søndag 24. oktober 2010

framleis ingen motivasjon

for kvifor skal eg skrive masteroppgave i eit fag som ikkje gir meg nokon jobb uansett? eg ser dystert på mi framtid som sosiolog, og innser at eg allerede har gitt opp å bli det. rett og slett. there, I said it.

eg hakje lyst å bli sosiolog. aller helst vil eg berre spole livet tilbake til tiden rett etter gymnaset, og velge ein utdanning som faktisk gir resultat i ein fast jobb. og så være i den jobben no. kan nåkken ordne det, så hadde det vært fint. fytti grisen så negativ eg e for tiden. HJELP. hjelp hjelp hjelp. kunne eg ikkje berre blitt KE som helst anna enn sosiolog???? FAKK IT!!!!!!!! eg kjem aldri til å få ein god jobb, eg kjem aldri til å få nåkke hus, eller bil, eller mann eller nåke som helst. sånn. då var det bestemt.

HADET.

lørdag 23. oktober 2010

irritasjonsbobla

ting som irriterar meg, som eg berre burde lære meg å takle ;)

på jobb:
-kundar som omtrent hoppar bak kassen for å kunne sjå alt eg slår inn, og står og heeeng over meg for å kontrollere at eg slår inn riktig type bananer osv. "detta var dei bananene te 9,90." Å NEIMEN VAAAAR DEEEET, DET SÅG EG IKKJE DUUUUU!! piss off.

-folk som er så stressa at dei må MOSE alle varene oppi posar helst FØR eg har slått dei inn, og til og med faktisk tar ting ut av hendene på meg. desse er også ofte dei samme som pratar intenst med nabokunden samtidig ("nai! e da DU so e ute og handla?!?!?"), og som slår feil kode på kortet, og som blir heilt fjerne dersom du spør dei om dei treng kvittering. "vil du ha kvitteringen?" *glor intenst ut i lufta* ....laaaaaaaang pause............ "hm?" "kvittering." "eeeeeeeeeeeeeeeh, *ser ned på varene dei har kjøpt* neeei. ......ELLER JO!!!! JO! VISS DET IKKJE ER FOR SEINT DA?!?!?!??!" *sukk*

-folk som trur dei har dei meir travelt enn alle dei andre som står i kø og ventar. kudos til min kollega som faktisk snakka t ei slik ei her om dagen ;) noko eg alltid har drøymt om, men aldri tørr. desse ber gjerne om at du tek ein ekstra kasse, når du har armane FULLE av papp og läkerol, og det berre er TO kundar i den kassen som allerede er åpen. DÅ fåkje du nåkke smil av meg asss. "takk ska du ha, eg ha da SO travelt, ehehe!" "MHM. fett for deg. gå vekk plz."

-folk som svarar sarkastisk overhyggjeleg tilbake når eg seier "hei :)" ..feks. "HEISAANNNheisann DUUUU..!!" evt berre svarar med eit grynt. "ghM". ....fakk aff.

-folk som seier: "JA SO STORE LOMME HAKJE EG!!!!!!! HEHEHEHEHEHEHEHEHE". når eg spør om dei treng eit par posar til dei ni hundre varene sine. ....berre sei jatakk. ok? eg berre, orkakje reagere på sånt lenger.

ny jobb anyone?

torsdag 21. oktober 2010

motivasjon...ein sjelden vare

akkurat no har eg møtt ein ørliten motivasjons-mangel-vegg. dunk sa det. og dei siste vekene har eg ikkje så masse som rørt masteroppgava mi. og eg ser ingen umiddelbar tendens til at det skal betre seg. det føles berre heilt utrulig uvesentlig og unyttig å skrive den, og eg vil heller jobbe på Meny enn å sitte å skrive. crap.
kva gjer ein med slikt? TELL ME!
eg har alltid vore relativt samvittighetsfull når det gjeld skulearbeid, men no står eg ovenfor ein umåteleg stor trang til å berre gi opp. drite i. være uansvarleg. gjere noko totalt anleis og sært, som ingen har trua på, og likevel ende opp med stor suksess og rikdom :) eg ser avisoverskriftene for meg: "dreit i master, vart millionær!" det gir meg ein fryyydefull følelse å skulke unna den oppgava.... fryd i tell you.

ting eg heller vil gjere enn å skrive masteroppgave:
-skrive suksess-roman og bli kjemperik.
-bli veterinær
-bli jordmor
-reise til utlandet og bli der
-jobbe med kva som helst, 9-16, så eg i det minste føler at eg har ein funksjon i samfunnet
-produsere avkom
-bygge hus
-drikke meg drita

(uvesentleg rekkefølge på den lista der, alle punkta er like høgt prioritert).

mandag 18. oktober 2010

"men det fins eit håp!"

ok. no skal eg prøve å sei nåkke.
det er vanskelig å sei nåkke uten å sei at den siste veka har vore veldig trist. men eg føler eg ikkje kan utlevere masse om det her, av respekt for dei som står midt oppi det tristaste av alt, nemleg å miste mammaen sin. men vit det, at empati har fått ein ny betydning for meg, og at min beste venn har det supertungt akkurat no. send han gjerne ein heil HAUG med gode tankar og klemmar <3

når sånt skjer, så blir alt plutselig litt anleis, og alt ein har tenkt om det meste endrar seg litt.
og likevel så fortsetter alt å være det samme, og det er ganske rart i grunn.
min tilværelse som nomande fortsetter, med reising hit og dit, og aldri før har eg hatt SÅ lyst på ein heim som berre er min. eit hus! ein plass eg skal bu lenge, og ikkje berre for ein periode! ein plass som det skal være kvardag og helg i, og jul og nyttår, og vår og sommar, og ingen skal flytte og ingen skal reise, og alle skal berre bli der. det er mitt rare lille håp, og at nokon vil bu der ilag med meg sjølvsagt :) slike ting drøymer eg om no. heilt vanlege, udramatiske, trygge omgivelsar. der eg kan bu lenge :) og der det skal aule av kattar og babyar og alt sånt som er koselig og kjekt og slitsamt på samme tid :)

fred og kjærleik frå meg.

søndag 17. oktober 2010

kattepus.

eg har ingenting å sei. derfor får dikka ein pusekatt-overdose istaden. for det er tross alt det beste som fins.







onsdag 6. oktober 2010

voss...