søndag 27. mars 2011

alle dyra på gården ;)



eg syns dyr har fine fjes. ofte finare enn folk. det kan ha nåkke med pelsen å gjere. dei ser automatisk koselige ut. denne veka har eg møtt FEM hestar og SEKS kvalpar! yikes. hestar er ein lykkepille. dei e så store at eg blir redd, men desto meir terapi ligg det i kosen... skulle ønske eg hadde mulighet til å ha eigen hest. virkelig. og berre sjå på desse da...eg meina... går det an å bli så søt? eg trukje det. må ha vært ein illusjon heile greia.




fredag 25. mars 2011

story of my life

når eg tar bussen frå bergen til nordfjordeid, så slår det meg at dette er ei heilt spesiell reiserute. på ekstremt mange måtar. oppsummert, så inneheld denne vegstrekningen heile min livshistorie, i litt omstokka rekkefølge. det er nesten så det er litt fascinerande korleis livet mitt har utspelt seg langs denne vegen.

vi begynnar med bergen. her gjekk eg først på folkehøgskule, og har budd der seinare i fire år. akkurat no syns eg bergen er ein møkkaplass, som eg aldri har funne meg heilt til rette i. har ikkje lyst tilbake på noværande tidspunkt. men det har skjedd unevnelig mykje drama og action der... det skal seiast.
midt mellom bergen og dale ligg osterøy. atmed den hadde vi ein gang ei hytte. og der har eg hatt dei kjekkaste barndoms-minnene eg kan komme på. meir orka eg ikkje å sei om det, for no ekje den hytta tilgjengelig lenger. makes me extremely sad.

så kjem dale. pappa voks opp her, farmor bur her. eg hakje vært der på mange mange mange år, men vi var der ofte i påsken når eg var liten. og eg og frode spelte sonic the hedgehog på segaen, til farmors store forskrekkelse. på veggane var det 60-talls tapet, og ein gang hadde eg med meg ein kjæreste på besøk der. litt etter dale kjem også avkøyrsla til hytta. og når eg ser den vegen blir eg alltid litt trist, for eg savnar å køyre inn der og glede meg til ei veke med fisking, peis, skjeve med aprikos-syltetøy og rare kaffikoppar.

neste stopp voss. her budde mormor og morfar når eg var liten. no bur mamma og pappa her. og eg vekslar mellom hat/elsk for denne plassen. akkurat no, mest hat. men før i tida var voss prega av kos, kos, og atter kos. med verdas beste besteforeldre. vafler, bollar, sommar, markjordbær, hoppekonkurranse på teppet i stova, boklesing på senga om morgonen, og snop i skuffen til mormor sitt nattbord.

neste stopp av signifikans blir nok lærdal. her jobba eg fire somrar på turistinfoen, samt eit år på opplysningen 1881. førstnevnte jobb var superkoselig, 1881 var tortur. jaja.
videre på reisa: kaupanger <3 min heimstad. hadde ein utrulig bra barndom på denne plassen. og skulle ofte ønske at eg fremdeles budde der, var fjortis, og at livet fortsatt berre var a piece of cake. savnar det. å køyre gjennom kaupanger med bussen, minnar meg om alt det rare vi fann på her når vi var små :) sykkelturar, huset til bestevenninna mi astrid, bursdagsselskap, laurdagsformiddag på butikken med vekepeng til snop, øl-drikking i skogen, å gå heim frå skulen og kjøpe cola på vegen, å fjase med astrid og ha teit humor <3

i sogndal har eg budd som student i tre år, tilbragt utallige timar på meieriet med enten ein kaffi eller fem tusen øl på bordet. savnar det også. samt at sogndal og kaupanger er så nært kvarandre at dette også føles som heime. og det ligg ein heil hauuuuug med minner der. det går ikkje an å nevne alle, men den siste kvelden eg budde der så drakk eg meg sørpe dritings, ringte ein kompis, og gjekk ein lang tur i snegle-fylla-fart, og dagen etterpå var eg så fyllasjuk at eg ikkje klarte å pakke ein einaste ting før mamma og pappa kom med flyttebilen for å hente meg. dei vart litt sure.

sååååå kjem vi til turen frå sogndal til skei, som for alltid minner meg om tida på firda vgs, og hybellivet på sandane. HAPPY times. good times. alt det der. også: SAVN. dei kjekkaste åra i mitt liv (sjølv om eg ikkje alltid opplevde det slik på dåværande tidspunkt). når vi kjem til skei hugsar eg rare ting som vart sagt og gjort der, i det vi måtte bytte buss for å komme til sandane. ting som fortsatt får meg til å le. når ein er framme på sandane ser eg gunhild og anita og tonje sin gamle hybel frå bussen, og min eigen litt lenger borti gata, og kvar gang tenkjer eg "sukk". eller "aaaw." musikklinja er nok eit av dei smartaste valga eg har tatt trur eg. ein gong eg hadde vore på fest, og kom heim, var eg litt einsam, så eg pakka meg inn i dyna mi og gjekk bortover gata til tonje sitt hus og sov der istaden. på vegen fekk eg latterkrampe av meg sjølv, fordi eg tross alt gjekk der med ein svær dyne rundt meg. og så var eg jo tross alt full.
så er vi framme på eid, og her er eg no.

lørdag 12. mars 2011

fine og flotte ting på ein lørdag

-små-shopping.
eg får meg ikkje til å bruke 500 kroner på eit par sko eg har driiiitlyst på, men eg kan fint bruke like masse peng på småting som eg egentlig ikkje trenge, og ha kjempegod samvittighet etterpå ;) det hjelper på humøret og kjøpe feks:
-rødvin
-lakris
-kirsebærlikør-konfekt
-fine skjerf på cubus til halv pris ;)


i dag kjøpte eg til og med det flotte ukebladet FAMILIEN. årsak: dei har så fine oppskrifter og strikkeoppskrifter....... trur eg akkurat blei 50 år gammal.

dessuten er Big Bang sin sang No One veldig bra.
akkurat no ser eg med eit halvt auge på The Departed på tv, eit halvt på Happy Feet på macbooken, drikk rødvinen min, og har spist pappa sin amazing heimelaga pizza til randen av forspiselse. forrige lørdag var eg i oslo og herja rundt med malin på dette tidspunktet. det var kjekt ;)

HADET!

torsdag 10. mars 2011

snart fredag, snart tirsdag.

hello!

EG har vært i oslo siden sist. det var ei relativt vidunderleg veke, med masse masse fine folk overALT. eg fekk låne leiligheten til Dorthe, heilt for meg sjølv, og hadde det rett og slett som den der plomma i det der egget. her kjem eit lite samandrag.

først åt eg litt sånn. yum!
såå, åt eg ein gresk omelett på Nighthawk Diner, med spinat, fetaost, oliven og whatnot. ekstremt yum.
og ikkje nok med det! i oslo e det som kjent eit fenomen som kalla seg Den lille kokosbollefabrikken. aleksander bur tilfeldigvis vegg i vegg med den, så då fekk ein prøve litt av kvart. feks har dei Baileys-bolle, kirsebær med mørk sjokolade-bolle osv osv. dei er ferske og heimelaga, inne på ei bittelita småluguber sjappe. love :)
så såg vi litt på alle is-skulpturane rundt om kring på karl johan, for let's face it, det var VM og masse styr...


og så vandra eg rundt på operataket, og syns at det var akkurat så magisk som det burde være.
og så ååh, sjekk fine tulipanane inni isblokk!

i tillegg til dette har eg lest masse. på toget, og på senga og egentlig overalt. eg har lest Unbearable Lightness, av Portia De Rossi.


som var heilt utrulig spesiell, og som seier masse sant om mykje meir enn berre spiseforstyrrelsar. eg klarte ikkje legge den frå meg. ekstremt ærlig bok. 
samstundes les eg ei anna super-amazing-fantastic bok, som heiteeeer:

som er amazing fordi ho som har skreve den, Elizabeth Kostova, berre imponerar meg heilt sjukt. den handlar for det meste om legenden om Dracula, og så om ei ung jente som fortel historien gjennom far sin.. sagt på ein særdeles forenkla måte. den er super-spennande, mystisk, mørk og med mange deilige setningar og avsnitt. feks:

"I opened my mouth to speak to her, and at that moment she flew across the gap that separated us and threw herself into my arms. To my astonishment, she seemed to have given herself completely to me, and our feelings soon brought us to a full intimacy as tender and pure as it was unplanned. I found we could speak to each other freely - in which of our languages I am no longer sure - and I could read the world and perhaps all my future in the darkness of her eyes, with their thick lashes and the delicate Asiatic fold at the inner corner."

tirsdag 1. mars 2011

dans!

i det siste har eg blitt litt hekta på fred astaire :) blir så glad av å sjå på han. check it! eg garantera glede. I won't dance e ein skikkelig bra sang, og her e to versjona. originalen, og ein frå Step Up 3D filmen. den frå step up e dritsøt ;) og så ein bonus-video på slutten berre for morro. dei får det til å sjå så lett ut! eg og vil!!