindre bra...trur eg. vår alles kjære Oprah meiner stadig at vi kvinner må bli flinkare til å lytte til instinkta våre. spes når det gjeld skumle menn som vil oss mindre kjekke ting. ein gang fortalde ho om ei dame som følte faresignala komme springande, då ho skulle inn i huset til eks-mannen sin og hente ungane sine. ho merka at han ikkje var seg sjølv, og ville ikkje gå inn, men ho måtte jo.. så ho gjekk inn, og mannen drap ho nesten... ok. ke skal eg liksom tolke ut av det? at kvar gong eg kjenner meg usikker på ein situasjon, og tenkjer "hm...er no dette så lurt" så skal eg springe og gøyme meg istaden? i så fall hadde eg brukt mesteparten av livet mitt på å ligge under dyna...

eg veitsje. å velge er for meg blitt umulig. og magefølelsen på kva som skal skje framover er fråværande. eg er ikkje designa for å måtte bestemme over livet mitt... for eg veit ikkje kva eg vil. eller, det eg vil blir som oftast til ingenting...

og så snart eg bestemmer meg for noko, så ombestemmer eg meg...

kanskje eg er ein hybrid, midt mellom dyr og menneske, som ikkje har instinkta på plass. sånn at eg aldri kjenner fare når eg burde, og overproduserar den når eg ikkje treng... sånn føles det.

mest av alt skulle eg ønske at nåkken andre kunne bestemme for meg.

torsdag 18. november 2010

den siste veka

har gjerne vore litt slik.





det er alt eg har å sei om den saken.

lørdag 13. november 2010

when the fat lady sings

jada. så sitte eg her da. på voss. ein lørdagskveld. i min beste alder. ilag med mamma og pappa. og JA, eg har valgt det sjøl, så eg skaaaaakje klage. men herrefreeeed så lyst eg har! mitt einaste håp er å vinne i lotto, så eg kan flytte tilbake til bergen uten å dø av panikk-angst for dei økonomiske følgene. prøver å motivere meg sjøl ved å tenke at herfra kan det berre gå oppover. jadda! nei.. egentlig kan ting bli mykje verre. så det er ikkje heilt sant. jaja. anywhos.
skulle gjerne hatt detta huset i fred ein kveld. berre EEEEEIN kveld. men visse persona i min familie har absolutt ingen fritids-sysler, så eg er jo stuck med dei 24 tima i døgnet. kan ikkje hugse sist gang eg var aleine heime. rett og slett ikkje.
"der vaaa ho!"
"ikkje snakk så høgt."
her om kvelden krangla eg faktisk med pappa fordi at eg kom i skade for å få melding akkurat når liverpool scora, og når eg får melding så skurra tv-signalet av og til. og pappa berre "da vakje enkelt å sjå fotball i kveld!!!!!" og eg berre "....STAKKARS deg...." og han berre "jammen altså!!!" og eg berre: "jammen for i helvete!! du SER ikkje på ein gang!!! du sitte jo berre her og TYTE!!!!!!" pappa skur dermed AV fjernsynet og går ut på kjøkkenet og kom aldri tilbake til stova. LOOOOOOOL. EG HAR EIN HÅRSÅR PAPPA. berre sånn at dikka veit det. eg og mamma satt igjen og lo litt. jaja. det var jo faktisk han som begynte. og siden har han vært sur. heilt sant.

no er det taco, sjøl om pappa laga den HEILT feil, og rødvin. og einsemd. og litt depresjon. og biiitttelittegranne kjærleikssorg. men det e så lite at deeet godkjenne vi. HAHA, ok det var ironisk.

onsdag 10. november 2010

jada

siden sist så har eg faktisk vært i london. og det var akkurat så fantastisk som eg visste at det kom til å bli. faktisk. i heart london liksom. eg hadde flytta dit i mårra viss eg hadde hatt ein trillion penga. for det e dyrt å bu i london. men alt det andre er billig. ettersom england ikkje e så flinke å passe på økonomien sin. uansett. london var litt sånn:












og til framtidig referanse, så skal eg tilbake så fort beina (evt norwegian) kan bære meg!!

søndag 24. oktober 2010

framleis ingen motivasjon

for kvifor skal eg skrive masteroppgave i eit fag som ikkje gir meg nokon jobb uansett? eg ser dystert på mi framtid som sosiolog, og innser at eg allerede har gitt opp å bli det. rett og slett. there, I said it.

eg hakje lyst å bli sosiolog. aller helst vil eg berre spole livet tilbake til tiden rett etter gymnaset, og velge ein utdanning som faktisk gir resultat i ein fast jobb. og så være i den jobben no. kan nåkken ordne det, så hadde det vært fint. fytti grisen så negativ eg e for tiden. HJELP. hjelp hjelp hjelp. kunne eg ikkje berre blitt KE som helst anna enn sosiolog???? FAKK IT!!!!!!!! eg kjem aldri til å få ein god jobb, eg kjem aldri til å få nåkke hus, eller bil, eller mann eller nåke som helst. sånn. då var det bestemt.

HADET.

lørdag 23. oktober 2010

irritasjonsbobla

ting som irriterar meg, som eg berre burde lære meg å takle ;)

på jobb:
-kundar som omtrent hoppar bak kassen for å kunne sjå alt eg slår inn, og står og heeeng over meg for å kontrollere at eg slår inn riktig type bananer osv. "detta var dei bananene te 9,90." Å NEIMEN VAAAAR DEEEET, DET SÅG EG IKKJE DUUUUU!! piss off.

-folk som er så stressa at dei må MOSE alle varene oppi posar helst FØR eg har slått dei inn, og til og med faktisk tar ting ut av hendene på meg. desse er også ofte dei samme som pratar intenst med nabokunden samtidig ("nai! e da DU so e ute og handla?!?!?"), og som slår feil kode på kortet, og som blir heilt fjerne dersom du spør dei om dei treng kvittering. "vil du ha kvitteringen?" *glor intenst ut i lufta* ....laaaaaaaang pause............ "hm?" "kvittering." "eeeeeeeeeeeeeeeh, *ser ned på varene dei har kjøpt* neeei. ......ELLER JO!!!! JO! VISS DET IKKJE ER FOR SEINT DA?!?!?!??!" *sukk*

-folk som trur dei har dei meir travelt enn alle dei andre som står i kø og ventar. kudos til min kollega som faktisk snakka t ei slik ei her om dagen ;) noko eg alltid har drøymt om, men aldri tørr. desse ber gjerne om at du tek ein ekstra kasse, når du har armane FULLE av papp og läkerol, og det berre er TO kundar i den kassen som allerede er åpen. DÅ fåkje du nåkke smil av meg asss. "takk ska du ha, eg ha da SO travelt, ehehe!" "MHM. fett for deg. gå vekk plz."

-folk som svarar sarkastisk overhyggjeleg tilbake når eg seier "hei :)" ..feks. "HEISAANNNheisann DUUUU..!!" evt berre svarar med eit grynt. "ghM". ....fakk aff.

-folk som seier: "JA SO STORE LOMME HAKJE EG!!!!!!! HEHEHEHEHEHEHEHEHE". når eg spør om dei treng eit par posar til dei ni hundre varene sine. ....berre sei jatakk. ok? eg berre, orkakje reagere på sånt lenger.

ny jobb anyone?

torsdag 21. oktober 2010

motivasjon...ein sjelden vare

akkurat no har eg møtt ein ørliten motivasjons-mangel-vegg. dunk sa det. og dei siste vekene har eg ikkje så masse som rørt masteroppgava mi. og eg ser ingen umiddelbar tendens til at det skal betre seg. det føles berre heilt utrulig uvesentlig og unyttig å skrive den, og eg vil heller jobbe på Meny enn å sitte å skrive. crap.
kva gjer ein med slikt? TELL ME!
eg har alltid vore relativt samvittighetsfull når det gjeld skulearbeid, men no står eg ovenfor ein umåteleg stor trang til å berre gi opp. drite i. være uansvarleg. gjere noko totalt anleis og sært, som ingen har trua på, og likevel ende opp med stor suksess og rikdom :) eg ser avisoverskriftene for meg: "dreit i master, vart millionær!" det gir meg ein fryyydefull følelse å skulke unna den oppgava.... fryd i tell you.

ting eg heller vil gjere enn å skrive masteroppgave:
-skrive suksess-roman og bli kjemperik.
-bli veterinær
-bli jordmor
-reise til utlandet og bli der
-jobbe med kva som helst, 9-16, så eg i det minste føler at eg har ein funksjon i samfunnet
-produsere avkom
-bygge hus
-drikke meg drita

(uvesentleg rekkefølge på den lista der, alle punkta er like høgt prioritert).

mandag 18. oktober 2010

"men det fins eit håp!"

ok. no skal eg prøve å sei nåkke.
det er vanskelig å sei nåkke uten å sei at den siste veka har vore veldig trist. men eg føler eg ikkje kan utlevere masse om det her, av respekt for dei som står midt oppi det tristaste av alt, nemleg å miste mammaen sin. men vit det, at empati har fått ein ny betydning for meg, og at min beste venn har det supertungt akkurat no. send han gjerne ein heil HAUG med gode tankar og klemmar <3

når sånt skjer, så blir alt plutselig litt anleis, og alt ein har tenkt om det meste endrar seg litt.
og likevel så fortsetter alt å være det samme, og det er ganske rart i grunn.
min tilværelse som nomande fortsetter, med reising hit og dit, og aldri før har eg hatt SÅ lyst på ein heim som berre er min. eit hus! ein plass eg skal bu lenge, og ikkje berre for ein periode! ein plass som det skal være kvardag og helg i, og jul og nyttår, og vår og sommar, og ingen skal flytte og ingen skal reise, og alle skal berre bli der. det er mitt rare lille håp, og at nokon vil bu der ilag med meg sjølvsagt :) slike ting drøymer eg om no. heilt vanlege, udramatiske, trygge omgivelsar. der eg kan bu lenge :) og der det skal aule av kattar og babyar og alt sånt som er koselig og kjekt og slitsamt på samme tid :)

fred og kjærleik frå meg.

søndag 17. oktober 2010

kattepus.

eg har ingenting å sei. derfor får dikka ein pusekatt-overdose istaden. for det er tross alt det beste som fins.







onsdag 6. oktober 2010

voss...

mandag 27. september 2010

ein heilt vanlig dag

i dag har eg vore:
forelska, oppgitt, deprimert, optimistisk, glad, engasjert, lei og trist. ein heilt vanlig dag med andre ord. akkurat no har eg nok mest lyst tiiiiiil... å reise langt langt vekk, og kanskje aldri komme tilbake til norge. eller jo, eg vil komme tilbake når eg har lyst. men ikkje eit sekund før.
ein ting som faktisk klara å muntre meg opp for tiden, er cougar town. feelgood all over the place. eg skulle ønske eg var ein av dei. eg skulle ønske ein heil del var anleis, og akkurat i dag er alt berre ganske grått. men det er typisk kristin å sjå litt grått på ting.

Les Misérables

etter å ha vokst opp med ein mamma som digga musikalen Les Misérables, så blir ein nødvendigvis litt miljøskada. Ho var med i kor som sang den, og ho såg den på video sikkert ein gang i veka, og eg blei med og såg den i London ein gang. Eg hadde neeesten glømt at den eksisterte, men forrige veke gjenoppdaga eg den sangen her, og fekk så masse gåsehud at det var heilt umenneskelig. difor:



There, out in the darkness
A fugitive running
Fallen from grace
Fallen from grace
God be my witness
I never shall yield
Till we come face to face
Till we come face to face

He knows his way in the dark
Mine is the way of the Lord
And those who follow the path of the righteous
Shall have their reward
And if they fall
As Lucifer fell
The flame
The sword!

Stars
In your multitudes
Scarce to be counted
Filling the darkness
With order and light
You are the sentinels
Silent and sure
Keeping watch in the night
Keeping watch in the night

You know your place in the sky
You hold your course and your aim
And each in your season
Returns and returns
And is always the same
And if you fall as Lucifer fell
You fall in flame!

And so it has been and so it is written
On the doorway to paradise
That those who falter and those who fall
Must pay the price!

Lord let me find him
That I may see him
Safe behind bars
I will never rest
Till then
This I swear
This I swear by the stars!

GAVROCHE
That inspector thinks he's something
But it's me who runs this town!
And my theater never closes
And the curtain's never down
Trust Gavroche, have no fear
Don't you worry, auntie dear,
You can always find me here

onsdag 1. september 2010

om foreldre

foreldre:

-likar å prate, helst med veldig engasjerte stemmer, veldig ute etter respons på det dei seier. aller helst likar dei å prate om dei samme tinga dag etter dag. fartsgrensa i sivlevegen t.d. dersom dei ikkje får særleg respons, finn dei ein an måte å formulere seg på for å understreke kor fantastisk/forferdeleg noko evt. var, medan dei ser deg intenst i augene.
-pratar helst akkurat når det passar minst, fordi dei trur eg kjedar meg og treng underhaldning.
-spør i dag kva eg skal neste helg. (som om eg veit det.)
-spør ein gang til.
-spør om eg skal på jobb i morgon.
-spør tre gonger til (eg tøysa ikkje)
-skryt uhemma over ting eg lagar til middag, fordi dei har gløymt at eg er 26 år og har laga middag i over 10 år på eiga hand (HAHAHA, AS WE SPEAK SÅ SKRYTE MAMMA AV AT EG HAR STEIKT KJØTTDEIGEN SÅ BRA! nice timing)
-kjem og hentar meg på jobb med bil KVAR dag, sjølv om eg insisterar på å gå heim.
-reagerar med sjokk og vantru dersom eg tar meg eit glas vin på ein tirsdag. i så stor grad at eg ikkje orkar å prøve meg igjen på ei stund. har enno ikkje bestemt meg for om det er bra eller dårlig.
-tek fram kikkerten og utforskar alt som skjer så fort det skjer noko
-tel kor mange gonger ein bestemt traktor køyrer forbi huset i løp av ein dag (fordi den bråkar slik)
-spør alltid om eg er lei meg akkurat når eg er mest lei meg og ikkje tåler det spørsmålet, for då begynna eg å grine
-er litt søte og.

mandag 30. august 2010

kjøre biiiil! :D

i dag skulle pappa liksom gi meg ein utfordring... han la ein gul refleksvest på parkeringsplassen, og så skulle eg rygge sånn at eg stoppa med venstre bakhjul oppå den, og fekk berre lov å sjå i speglane. okei, sa eg. så rygga eg ekstremt elegant, og stoppa akkurrrrat oppå den, sånn som eg skulle. så jubla eg litt, og pappa trudde ikkje sine eigne auge, så han måtte teste meg ein gang til, men no med motsatt hjul osv. så eg gjentok like godt suksessen, og landa midt oppå vesten med hjulet mitt. jepp. berre ring meg viss eg skal rygge ein plass...

i helga bygde eg faktisk eit tak og. med spikerpistol. det ekje måte på ke eg får til ;)
berre sjå her!







kristin, taktekkjar og bilkøyrar. that's me. med rosa joggesko.

onsdag 25. august 2010

meir ting å like

i forfjamselsen glømte eg å nevne glad-nyhende nr 2 i dag!
verdens mest fascinerande forfattar, Scarlett Thomas har nemlig pluttttselig komme med ei ny bok til meg! uten at eg visste om det. eg kjøpte den straks på min kjære Kindle-app, og las masse i natt for eg fekk ikkje sove uansett. boka heiter Our Tragic Universe, og eg elskar den unconditionally, eit ord eg har gløymt kva heiter på norsk akkurat no...seriøst... jaja.
viss dikka vil lese ei anna bok som er så bra at du nesten dør, så anbefalar eg The end of Mr. Y. samme dama. ho e relativt intelligent og seriøst filosofisk. og så klara ho å blande det mest daglegdagse med det meeeest fantasifulle du kan tenke deg. og så blir det heilt perfekt...

i will be appled!

hei!

etter møysommeleg tråling av internettets samtlege tilbud i form av mobiltelefonar, måtte eg til slutt innsjå at det einaste som var godt nok for mine ømfintlege, og overestetiske auger, var ein iPhone. så da kjøpte eg det. og det var rett og slett veldig lurt. det som overraska meg, er kor store protestar denne enkle vesle beslutningen har fått, frå nære og kjære. motstandarane av iphone blir liksom heilt paniske dersom du nemner at iphone kicks ass. why? drive eg og stressa rundt berre fordi at nåkken andre kjøpe htc (som eg sjøl har hatt i eit år no)? nei, herrefred, det gjer eg faktisk ikkje. htc er supre telefonar, rett og slett. MEN. alle dikka som syns at android e uslåelig, dikka HAR eit poeng når det gjelde ALT ANNA ENN DESIGN. android hakje gadda å bruke meir enn tre min på å lage ikon og menyar. men for dei som trenge ein mobil som e så funksjonell at du får heilt dårlig samvittighet over kor lite du faktisk får til sjølv, som menneske, så værsågod.
gi meg heller nåke som e så bra at ein ikkje trenge å endre på det. nemlig, iphone. ingenting gleda meg meir enn supert grafisk design, så koffor skal eg ikkje få lov å nyte det? idiotiske android-freaks som alltid skal disse iphone.. leave me alone! og kos dikka med white trash mobilane dikkas. lol ;) (sorry, no synke eg ned på andriod-folket sitt nivå, men eg e berre så jævla lei av at alle skal snakke piss om iphone. mens eg heilt rolig akseptera alle andre sin hugnad for android. VEL, NO E DET NOK! ET DRIT!! har dikka mindreverdighetskompleks heile gjengen eller? når til og med mannen på expert seie: IKKJE kjøp iphone, så begynna eg nesten å lure.) det han egentlig tenkte var "NEEEI, IKKJE KJØP DEN FOR DA BLIR DU KULARE ENN MEEEG" ;) assface. skal gå inn igjen til han og trykke iphonen min opp i trynet på han til han får magesår og blør.

når eg sa til ein viss person at eg ville ha iphone var reaksjonen såpass kvass, at eg faktisk blei fornærma. og ke e det for nåke? berre fordi eg har ein anna hjerne som sette pris på andre ting enn han? skal det å sette pris på god design framfor überunødvendig funksjonalitet være mindre akseptabelt? koffor? ved seinare høve har eg til og med fått tilsendt avisartiklar som heiter sånt som "derfor elsker vi android!" på mail osv. og blitt leksa opp om kor dårleg kundeservice apple har, og mangelen på multitasking osv osv osv. koffor bryr folk seg?!!!!!!!!! eg lika iphone. så piss off.

torsdag 19. august 2010

typpisk dagen derrpå

sliten. svolten. og voldsomt lyst til å sovne på nåke(n). kanskje mens eg blir klødd i nakken.
bergen og øl i går kveld, stor suksess! rart å være tilbake i byen, berre på besøk liksom. life is weird.
no ligge eg på sofaen og har tenkt å bli her ei stund. pappa skremte meg med å skulle tapetsere rommet mitt istad, men trur han skjønte relativt kjapt at det ikkje var dagen for slikt. heldigvis.
lyst på cola og snooooop.
i will go away now. hotel cæsar is my friend.

mandag 16. august 2010

:) babykos og ingvildkos

på søndag fekk eg besøk av ingvild og nias. i hearted it.
håret mitt gjer så masse rart på detta bildet at eg nesten ikkje orka å ta stilling til det, men det ekje det som e poenget. poenget er at søndag var ein skikkelig fin dag :)

onsdag 11. august 2010

nammen åååå......


pusen heite Lisja... og er verdas goaste. 

tirsdag 10. august 2010

...and how to live it

onsdag 4. august 2010

notabene

eg ser i etterkant at bloggen i går høyres meir dramatisk ut enn godt er ;) den skumle mannen er fortsatt ein drittsekk av beste kaliber, men det dreiar seg om noko relativt ufarleg og materialistisk. så ikkje tru eg har blitt voldtatt eller nåkke sånt. ok?

i dag er eg ganske glad, fordi eg skal treffe astrid i mårra :) :) vi skal drikke vin og sjå grease og mimre om gamledagar. verdens beste aktivitet med verdens beste venninne. hurra!!!! :D
mamma har bursdag i dag, og eg skulle være eksemplarisk dotter å bake skillingsbollar. men så virka ikkje deigen, og bollane blei berre heilt rare. dessuten lagde eg brownies på søndag, og dei virka heller ikkje! har ikkje bake-karmaen inne denne veka :/
o! har dikka sjekka ut Kindle? eg elska det! hurra for spontan-kjøp av deilige bøker, som ein kan lese på macbooken og mobilen i hytt og pine!!! har komme halvvegs i Sylvia Plath no, og likar det eg les.

no skal eg dagdrøyme litt. hadet på badet. ethan hawke (my all time favourite hunk) er forresten blitt hot igjen, på sine eldre dagar. berre sjå Daybreakers så skjønna dikka :)

tirsdag 3. august 2010

eg kjenner ein mann

eg kjenner ein mann som eg ikkje veit om eg kan tilgi. og det er ganske drøyt, for eg likar å tilgi.
denne mannen er så sta, grisk, egoistisk, utspekulert, kald og usympatisk som det går an å bli. likevel trippar han rundt, og lever sikkert eit heilt ok liv. uten å ta inn over seg kva han har gjort. dette som gjer at eg fortsatt i dag, 6-7 år etter det skjedde, kjenner at blodet brusar når eg tenkjer på han og alt rundt han. det vekker fortsatt så masse sinne i meg, at eg kunne slått han så hardt eg berre klarar, dersom han sto framfor meg. han stjal noko frå meg, som betydde veldig mykje. noko som framleis kunne vore ei stor glede i mitt liv, og som eg rett og slett savnar så mykje at det gjer fysisk vondt.
eg veit at denne mannen aldri kjem til å forstå eller endre sin måte å tenke på. så det er ingenting eg kan gjere for å få tilbake det han har tatt. derfor er det ekstra frustrerande. i tillegg til å stjele, så skryt han no av det han har. som han skulle ha delt. eg lar meg stadig sjokkere over denne mannen. og eg er framleis lei meg for det eg har mista. berre så du veit det. din jævla drittsekk.

eg beklagar den kryptiske historien... men sånn er det berre.

søndag 1. august 2010

sånn kan det gå

ok. føler meg forplikta til å oppdatere.
men veit ikkje ke eg skal vektlegge.
ok. pust. eg har no flytta til voss. på skikkelig. eg pakka ut av verdens beste leilighet i lille øvregate på onsdag, og for å være ekstremt ærlig så syns eg det sugde. skikkelig. så masse at eg måtte grine i ca ein time mens eg vaska kjøkkenet. OM det må ha sett tragisk ut. føltes som ein scene fra ein film. filma frå utsida av vindauget, med trist musikk, og så liksom berre zooma dei inn på fjeset mitt med mascara over ALT og tårer og snørr som berre flyte fritt, mens eg iherdig SKAL få vekk alle flekkane på disken. nok om det og sånn.
så kom eg til voss, og fekk på plass sofaen og teven på mitt nye rom her. då føltes ting...nesten levelig. så isolerte eg meg på det rommet under dyna i ca tre-fire dagar mens eg stirra apatisk på macbook-skjermen min. men eg har faktisk vore særs produktiv oppi heile den tragiske prosessen og. eg haaaaar...trommevirvel....fått meg jobb!!! men før dikka blir fryktelig glade og oppmuntra på min vegne, så skal eg informere om at nevnte jobb er på meny. meir matvarer altså. jaja. what can you do. no tenar eg i det minste peng. og dessuten er meny mykje bedre enn kiwi! på ALLE punkt.
ellerssss er humøret fryktelig dårlig for tiden, og det einaste eg egentlig har lyst til å er å stikke av til australia, italia, hellas eller kor som helst, ilag med dei beste folka som fins. på voss er det nemleg frykkkkktelig einsamt for ein stakkars liten bollefisk... i dag har eg brukt mesteparten av dagen til å lese Sylvia Plath - The Bell Jar. nok sagt.

i dag blei det visst august og. det betyr at eg skal begynne å jobbe med masteroppgava mi sånn ca i dag. men eg har ein følelse av at vi tar det i mårra.

onsdag 28. juli 2010

obsession

eg blir gal. eg har ein ting for mobiltelefonar. den eg brukar no har eg berre hatt i 9 mnd. og eg kjenne allerede at eg MÅ ha ein ny ein. koffor? ingen aning. den virka, eg hadde dritlyst på den når eg kjøpte den, og eg kan til og med ha spotify på den. eg burde vært lukkeleg. men istadenfor bruka eg timesvis på nettet, og trålar gjennom alt som fins av testar, tilbud, bilder, demo-videoar av ALT som fins av mobila. det e heilt forbanna sjukt. i. håve. min siste obsession e iphone 3gs. sjølvsagt. eg som aldri har likt den ein gang. NO ska eg plutselig ha ein. må ha må ha må ha. sjøl om alle seie eg burde drite i det fordi dei e så treige og gamle osv. nei. eg blir seriøst heilt gal i håve, for den perfekte mobilen som gir meg den perfekte følelsen, den fins ikkje. no ser eg ein parallell til det eg drive og prata om. så kan dikka tolke det korhen dikka vil. men det virka som min forbannelse i livet e å alltid ha lyst på nåkke bedre. meir. anleis. i allefall ikkje det eg har...

mandag 19. juli 2010

introducing...

voss.
i dette huset har eg vore på utallige feriar, feira ein heil haug med julafter og nesten like mange nyttårsafter, hoppa lengde på stovegolvet ilag med frode, sove i den vesle senga på det store soverommet ilag med mommo og mofa, plukka bringebær/epler/plommer/markjordbær, bygd hytte under spisebordet, spelt alle dei crazy brettspela som ligg på loftet som er frå 1950 og deromkring... og lista er masse lenger. no er det mamma og pappa som bur her. og huset er anleis, men fortsatt huset på voss. som eg er voldsomt glad i. viss det fins ein rød tråd i livet mitt... så er det dette huset.
her har vi det litt sånn: 





i hagen bur det ei kanin! ho heiter ingrid.










 hei ingrid! :D









på dette rommet bur som oftast eg. for dette er favorittrommet mitt. og morfar sitt, då han budde her. på dette rommet er det så mange bøker at det nesten ikkje er plass å sove. og så er det gammalt, og akkurat slik det alltid har vore. derfor er vi glad i det.









på kjøkkenet er det..rotete? men likevel, det ser litt sånn ut. her har eg baka masse masse bollar og kaker med mommo. og ho var verdens beste til å bake sjølvsagt. 












gangen har blitt fin og ny, og blå og kvit.











 i stova har vi utsikt
















på bordet har vi orkidéar

















og om hausten har vi plommer :) men dit hakje vi komt enda.




ps! når det er jul, ser det sånn ut, og er kanskje aller mest koselig.

søndag 18. juli 2010

omg

av og til kjem det ein eller anna sang og slår meg i bakken og forvandla meg til ein liten klomp av lykke. det skjedde i dag. voila:

viss dikka ikkje gidda å sjå den her, så høyr den på spotify:
Ray LaMontagne – Hold You In My Arms

eg insistera virkelig.

vestlandsturné

siden sist har eg:



først roadtrip til eid. så roadtrip til kråkenes fyr. så var det sogn sin tur, nærare bestemt kaupanger. fint vær første kvelden, så litt ymse so han sa. men fjelltur og alkohol vart det :)

akkurat no kjenner eg meg berre heilt apatisk, fordi eg har hatt så mykje fri i det siste. og virkelig ikkje løfta ein finger. så er eg litt sur fordi det ikkje er sommar-vær, sur fordi eg ikkje er ein an plass, sur fordi eg er sur, og så har vi det gåande. eg er aleine heime, har INGENTING å ta meg til, og syns alt berre er fullstendig meiningslaust.

so screw eet!! dessuten er eg sjuk og! forkjøla og tett i skallen. detta e tidenes kjedeligaste sommar. i kid you not.

lørdag 10. juli 2010

dagens setning

"It struck me suddenly that perhaps I had come a long way for nothing, to this magical place with this complicated woman, looking for an Englishman who might be on a bus trip to New York."




The Historian - Elizabeth Kostova
s. 204

onsdag 7. juli 2010

frå by til bygd

har bytta ut bergen med voss, og tykkjer det er svææært ok. her kan ein gå tur i over ein time, og ikkje treffe på fleire enn tre menneskje. det er bondegårdar, gras, åkrar, traktorar og fjellsider på alle kantar, og markblomster. det er godt å høyre vossadialekten i full vigør igjen, og eg merka at eg legge meg til ein litt breiare variant av kristin-speak eg og. og det er berre stas.
eg likar voss! og det er bra, for eg skal tross alt bu her ei stund.

tirsdag 29. juni 2010

godkjent, og ein dag igjen!

i dag blei prosjektbeskrivelsen min til masteroppgava GODKJENT! hurra!!!!! :D :D :D
ti minutt før eg fekk vite det, sto eg i dusjen og tenkte: jaja... i dag får eg sikkert vite at den ikkje blir godkjent...like greit...så kan eg lage ein ny ein som faktisk har nåkke for seg...sukk...og bruke sommaren på å stresse med det...jaja. life sux. og så kom eg inn på rommet og hadde fått DEN fine mailen. der det sto: prosjektbeskrivelsen er godkjent, og du har herved bestått SOS340. då hylte eg og ropte hurra, og satte på viva la vida og dansa rundt på rommet. så sendte eg melding til mamma, som ringte tilbake og ikkje klarte å forstå kor viktig og kult dette var, så ho oppførte seg berre heilt random. men faktisk, så burde ho ha vært LITT meir entusiastisk. pappa strekte seg til å gi meg ein sms-klem. jaja. heldigvis e eg flink å feire på egen hånd :D

kjøpte ei ny bok i dag. igjen. eg har ein tendens til å kjøpe alle mulige bøker, og så les eg berre tre kapittel før eg innser at forfattaren irriterar vettet av meg. så hiv eg boka på golvet mens eg seier "åååååååååårrrrrrgggggh". og stirrar apatisk ut i lufta. men i dag trur eg eg har funne ei bok som eg kjem til å elllllske. The Historian av Elizabeth Kostova. eg skal holde dikka oppdaterte om korleis det går ;) den er akkurat passe eventyraktig, mystisk og eg likar måten ho skriv på.
den verste boka eg har vore borti er Saman er vi mindre aleine. GRØØØØØØØØØØØØSS. eg orkakje ta i den boka. viiiik fråå meeeg.

no skal eg sjå cougar town og drikke kaffi! smask.
o! eg glømte å sei: i mårra er min SISTE kiwi-dag :D

søndag 27. juni 2010

pollen, i welcome thee

hei pollen! eg trudde vi hadde slått opp, men er glad du fortsatt vil være ilag med meg! det blir liksom ikkje sommar uten. ATSJOOOOOOHAIIIAIAIAIAI.
i dag har det i følge kristin vært ein perfekt søndag.
etter ein akkurat passe brisen laurdagskveld med line, sov eg godt i mitt nyleg mørklagde rom (takka være eit prosjektor-film-lerret). så vakna eg, og nekta å re opp sovesofaen min. på den måten kan ein nemleg ligge i senga heile dagen. dritkult! så drakk eg min vanlege halvliter kaffi, og fann ut at det var akkurat passe lenge sida eg hadde sett ringenes herre. så da trakk eg likegodt nedigjen rullegardin-lerretet mitt så det vart heilt mørkt inne. ute var det sjølvsagt strålande sol, men eg lot som det pisseregna, og kunne late meg med godt samvit. (ein blir gjerne litt lat på ein søndag etter to kveldsvakter på kiwi fredag og laurdag). så åt eg diverse snop og chips og is og aaaalt for alt for masse drit.
SÅ tok eg bybana!! stiilig. og ved enden fann eg hilde, ingrid og erik. så fekk eg tomatsuppe, og babykos. IKKJE til å undervurdere. SÅ fekk eg omvisning i nick sin nye leilighet OG ein deilig gåtur heim til sentrum. og akkurat når eg gjekk forbi den gata som eg elskar så kom songbird på ipoden og alt var perfekt.

fredag 25. juni 2010

the shoe-thing

etter eit par sånne, og eit par sånne går alt so mykje betre i kvardagen!
dei siste er så like dei ballettskoa eg hadde når eg var liten ballerina, at dei berre MÅTTE kjøpast. einaste som mangla e sløyfene i krisskross rundt anklane. men dei kan eg jo alltids lage sjølv om eg vil :) aaaaah, the pleasure of shoes...

torsdag 24. juni 2010

om coldplay

eg har eit heilt heilt sært forhold til coldplay. det er som om musikken deira berre ...ER meg. trur eg.
viva la vida albumet kom ut akkurat på eit tidspunkt der eg var heilt kaos. og så kom den plata og berre satte ord på ALT. med musikken og melodiane. og eg huska at eg berre tenkte JA. sånn e det å være meg. eller sånn e det. berre. dei har klart å naile korleis eg kjenne meg, når det e sommar og overskya sånn som i dag, og eg veit det kjem til å regne snart, og eg savna nåken som snart kjem heim. og korleis det e ein kald vinterdag, når du e alt for glad i nåken som ikkje bryr seg. dei berre VEIT, og så har dei laga musikk som seie det samme. korleis dei får det til e eit mysterium. men eg ELSKA dei, og det kjem eg alltid til å gjere.


One minute i held the key
next the walls were closed on me
and I discovered that my castle stands
upon pillars of salt and pillars of sand.

mandag 21. juni 2010

ting som gjer meg kvalm

-katrine moholt
-katrine sørland
-synging på tv
-god morgen norge
-folk som prata høglytt i køen på rema 1000 og som står ein cm bak øyret mitt
-rema 1000
-folk

ein sånn litt kjip dag

herregud, om 50 minutt må eg faktisk reise meg fra sofaen og gå på jobb. on the upside så er dette den ALLER SISTE MANDAGEN I HISTORIEN eg skal tilbringe på kiwi. sann mine ord :) :) aaah, that made me all warm and fuzzy inside :)

ellers. jo, fortsatt aleine heime. på randen til å bli smågal. hadde det ikkje vært for ein viss pusekatt, så hadde nok ikkje overlevd.


relativt høg kosefaktor. høgst naudsynt. finn det også naudsynt å ikle meg sambuars kle... det hjelpe litt på eit eller anna ubevisst plan. DET E DRIT Å SAVNE FOLK!
ok. fire kiwi-dagar igjen. FIRE. det e seriøst alt for mange. kan eg ikkje berre få lov å avspasere??
i dag slo forresten master-panikken inn.... til høsten må eg faktisk SKRIVE den på skikkelig. nåkke eg ikkje hadde planlagt i det heile tatt. uff og uff. og ikkje veit eg kor eg skal bu/jobbe ein gang. den sommaren her kan bli kaotisk. hope not.
eg tok og kjøpte meg ein malakoff-billett.

lørdag 19. juni 2010

bryllup!

eg feirar bryllup!
det gir meg ein god anledning til å drikke øl og ete jordbær før klokka fire, samt mykje smiling og dagdrømming ;)
skål for victoria og daniel <3 (og ein god klem til madde, som eg heiar på). eg er herved rørt.

onsdag 16. juni 2010

ein pus og eit pus

i dag er eg litt rar. litt trist. puset mitt reiser, og huset blir tomt og rart. heldigvis har eg ein ekstra pus til å holde meg med selskap.. :) ho er veldig fin, sjå!