onsdag 19. januar 2011

life, and how to live it.

i dag er ein relevant dag. i dag fekk eg meg eit liv. etter ein evighet uten eit. i dag bestemte eg nemlig tre ting. tre store ting. på ein dag.
eg flyttar. eg begynnar i ny jobb. eg skal ikkje drite i masteren, men eg skal gjere det anleis, og på min måte.

eg er glad. i dag.

det er nåkke med det, at ein kan tvile og tenke og tvile aldri så lenge. og mens ein tvilar så kjennes det ut som ein ALDRI skal finne ut kva ein har lyst til. og at tvilen alltid skal vedvare. og så ein dag berre veit du. og då kjenner du at du har visst heile tida. åååå så klisjé. men det er jo sånn det er! eg skreiv akkurat ein mail til skulen min, som berre rann ut av fingrane mine. den mailen har eg gått og grubla på i seks mnd. heilt seriøst. så lang tid tok det før eg klarte å sei det som eg skulle sagt for lengst. at detta ekje rett, og eg vil ikkje gjere det sånn. eg er så glad for at eg endelig klarte å sei kva som var greia!!

eg er optimistisk og letta og glad. det er eg. og så får skulen min sei ke dei vil, for eg er meg og dei er seg, og eg drite vel langt i ke dei vil at eg skal gjere. det er mi oppgave. og mitt liv.
og eg tåler for første gang at alle er uenige i valga eg tek, for dei kjenner ikkje meg like godt som eg gjer :) hurra!

som eg sa ein gang eg hadde drukke litt: i kove the 5ife.
det var ein sms til ein venn. trur eg meinte: i love the life ;)

sjelden finn ein songar som passar perfekt. men her er ein sånn:
The Avett Brothers – Head Full Of Doubt/Road Full Of Promise

"Decide what to be, and go be it." syng dei. eg lika det.

fredag 14. januar 2011

prosjekt!

ein film som virkelig inspirerte meg no nettopp: Julie & Julia. ikkje berre fordi Meryl Streep er heilt amazing morsom i den, men fordi eg berre ER hovedpersonen Julie, på alle punkt. dikka får sjå filmen, for den er skikkelig bra.
anywhooo. ettersom eg kan ha ein tendens til å syns at livet er meiningslaust, så har eg i det siste jobba for å lage meg nåkken prosjekt som kan være heilt heilt banalt konkrete. slik at eg kan ha nåkke å gjere rett og slett. og å glede meg til å gjere. eitt av desse prosjekta er matlaging :) dette er også greia med filmen eg nevnte. så eg herma rett og slett litt.
eg har kjøpt meg tre notatbøker, og i dei har eg skreve ned ulike typar oppskrifter som eg har komme over, og som eg har lyst å lage/aldri prøvd. og så når eg lagar dei, kan eg liksom hake av oppskrifta i boka og føle at eg har oppnådd stoooore ting ;) eg elskar å lage mat, derfor er dette eit ekstremt BRA prosjekt :) eg merka eg blir motivert av det rett og slett. ho i filmen tar for seg heile kokeboka til Julia Child, og skal gjennom den i løp av 365 dagar. eg har ikkje så strikse målsetjingar, men eit av årets oppgaver blir rett og slett å bake og koke meir! hurra!
akkurat no har eg brownies i ovnen, og gledar meg til å ete om ca ti minutt!

torsdag 13. januar 2011

når ein er sjuk

i dag har vore ein skikkelig sofa-dag. eg e litt sjuk, og syns fryktelig synd i meg sjøl ;) har sett på favoritt-skrekkfilmen min Skyggen fra fortiden, og drukke cola tenk.
ellers MASA folk kontinuerlig som vanlig... dei spør eit spørsmål, og så tyte dei sånn at ein egentlig ikkje har plass til å svare. evt svara dei på sine eigne spørsmål. eg har begynt å berre sei "HÆÆÆÆ." til alt dei spør om, og så svare "veit ikkje." etterpå.
nok om det. trur mamma har funne ut at eg har ein blogg, så ho kjem vel til å google meg til ho finn denna. unnskyyyyld.

hadde siste dag på meny i går, og kjente det var litt deilig. ikkje lenger fanga på voss! JUBEL! men må sei det at voss byr på usedvanlig kjekke kollegaer <3

så no er livet mitt nok ein gang ope for tolking, og eg brukar ventetida på strikking og litt små-designing, noko de kan sjå resultatet av her på bloggen. eg har tenkt mykje på denne bloggen i det siste, og lurt på om eg burde ha eit klarare konsept... ein har jo som oftast eit tema, eller eit mål med ein blogg. men for meg blir målet rett og slett å ikkje ha noko mål. eg seier det som ramla meg inn, fordi eg likar å skrive, og så får dei som gidda å lese det gjere akkurat det. men å lage eit konsept berre for å lage det, deeeet gidda eg ikkje.
bloggen kan sjåast som eit bilde på livet mitt... rotete, til tider meiningslaust, trivielt, prega av voldsomme emosjonar ;)

take me or leave me.
peace <3

søndag 9. januar 2011

helger som ikkje virkar.

det er sjukt lenge siden eg har hatt den der fredags-feelingen.. den som ein har sånn i eitt-to tiden på ein fredag, når ein har jobba heile veka og det snart er to dagar fri. den forsvinn heilt når ein er student, og jobbar helger osv. for då er det aldri helg, evt har ein helg midt i veka, og det er ikkje det samme.
for å fortelle ein hemmelighet, så har eg søkt på ein jobb. vi snakkar åtte til fire, mandag til fredag. det ekle med det, er at eg då må stå opp tiiihhiiiidlig. ein blir fort bortskjemt med sånt når ein studerer/jobbar kveld. men det fine fine fine, er at helg blir helg igjen. og at dagane blir meir strukturerte og kanskje til og med meiningsfylte. vent no litt, kva med masteren då krrrristin. eg høyre ke dikka seie. punktum.

i dag er det søndag. ein dag eg egentlig lika. men då eg kom tilbake til voss etter ei veke litt lenger nord i landet, så har eg berre innsett kor uFATTELIG dårlig eg trivst her. får heilt panikk. så det blir ikkje nåkke særlig koselig søndag har eg feelingen av. i need some space. hadde eit håp om å vinne i lotto i går, så eg kunne reist langt laangt vekk og vært der ei stund. mens eg la ein slagplan for livet mitt. eg er så lei av å ikkje ha peng til nåke som helst.... it needs to change.

lørdag 8. januar 2011

det einaste magiske som fins, er musikk

han der hugh grant seie på begynnelsen av love actually: "whenever i get gloomy with the state of the world, i think of the arrivals gate at heathrow airport".
eg ville sagt noko liknande om musikk. for å spre det glade bodskap, skal eg dele spotify-lista mi med dikka. denna lista e den eg bruka kvar gang eg går på jobb, og består av dei sangane eg lika best AKKURAT no. ganske stilig i grunn. eg forandra på lista nesten heile tida, så den er stadig ny og freeeeesh. fun for everyone.
med ein mamma som er musikkterapeut, så er det nærliggande å la seg påvirke av musikkens helbredande krefter. og det er heilt sjukt kor positivt lada eg kan bli, berre eg høyrer den rette sangen. nåkke av det kjekkaste eg veit, er å køyre tog eller buss med masse musikk. då blir eg lykkelig. så det.

må sei det, at favorittane på lista akkurat i kveld er I am Kloot sin Proof, og Bon Iver med Skinny Love.

"Who will love you...?" (Bon Iver)

"Who am I...without you" (I am Kloot)

sånne små setningar som smelta hjertet litt. spesielt når ein sette musikk til... eg lova deg.
<3


lista:
kristin!
kan også abonnerast på, dersom du vil. på spotify lizm.

søndag 2. januar 2011

søvnlaus

siden eg uansett ikkje får sove, og eg tross alt har prøvd i tre timar og trettisju minutt, fann eg ut at eg like godt kunne stå opp. så. tralala. her sitte eg. ke kan ein finne på klokka halv fire om natta egentlig? jo. skrive blogg. det kan ein. kanskje eg skal skrive ei liste over ting eg har lyst å bli flink til? som slags nyttårsforsett, eller levereglar? eg les ei bok som heiter The Happiness Project av Gretchen Rubin. den er utrulig oppmuntrande og motiverande, og handlar om korleis ei dame tok små enkle grep i livet sitt for å føle seg meir lykkelig og glad. ho laga ei slags ti bud liste. personlege levereglar om du vil. det syns eg var lurt. mi liste vil sjå omtrent slik ut:


1. Vær Kristin. (denne har eg rappa frå frøken Rubin).
Altså: vær deg sjølv, men også: finn ut kven dette eigentleg er. slutt å gjer ting som andre gjer, fordi det høyres lurt ut. gjer det som gjer Kristin glad.

2. Bagatelliser ting som overveldar deg.
tenk feks: det er ikkje verdas undergang om slik og slik skjer, det berre kjennest slik ut akkurat no. det går over.

3. Du treng ikkje sei alt det negative du tenkjer. La det fare. Let go.

4. Vær snill.

5. Våg å være/Tørr å spørre.

6. Vær Ærlig.

7. Vent litt.


Det var alt så langt. kanskje eg legg til fleire punkt når eg kjem på dei.