mandag 30. august 2010

kjøre biiiil! :D

i dag skulle pappa liksom gi meg ein utfordring... han la ein gul refleksvest på parkeringsplassen, og så skulle eg rygge sånn at eg stoppa med venstre bakhjul oppå den, og fekk berre lov å sjå i speglane. okei, sa eg. så rygga eg ekstremt elegant, og stoppa akkurrrrat oppå den, sånn som eg skulle. så jubla eg litt, og pappa trudde ikkje sine eigne auge, så han måtte teste meg ein gang til, men no med motsatt hjul osv. så eg gjentok like godt suksessen, og landa midt oppå vesten med hjulet mitt. jepp. berre ring meg viss eg skal rygge ein plass...

i helga bygde eg faktisk eit tak og. med spikerpistol. det ekje måte på ke eg får til ;)
berre sjå her!







kristin, taktekkjar og bilkøyrar. that's me. med rosa joggesko.

onsdag 25. august 2010

meir ting å like

i forfjamselsen glømte eg å nevne glad-nyhende nr 2 i dag!
verdens mest fascinerande forfattar, Scarlett Thomas har nemlig pluttttselig komme med ei ny bok til meg! uten at eg visste om det. eg kjøpte den straks på min kjære Kindle-app, og las masse i natt for eg fekk ikkje sove uansett. boka heiter Our Tragic Universe, og eg elskar den unconditionally, eit ord eg har gløymt kva heiter på norsk akkurat no...seriøst... jaja.
viss dikka vil lese ei anna bok som er så bra at du nesten dør, så anbefalar eg The end of Mr. Y. samme dama. ho e relativt intelligent og seriøst filosofisk. og så klara ho å blande det mest daglegdagse med det meeeest fantasifulle du kan tenke deg. og så blir det heilt perfekt...

i will be appled!

hei!

etter møysommeleg tråling av internettets samtlege tilbud i form av mobiltelefonar, måtte eg til slutt innsjå at det einaste som var godt nok for mine ømfintlege, og overestetiske auger, var ein iPhone. så da kjøpte eg det. og det var rett og slett veldig lurt. det som overraska meg, er kor store protestar denne enkle vesle beslutningen har fått, frå nære og kjære. motstandarane av iphone blir liksom heilt paniske dersom du nemner at iphone kicks ass. why? drive eg og stressa rundt berre fordi at nåkken andre kjøpe htc (som eg sjøl har hatt i eit år no)? nei, herrefred, det gjer eg faktisk ikkje. htc er supre telefonar, rett og slett. MEN. alle dikka som syns at android e uslåelig, dikka HAR eit poeng når det gjelde ALT ANNA ENN DESIGN. android hakje gadda å bruke meir enn tre min på å lage ikon og menyar. men for dei som trenge ein mobil som e så funksjonell at du får heilt dårlig samvittighet over kor lite du faktisk får til sjølv, som menneske, så værsågod.
gi meg heller nåke som e så bra at ein ikkje trenge å endre på det. nemlig, iphone. ingenting gleda meg meir enn supert grafisk design, så koffor skal eg ikkje få lov å nyte det? idiotiske android-freaks som alltid skal disse iphone.. leave me alone! og kos dikka med white trash mobilane dikkas. lol ;) (sorry, no synke eg ned på andriod-folket sitt nivå, men eg e berre så jævla lei av at alle skal snakke piss om iphone. mens eg heilt rolig akseptera alle andre sin hugnad for android. VEL, NO E DET NOK! ET DRIT!! har dikka mindreverdighetskompleks heile gjengen eller? når til og med mannen på expert seie: IKKJE kjøp iphone, så begynna eg nesten å lure.) det han egentlig tenkte var "NEEEI, IKKJE KJØP DEN FOR DA BLIR DU KULARE ENN MEEEG" ;) assface. skal gå inn igjen til han og trykke iphonen min opp i trynet på han til han får magesår og blør.

når eg sa til ein viss person at eg ville ha iphone var reaksjonen såpass kvass, at eg faktisk blei fornærma. og ke e det for nåke? berre fordi eg har ein anna hjerne som sette pris på andre ting enn han? skal det å sette pris på god design framfor überunødvendig funksjonalitet være mindre akseptabelt? koffor? ved seinare høve har eg til og med fått tilsendt avisartiklar som heiter sånt som "derfor elsker vi android!" på mail osv. og blitt leksa opp om kor dårleg kundeservice apple har, og mangelen på multitasking osv osv osv. koffor bryr folk seg?!!!!!!!!! eg lika iphone. så piss off.

torsdag 19. august 2010

typpisk dagen derrpå

sliten. svolten. og voldsomt lyst til å sovne på nåke(n). kanskje mens eg blir klødd i nakken.
bergen og øl i går kveld, stor suksess! rart å være tilbake i byen, berre på besøk liksom. life is weird.
no ligge eg på sofaen og har tenkt å bli her ei stund. pappa skremte meg med å skulle tapetsere rommet mitt istad, men trur han skjønte relativt kjapt at det ikkje var dagen for slikt. heldigvis.
lyst på cola og snooooop.
i will go away now. hotel cæsar is my friend.

mandag 16. august 2010

:) babykos og ingvildkos

på søndag fekk eg besøk av ingvild og nias. i hearted it.
håret mitt gjer så masse rart på detta bildet at eg nesten ikkje orka å ta stilling til det, men det ekje det som e poenget. poenget er at søndag var ein skikkelig fin dag :)

onsdag 11. august 2010

nammen åååå......


pusen heite Lisja... og er verdas goaste. 

tirsdag 10. august 2010

...and how to live it

onsdag 4. august 2010

notabene

eg ser i etterkant at bloggen i går høyres meir dramatisk ut enn godt er ;) den skumle mannen er fortsatt ein drittsekk av beste kaliber, men det dreiar seg om noko relativt ufarleg og materialistisk. så ikkje tru eg har blitt voldtatt eller nåkke sånt. ok?

i dag er eg ganske glad, fordi eg skal treffe astrid i mårra :) :) vi skal drikke vin og sjå grease og mimre om gamledagar. verdens beste aktivitet med verdens beste venninne. hurra!!!! :D
mamma har bursdag i dag, og eg skulle være eksemplarisk dotter å bake skillingsbollar. men så virka ikkje deigen, og bollane blei berre heilt rare. dessuten lagde eg brownies på søndag, og dei virka heller ikkje! har ikkje bake-karmaen inne denne veka :/
o! har dikka sjekka ut Kindle? eg elska det! hurra for spontan-kjøp av deilige bøker, som ein kan lese på macbooken og mobilen i hytt og pine!!! har komme halvvegs i Sylvia Plath no, og likar det eg les.

no skal eg dagdrøyme litt. hadet på badet. ethan hawke (my all time favourite hunk) er forresten blitt hot igjen, på sine eldre dagar. berre sjå Daybreakers så skjønna dikka :)

tirsdag 3. august 2010

eg kjenner ein mann

eg kjenner ein mann som eg ikkje veit om eg kan tilgi. og det er ganske drøyt, for eg likar å tilgi.
denne mannen er så sta, grisk, egoistisk, utspekulert, kald og usympatisk som det går an å bli. likevel trippar han rundt, og lever sikkert eit heilt ok liv. uten å ta inn over seg kva han har gjort. dette som gjer at eg fortsatt i dag, 6-7 år etter det skjedde, kjenner at blodet brusar når eg tenkjer på han og alt rundt han. det vekker fortsatt så masse sinne i meg, at eg kunne slått han så hardt eg berre klarar, dersom han sto framfor meg. han stjal noko frå meg, som betydde veldig mykje. noko som framleis kunne vore ei stor glede i mitt liv, og som eg rett og slett savnar så mykje at det gjer fysisk vondt.
eg veit at denne mannen aldri kjem til å forstå eller endre sin måte å tenke på. så det er ingenting eg kan gjere for å få tilbake det han har tatt. derfor er det ekstra frustrerande. i tillegg til å stjele, så skryt han no av det han har. som han skulle ha delt. eg lar meg stadig sjokkere over denne mannen. og eg er framleis lei meg for det eg har mista. berre så du veit det. din jævla drittsekk.

eg beklagar den kryptiske historien... men sånn er det berre.

søndag 1. august 2010

sånn kan det gå

ok. føler meg forplikta til å oppdatere.
men veit ikkje ke eg skal vektlegge.
ok. pust. eg har no flytta til voss. på skikkelig. eg pakka ut av verdens beste leilighet i lille øvregate på onsdag, og for å være ekstremt ærlig så syns eg det sugde. skikkelig. så masse at eg måtte grine i ca ein time mens eg vaska kjøkkenet. OM det må ha sett tragisk ut. føltes som ein scene fra ein film. filma frå utsida av vindauget, med trist musikk, og så liksom berre zooma dei inn på fjeset mitt med mascara over ALT og tårer og snørr som berre flyte fritt, mens eg iherdig SKAL få vekk alle flekkane på disken. nok om det og sånn.
så kom eg til voss, og fekk på plass sofaen og teven på mitt nye rom her. då føltes ting...nesten levelig. så isolerte eg meg på det rommet under dyna i ca tre-fire dagar mens eg stirra apatisk på macbook-skjermen min. men eg har faktisk vore særs produktiv oppi heile den tragiske prosessen og. eg haaaaar...trommevirvel....fått meg jobb!!! men før dikka blir fryktelig glade og oppmuntra på min vegne, så skal eg informere om at nevnte jobb er på meny. meir matvarer altså. jaja. what can you do. no tenar eg i det minste peng. og dessuten er meny mykje bedre enn kiwi! på ALLE punkt.
ellerssss er humøret fryktelig dårlig for tiden, og det einaste eg egentlig har lyst til å er å stikke av til australia, italia, hellas eller kor som helst, ilag med dei beste folka som fins. på voss er det nemleg frykkkkktelig einsamt for ein stakkars liten bollefisk... i dag har eg brukt mesteparten av dagen til å lese Sylvia Plath - The Bell Jar. nok sagt.

i dag blei det visst august og. det betyr at eg skal begynne å jobbe med masteroppgava mi sånn ca i dag. men eg har ein følelse av at vi tar det i mårra.