torsdag 29. april 2010

bedre øyeblikk 2009

tirsdag 27. april 2010

tårer i augene

Å HERREGUD!!!!!!!!!!!

om facebook og sånn

"Vi som driter i hvor jævlig du har det, slutt å syt i statusen!"
....er ei gruppe på facebook. EG DRITE I AT DU DRITE I KOR JÆVLIG EG HAR DET! faen sprette meg i ræva! viss folk ikkje gidda å høyre sytet mitt så får dei faen meg trykke på gøym og slutte å lese statusane mine! sånn som EG gjer med alle dei tallause småbarns-foreldra som skal på trilletur med solstrålen eller treningsfreakane som skryte av at dei har jogga tre tusen mil og deretter mala huset og laga kjøttkaker frå scratch. eg skrive NETT det eg vil på facebook. i allefall no, berre på pur trass.

mandag 26. april 2010

o! forresten! ....igjen


siden den forrige videoen faktisk ikkje virka lenger ser eg det som naudsynt å legge ut ein til. går det an å ikkje bli forelska i dei her? NEI. det går ikkje an. eg var på konsert med dei på torsdag, og eg smilte kontinuerlig i to tima. eller kor lenge det enn varte. og det har ikkje skjedd siden den legendariske oasis-konserten i februar 2009. meget meget bra. det var som å havne på 50-talet igjen. (ok, eg seier igjen fordi det er åpenbart for meg at eg har levd eit tidlegare liv der eg var ung og vakker i london på 50- og 60-talet. så no kjente eg at eg var tilbake. og det var deilig.)

lørdag 24. april 2010

i would like to order...

vil ha:

-ferie på den italienske landsbygda midt i ein åker av lavendel eller druer.
-masse peng så eg kan:
-kjøpe leilighet OG feriehuset eg skal bu i i åkeren i italia
-katt
-sommar heile året
-drømmejobben
-nåkken å sovne inntil resten av livet.

takk som byr!

torsdag 22. april 2010

ca. SÅ liten er verden:

tenk deg ein random pub, i ein random by, ein random kveld.
og tenk deg at du står i do-kø. personen bak deg i køen seier:
-er det do-kø?
-jepp!
-er det ikkje ein do på andre sida og?
-jo, det er kanskje det! er du frå sogn?
-ja, eg er frå ...
-o! eg er frå kaupanger! eg kjenner ein person i ... han heiter ..., eg var ilag med han.
-eg og.

tirsdag 20. april 2010

hip me shake



oppgåveskriving ftw.

pus...

eg. vil. ha. ein. sånn.

mandag 19. april 2010

måten å ta beslutningar på

det går ikkje an å bestemme seg for nåkke før ein kjenner at ein veit ke ein vil. sant?
og den der "o! SÅNN må det bli"-følelsen, har eg alltid litt vanskelig å få kontakt med. derfor stressar eg ofte inni meg fordi eg ikkje klarar å bestemme. men så ein dag så berre er svaret der, POFF, og då veit eg, og då e det jo ikkje nåkke vits i å stresse i utgangspunktet. eg sender berre ein bestilling på ei løysing, og så jobbar hjernen min med det til den er ferdig. så fra no av skal eg aldri stresse med å ta beslutningar lenger. eg veit jo at eg alltid kjem fram til eit svar uansett :)

denne veka bestiller eg løysing på følgande problem:
-korleis skrive tre oppgåver på ei veke.
-korleis klare seg neste år uten lån.
-kvar bur ein neste år.
-kvar jobbar ein i sommar.
-kva blir ein når ein blir stor.
-korleis få sambuar til å gå med på å skaffe kattepus til meg

sånn. då var det gjort! eg ventar i spaning.

fredag 16. april 2010

ok

ok. ikkje skriv blogg no kristin. du er brisen. okei da. vente til i mårra? ja. kei.

torsdag 15. april 2010

:)

var inne på favoritt-humor-sida mi no. og såg plutselig ein link der det sto: "I'm sad about something". Eg trykte på den, og kom hit! som var ein fin plass å være, så der satt eg litt og smilte.
det minnar meg litt om den lappen som heng på skulen min, på do, der det står: Du veit ikkje kor vakker du er. Det er sjølvsagt banalt, men sånne ting får meg til å smile, kvar gang :) skal ikkje meir til.

hadde det ikkje vore kult om folk begynte å sei fine ting til kvarandre på gata? til folk ein ikkje kjenner liksom? heilt usaklige ting, som feks: så fin du var på håret i dag! til ein totalt fremmed. haha. det skulle vært slik. kompliment til folket!
dei har ein usaklig god effekt. eg er desverre slik, at dersom nåkken ser tre sekund for lenge på meg på gata, så antar eg at det er nåkke gale med meg. at eg har saus i fjeset (hehehe....ok, eg tenkte på tomat-saus, men eg innser at den kan mistolkast), åpen smekk, tyggis på rompa eller nåkke i samme kategori. fra no av skal eg heller tenke at "oj, ho der såg på meg. sikkert fordi eg er så fin på håret/fin i trynet/fin rompe." så. då har vi løyst DET problemet.
apropos saus i fjeset. eg har ei venninne som ein gang på vgs hadde leika med kritt i friminuttet. så ho hadde kvitt støv i trynet. så sa læraren vår, ei relativt dritkul synsk dame: "du har noe hvitt i fjeset..." og fekk svaret: "det e sikkert berre sperm."
DET var ein morsom time.

onsdag 14. april 2010

sosiolog som eg er...

..tykkjer eg det er på tide med litt marx. kjekk kar.

"Religionen er den undertrykte skapnings sukk, en hjerteløs verdens ømhet, og de sjelløse tilstanders sjel. Den er folkets opium."

dette står det på wikipedia at Marx har sagt. nåkken argumenterar for at han med dette meinar at religion har ein negativ effekt på folk. eg fann mellom anna ein artikkel der ein ihuga religion-fan var overlykkelig over endelig å kunne vise til forskning som fann at religion gav lykke til den enkelte. men, det e jo akkurat det marx seie og. berre at han meiner at denne lykken ein oppnår ved religiøsitet er falsk.

Willy Martinussen var min første guru når det gjaldt sosiologi. Han har skreve ei flott bok som heiter Samfunnsliv, som eg har lest perm til perm, og han tolkar Marx slik:

"religionen er en form for mentalt opium som lindrer smertene som følger av undertrykkingen i samfunnet. Den skaper en falsk lykke og en falsk trygghet for den enkelte. Slike oppfatninger må avskaffes for å gi plass til virkelig lykke. Av dette synet følger det at religionen er et system som må kritiseres, for deretter å kunne avskaffes" (Martinussen 2001: 72, om Marx).

(kanskje unødig med kildehenvisning her, men koffor ikkje, så har eg mitt på det reine dersom Jesus bankar på.)

Eg har latt meg fascinere av dagens debatt kring evolusjonslæra versus religion på bt.no, og kan vel egentlig berre sette meg ned og undre. hardt. 

tirsdag 13. april 2010

ting eg kan like. under tvil.

-sjokolade.
-vår.
-sko.
-alt for dyre hår-produkt.
-kaffi.

kommentar:
sjokolade smakar godt, og gjer meg glad. våren gjer meg glad fordi det betyr det motsatte av snø, og mindre yttertøy. sko er alltid kjekt, men litt dumt når ein ikkje har peng til å kjøpe dei. håret mitt er slitt, derfor følte eg det var på sin plass å kjøpe den dyre fine dingsen som frisøren min anbefalte, OG ein økologisk hårkur på apoteket. nam. kaffi får meg til å våkne, så det er altså ein essensiell tilsetning i kvardagen. ryktene skal ha det til at eg er er mentalt ustabil. det stemmer.

nuss!

fredag 9. april 2010

most of the time

i dag må eg igjen referere til bob.
most of the time. høyr den.
Bob Dylan – Most Of The Time - Alternate Version, Oh Mercy

skulle ønske eg var litt meir kaldhjerta av og til. litt meir iskald. litt meir tøff. litt meir rasjonell. litt meir lur. litt meir konsentrert. litt mindre emosjonell.

onsdag 7. april 2010

menn med briller.

eg har ting for menn med briller. there. i said it.
han her er vel eksempel nr. 1, som fekk meg til å innsjå fetisjen min:
kjekk ung mann det der.... har diverre høyrt rykter om at han er oppteken. men men. new violators spelte uansett ein knakande kjekk konsert under ekstremsportveko på voss i fjor sommar.
og det fins fleire kjekke menn med slike briller. det likar eg.

i love my hairdresser

i dag har frisøren min nok ein gang vore favorittpersonen min. check it.


dikka skulle sett FØR-bildet. men det droppa vi. (suffice to say at ordet rottehale vart teke i bruk ved fleire anledningar. samt takras. mest av meg sjøl, men uansett.)
nO er eg endelig presentabel for samfunnet igjen, nåkke som passa bra siden bergen har bestemt seg for å være ein vakker vakker by akkurat no, full av vår og asfalt. i LIKE EEET!
då drite eg faktisk i at eg har hatt ilt i håve i nøyaktig to veker samanhengande, og at eg har umennskelege mendger skulearbeid å ta tak i.
IT'S SPRING, I SING! 


ASH-SHINING LIGHT

mandag 5. april 2010

å herreguuudddddd.
eg e lei av påske!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
etter å ha lest ein umenneskelig mengde pensum i dag, er augene mine ødelagte og eg har heilt glømt å ete. eg har ikkje nåkke liiiiiiv. eg har ingen venna. eg har ingen baby. eg har ingen katt. eg har ingen mann(berre nesten). eg har ingen penga. eg har ingen BIL. eg har ikkje lov å KØYRE bil. eg ANA ikkje korleis eg skal orke å skrive masteroppgave uten å DØ av monoton idioti på vegen.

GÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ

lørdag 3. april 2010

funny things on the webzz

http://www.27bslash6.com/strata.html

denna tingen her fekk meg nettopp til å le høgt før eg var ferdig med dagens første kaffikopp, og fekk pappa til å spørre "og ellers har du da bra?". derfor burde du lese den.

fredag 2. april 2010

coulda woulda shoulda

eg BURDE skrive oppgave og/eller lese pensum.
men så sitte eg her og ler av denna istaden, nåkke som er mykje meir festlig.

det ekje rart eg skal bli sosiolog, når ein ser på familien min. vi e ein samfunnsanalytisk gjeng. til frukost diskutera vi homofile sine rettighetar og religion. til kvelds diskutera vi black metall som fenomen, og diverse psykologiske mekanismar. vi lika å tru at vi e ekstremt intelligente tydeligvis. men ellers sitte vi stort sett og glor på tv og ete snop. og drikke vin.

i går hadde eg ein dårlig dag, og sa til mamma og pappa at dei ikkje skulle mase og være voldsomme, for då kom det til å klikke for meg. og så var det sjølvsagt akkurat det dei gjorde. "ke du e so SUR fø i daaag då?!?!?!?" "ååå, e da DEFOR du e så sur?!?!?!" tingen var jo at det ikkje var nåkken grunn til at eg var sur. og nettopp derfor ville eg at dei skulle la det forbigå i stillhet. nåkke som tydeligvis er umulig viss du er forelder. så da måtte eg ta runde to, og sei "eg sa dikka IKKJE skulle voldsomisere alt, og no e det akkurat det dikka gjør!" (vakje voldsomisere eit bra ord forresten? eg har laga det sjøl). då lo dei litt av meg, og tok hintet, faktisk. og lot meg være sur i fred og ro, til og med mens vi gjekk ein lang tur. det satte eg pris på, så da blei eg glad igjen. så trøste-shoppa eg den her, siden den uansett var på salg, og så var det tid for påskekrim og alt for masse snop. og ein øl.

jesus, for eit liv.

torsdag 1. april 2010

in yo FACE aprilsnarr!

overload


















dette er DYNA mi. under den ligg eg, og har vært våken i ein evighet, men ikkje klart å stå opp fordi hjernen min har bestemt seg for å PØSE på med ALT for mange tankar samtidig, sånn at eg blir liggande å glo uten å klare å eksistere. det kjennes ut som nåkken har ein dusj med masse masse mas og tull og tøys og tankar og gjeremål, som dei berre har hengt over håve mitt, og så renne det liksom ein konstant strøm av MAS inn i hjernen min. akkurat sånn føles det. og det tar liksom aldri slutt. så da blir det overload. og dyna er min einaste venn.