torsdag 30. desember 2010

happy new year!


til dikka som ikkje har sett meg på ei stund, eg ser gjerne litt sånn ut. no stikke eg til hel.. vekk frå voss, og skal være ilag med dei eg lika aller best i nyttårshelga. punktUM.

lørdag 18. desember 2010

ja det var hallo

eg har ein tendens til å halde ut uhaldbare situasjonar alt for lenge. ein kan kalle det å være treig i oppfattelsen, eller alt for tolmodig. i don't care. men no e det faen meg nok! VOSS KAN BRENNE. ikkje huset vårt, men resten. eg drite så JÆVLIG i denna plassen. og eg blikje her ein DAG over nyttår. (eg må antageligvis jobbe t.o.m den 13. januar, men det og kan BRENNE). eg e så jævlig lei av å sitte her som ein idiot kvar jævla lørdag, og eg FATTA ikkje koffor eg utsette meg sjølv for sånne patetiske stunt som detta. eg DØR jo faen meg av å bu her.

takk for merksemda. 

lørdag 11. desember 2010

melodrama!

no skal eg være jævlig negativ og melodramatisk og deprimerande, og sei ALT med ein video.

...nei, det skal eg faen meg ikkje... men viss dikka likevel lura, så fins den her.

lørdag 4. desember 2010

verdas beste mommo

i det siste så har slektningar påstått at eg har blitt meir og meir lik på mommo:





nåkke eg syns er heilt greit og veldig stas, for ho var relativt pen i mine auge.
mommo var den klassiske BESTE bestemora du kan tenke deg. ho hadde alltid snop på lur i skuffer og skap, og eg fekk lov å ligge i senga hos ho om morgonen og bli lest bok til, mens mofa fortsatt låg og snorka atmed oss. ho lærte meg å bake kaker og bollar, å strikke, å lese trur eg, og å løyse kryssord i Hjemmet ;) eg trur ho las samtlege Nancy Drew aka Frøken Dekkdekktiv til meg, og samtlege Mormor og de åtte ungene. ho var SUPERkos. og sjølvsagt var ho den første av besteforeldrene mine som forsvann. eg var berre 10 år då, og ho var berre 66. ettersom vi bur i det samme huset som ho og mofa budde i, blir det til at eg tenkjer på dei ganske ofte. dei var eit heilt absurd kjærestepar, det skal seiast ;) trur ikkje det var snakk om nåke ekte kjærleik der nei. men jammen kunne dei å lage kos og hygge rundt seg, og å ta vare på familien. savn! savn savn savn.

fredag 3. desember 2010

facebook-opplæring.

i fare for å være like provoserande sjølv, som alle andre er. detta må seiast, eller så kjem eg til å eksplodere og kaste macbooken min gjennom vindauget og ut i snøen.
når folk skrive statusoppdateringar om julevask på facebook, så får eg lyst å legge meg ned å HYLE. lat meg forklare.
dersom du i løp av ein heil dag med tankar, meiningar, humor og tårer destillerar det ned til "då var kjøkkengolvet klart til jul!" så gir du meg inntrykk av at du er ei 49 år gamal husmor uten personlighet. heilt seriøst. eg spør meg sjøl, for det første: er det JULEVASK som best skildrar deg som person?? VIRKELIG???? det kjekkaste med facebook er jo at ein kan gi andre eit glimt av personligheten sin. at ein kan underholde andre med å vise kven ein er. og då tenkjer eg at det MÅ no være nåkke anna folk kan sei, som er LITT meir relevant????? eller ER det verkeleg slik, at når ein får ungar og hus og jobb og alt det der som eg ikkje har og difor ikkje kan forestille meg, så blir ein heilt hjernedau? ER DET?? VISS NEI, SÅ HAR DIKKA ALL SJANSE I VERDA TIL Å MOTBEVISE MEG OG GJERE FACEBOOK MORSOMT IGJEN! viss ja: vil eg aldri aldri aldri aldri ALDRI bli vaksen.