tirsdag 31. mai 2011

the good girl

o! eg veit ein film dikka må sjå. den beskrive livet mitt. på ein prikk. berre i litt feil rekkefølge, på ein måte. når eg såg den så tenkte eg berre JA. utrulig godt skildra. sånn kan livet være. og søte jennifer aniston, som alltid er så glamorøs, ser ut som ein dass i denna filmen, men er likevel pen. den handlar om å ha eit ubeskrivelig kjedelig liv, på ein bitteliten plass, med ein kjedeleg mann som ikkje forstår ho, og ein kjedeleg jobb. og jennifer er så flink å spele apatisk og deprimert.. hjarte. i tillegg er zooey deschanel med, og ho er alltid heilt rå i alle roller. alltid ufrivillig morsom og sær. og så seier dei så masse fint. berre sjå den.












mandag 30. mai 2011

superkuuul

i dag følte eg meg kul. fann ut at jobb-skjorta mi er produsert av Fruit of the Loom!!


oh my gaaad folkens. veit dikka ke det betyr? jo, det betyr at eg er superkuuul.
i mi jakt på livets meining, fann eg ei oppskrift på heimelaga jordbærvin på stumble. med DEN superenkle framgangsmåten. oo, kult prosjekt tenkte eg. men så stod det plutselig nåkke om at den skulle stå i over eitt ÅR før den var klar, og då stumbla eg videre. herregud, kem kan vente i eit år.
"mamma, kan eg nett sjå nyhetene?"
"njaaaaaaaaaaaaaaaaaa."
"eg trenge ikkje."
ho sit og er viktigper og jobbar med jobben sin. fytti flaaate så teit ho er assss. neida.
på torsdag reiser eg til ossllooo. gledar meg mykje! men det har eg visst sagt før. må planlegge ke eg skal gjere på toget. toget er kjedeleg i lengden. men fine ting kan skje på tog! spesielt på film. yndlingsfilmen min feks, Before Sunrise, den begynna på eit tog... og heldige dama møter Ethan Hawke, og begge blir stupforelska i kvarandre. dritbra. og så går dei og vandra ilag i Wien, og alt er berre fryd og gammen gammen gammen. berre sjå her.



dessuten er ethan hawke så hot i den filmen at den e verdt å sjå berre for det. ethan hawke, på den tida der... kunne fått meg til odel og eige. han spela i favorittfilm nr 2 og, Reality Bites. berre sjåÅ! kor deilig han er:




det finaste kysset som fins i HEILE verden. fiiiiiiiiiiinaaaaaaaaaast. det e så bra det kysset der, at dersom eg ikkje får eit sånt ein gang så gidda eg ikkje meir. første gangen eg såg det, så DØDE eg faktisk. heilt sant.
sorry, no røpte eg egentlig litt av plottet i filmen, men dikka hadde sikkert ikkje tenkt å sjå den uansett.

lørdag 28. mai 2011

cola zero

vent da. eg må berre drikke litt cola zero først. evt super-cola som eg lika å kalle det.

aaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaah.

ok, no er eg klar. først skal eg berre snakke litt meir om cola zero. det beste som fins i heile verda. bubbles of løøøve in my mouth. eg har ein god venn som veit akkurat kor mykje eg elskar cola zero. så han pleier å kjøpe det til  meg uten at eg trenge å spørre ein gang!! THAT'S friendship. no for tida må eg kjøpe den sjøl. nedtur.
no skal vi snart ete pizza. i kroatia har dei den beste pizzaen btw. berre SJÅ så god den ser ut:



i dag var eg på jobb. får heilt spasmer i skuldrer og nakke av den der kassen. aakkk, den som hadde ein snill venn som kunne massere meg akkurat noo. men det hakje eg. eg e tross alt på voss. men NESTE helg! då skal eg til oslo :D eg gleda meg. då skal eg drikke masse, og le masse. eg skal nemlig på jerry seinfeld på telenor arena. har eg fortalt det?? i dette høvet, kan eg legge ved ein av mine favoritt seinfeld-øyeblikk!



i tillegg til det, har astrid lova meg å sette av ein heeeil fredag, berre til å henge med meg! inzane bra deal. istad, når eg handla på kiwi så gjekk brannalarmen. og dei som jobba der berre mumla nåkke om at kanskje vi skulle gå ut osv. DEN slække gjengen. neeei. dikka må handle på meny. sjølv om eg har hatt masse good times på kiwi og ;) berre sjå her til dømes:



no er det pizza. peace and love and harmony and flowers and rainbows.

fredag 27. mai 2011

triks og tøffe tips

skal eg vise dikka eit triks?
ok. tomatsuppe er jo ein slager. det var det beste eg visste når eg var liten. MEN den kan bli så jævla masse bedre, dersom ein improvisera berre biiiittelittegrann.

INSTRUKSJON:
lag tomatsuppe uten makaronien i. du kan og bruke toro sin tomatsaus, uten at forskjellen blir vesentlig stor. det kan være meir praktisk med tomatsaus-posen, dersom ein berre lagar til ein person.
PUTT OPPI: basilikum (fersk eller tørka), chili (fersk eller tørka), opphakka tomater og heile svarte oliven. eg brukakje mål når eg laga mat. eg tar alt på gefühlen. så eg veitsje kor masse dikka skal putte oppi av kvar ting. TA DET SOM DET PASSA. smak på det, til det blir godt.
KOK PASTA atmed, og iKKJE oppi sausen/suppen. då blir den rett og slett bedre. når pastaen er perfekt kokt, så må dikka helle den i ein sil sånn at ALT vatnet renn vekk. når den har dampa av seg litt så kan ein putte den oppi kjelen igjen, og ta ca ei spiseskei extra virgin olive oil oppi og røre den rundt om kring. SÅ tar du pastaen i ei skål, og tømme passelig mengde saus oppå. så masse du vil.
PRIKKEN OVER I'EN: hiv på nåke fetaost, ein kvast ruccola eller fersk basilikum. rist ei loffskive, ta smør på, og kutt den evt opp i bita som du drysse på toppen, eller et den atmed.
og så må du drikke rødvin atmed sjøøøøølvsagt.
ét voila:

det går fra å være ein heilt ok suppe-experience, til å bli sånn "mmmmm! ke SKJEDDE med denna suppen??!?!?" akkurat no sitte eg og ser på norske talenter, og veit ikkje mi arme råd. det e så mange flinke folk! eg elska å bli imponert :) gåsehud e det beste som fins. vent, eg må drikke litt meir vin.

eg merka at eg ikkje har fortalt så masse fra 17. mai! eg har berre ein ting å sei om 17. mai. eg såg SÅNN ut morningen etterpå.




gamle gamle røya kristin.

meir vin.

torsdag 26. mai 2011

KAN EG FÅ BU HER????

eg blei så forelska i denna leiligheten at eg nesten omkom og fekk vondt i magen. kan eg please få lov å bu der? eg vil ha ein sånn. eg SKAL ha ein sånn.
og så fekk eg så sjukt lyst på sånn her kake. det skal eg lage så fort eg får tid. heldigvis skal eg på jobb i mårra, så har eg dagens aktivitet dekka. i dag satt eg i ein time på ein stein og glodde ut i lufta. det vakje så morro i grunn. egentlig drive eg å strikka ein gensar og. men det e så slitsomt å strikke med tre fargar, for då viklar trådane seg sånn i hop. offf....
eg vil ha kake!! og rødvin!! heldigvis har eg sjokolade. og cola zero. life is good.

onsdag 25. mai 2011

spennende dag for josefine

i dag skulle eg lever vikinglotto og så spurte mannen om eg var over 18. haha.
etterpå gjekk det ein svart katt over vegen, og som dikka kanskje veit så knuste eg eit spegl i går. sammenlagt blir det eit veldig uheldig tegn... scary.
no skal eg snart på foreldremøte, nei, personalmøte var det. det har eg gleda meg til i heile dag, for då har eg nåkke å gjere på akkurat DEN timen. kanskje 2? eg lever i håpet. om ei veke reiser eg heldigvis til oslo, og skal på stand-up med seinfeld på telenor arena! det blir så brraaa. inntil det lever eg på sveltegrensa for å spare peng til tusen liter øl.


skal vi kline?

ska sei dikka ein ting eg. at ho der hjartesmil, ho e så jævla heldig og priviligert at eg har lyst å denge ho. på ein vennskapelig måte sjølvsagt. ho starta ein blogg ho. og no kan ho faen meg LEVE AV INNTEKTENE ho får på den, og på magasinet ho lagar (som sel i hopetal fordi alle allerede veit kem ho er og elskar bloggen hennas). ho har ein kjæreste som tydeligvis er verdas mest fantastiske person, ho kan reise rundt i europa nett som ho vil, for ho kan "jobbe" kor som helst, når som helst. i tillegg til dette er ho mykje yngre enn meg, og har alt dette på plass som sagt. og sjølvsagt skal ho til london ilag med den perfekte kjærasten sin no i haust. eg berre!!!!! nei. så no har eg bestemt at min blogg også skal slå an så jævlig, sånn at eg sleppe å jobbe i all framtid. 1, 2, 3 here we go.

p.s. eg elskar are kalvø

tirsdag 24. mai 2011

spamma dikka mens eg e i gang

fann denna når eg stumbla. syns den var kul fordi eg kjente meg igjen i så mange punkt, og derfor kunne trøste meg med at eg heilt sikkert opplever ein "spiritual awakening", og at ting derfor er i ferd med å bli superfantastisk bra.

jahei.

FÅKK no e det NUKK. eg fortena ein eksTREMT lykkelig tilværelse. NO! bring it!!!! no har eg søkt på jobba her og der, ønska meg vekk frå voss i eit år, takka nei til jobba andre plassa fordi folk....nei whatever. og nO når eg liksom har bestemt meg for å reise t london, så får eg berre ikkje tak i nok peng til det!! detta MÅ berre ordne seg no! eg MÅ flytte VEEEKKK. eg mÅ få eit bedre liv enn å sitte her å dø ein langsom smertefull død! koffor skjønnakje universet det????? eg treng ein god nyhet, eit lite mirakel, ein sånn liten merkelig twist of fate som gjer at alt berre SNUR og blir BRA! eg har faen meg venta lenge nok.

takk.

mandag 23. mai 2011

coldplay, kom an.

i det siste har eg venta desperat på eit nytt coldplay-album. siden eg elska dei mest av alt på jorda. men akkurat no høyre eg på fix you, og då klara eg vel å vente litt til?
no har eg forresten snart lest ut twilight-bøkene. 


i dag har eg utforska jobbmarkedet i london, rydda rommet og desinfisert kjøkkenet. OG satt på klesvask. eg berre seie det. i tillegg oppdaga eg ei heil vinflaske i kjøleskapet som eg ikkje visste at vi hadde på lørdag når eg faktisk trengte den. bittert.

her høyre eg på fix you:


og her er eg litt for nærme kameraet:


det e litt irriterande når ein går og venta på mail frå potensielle arbeidsgivarar, og så får ein kun nyhetsbrev frå trumf. no stoppa musikken min, så eg må sette på ein ny sang. lika dikka Bon Iver?
veit dikka ke som e det mest slitsomme med å bu her heime? at alt blir bemerka. i går, når eg hadde søndags-depresjon, så satt eg og stirra ut i lufta mens vi åt middag. og så tenkte eg: no kjem mamma til å spørre om eg kjeda meg snart. to sekund seinare: "kjeda du deg i dag kristin?" KOFFOR. kan dei ikkje berre la meg være i fred. no kjem snart pappa heim, og så kjem han til å stikke håve forbausa inn døra mi, og sei: "NEIMEN!!! HA DU RYDDA????" berre vent å sjå. men det fins familiar som ikkje gjer sånt. og som ikkje bemerka ting. og som lar deg være i fred. det er godt å vite. og litt trist.

søndag 22. mai 2011

sunday feeling.

eg veitsje ke eg ska skrive her eg. men viss ikkje eg skrive nåke så kjem eg til å implodere. søndag er ein drittdag. eg veit ikkje koffor eg hata søndaga. spesielt ikkje no, siden eg sjelden jobbar på mandaga... men det slår aldri feil. søndag får meg til å bli deppa uansettttttt. i dag har eg sett fem tusen episoda av greys anatomy. det hjalp litt.
whatevs. eg e gal i håve. nåke eg bevise gang på gang. fann denna i stad når eg stumbla (eg pleie å stumble når eg har lyst å berre døøøø, i håp om at det skal dukke opp nåkke som gir meg eit fnugg av livsgnist):





ska sjå om eg finne fleire fine ting på stumble. wait for it.
jo, denna var litt morsom: http://srslycute.com/0510/brain-fart/

og så lika eg sånt her:






blir heilt krøllete i hjertet når eg ser sånne løve-videoa. eg har så lyst på ei løve som kjæledyr at det e rett før eg berre reise til afrika og legge meg på ein savanne til det kjem ei forbi og ete meg opp. fin måte å daue på.
av og til lura på koffor eg ikkje gjer nåkke meiningsfullt med livet mitt. altså, type...flytte til afrika og bli løvedame/reise til hawaii og lære meg å surfe/bli lege/bli rik/gjere alt på nytt/skrive bok. eg berre giddakje akkurat no. men eg skal jo tross alt flytte til london 1. august ;) då ska eg slutte å syte så jævlig.

torsdag 5. mai 2011

ting som går an å hate.

hallo.

eg er litt som eit lemen for tida. her kjem nåkken eksempel på det.

her i huset har vi EIN brødkniv. ein. sånn som eg tenke, så e det lurt å alltid bruke brødkniven berre til brød. viss ein gjennomfører denne enkle prosessen, så kan brødkniven nemlig holdast i bruk over lengre tid, utan at den treng å vaskast så veldig. nåkke eg syns er gøy og praktisk. DET VERSTE EG VEIT, er å komme på kjøkkenet om morningen for å lage skive, og så ligge brødkniven i ein kald våt dam nede i vasken, mens den sannsynligvis har masse sursild/rødbet/kjøtt på seg. dette er faktisk ein hendelse, gjentatt mange nok gangar, som får meg til å grine. heilt alvorlig. evt grine mens eg skrike EG ORKA IKKJE BU HER LENGER! (så kjem eg på at kanskje eg ropte så høgt at naboen hørte meg og trur eg er gal). men vi har tross alt 53 andre kniva, som kan brukast til ALT, inkludert sursild, kjøtt og agurk. dei berre ligge der til bruk og glede. men NEIDA, HER I HUSET SKAL VI KUUUUN BRUKE BRØDKNIVEN, OG I ALLEFALL IKKJE VASKE DEN ETTER OSS.

neste punkt. negleklypparen. ein relativt ekkel innretning. som ein gjerne brukar på badet. problemet oppstår, når den til ein kvar tid befinne seg alle andre plassar enn akkurat på badet. gjerne på kjøkkendisken. heilt heilt alvorlig. KEM legge ein NEGLEKLYPPAR PÅ KJØKKENET. eg berre spør. sjuke folk. sjuke sjuke folk gjer sånt.

punkt tre. innholdet i kjøleskapet.
eg e HATA å ikkje ha kontroll på kor gamle ting er. eg har strenge reglar for kor lenge ting varer. her i huset, har vi heilt andre reglar for sånt. vi serverar rømme som er frå i fjor, oliven som smakar HØGG fordi dei har stått i tre veker, og vossafår som ser ut som grått tørka spy. snart skal eg jaggu meg få mitt eige kjøleskap, og eg gleda meg så JEEEEVLIG masse. og så kjefta dei på MEG, og påstår eg har bakteriefobi og sånn. eg berre. viss eg har bakteriefobi, så har dei det motsatte. bakterie-elsk. nåkke eg ser på som meir unormalt enn nevnte fobi.

punkt tusen.
alt skal kommenterast. alle tv-program er vidunderlige og fulle av fantastiske opplysningar, som må gjentakast etter programmet er slutt, berre for å understreke kor fantastisk det var. eg har slutta å sjå på tv, berre fordi eg ikkje ORKA å høyre alle kommentarane som hagla rundt meg.

punkt fem tusen.
pusestemme. når eg kjem heim frå jobb, har eg som regel lavt blodsukker, og er sliten. aka DRITsur. heldigvis syns dei folka her at det er den perfekte anledning til å spørre korleis eg haaaar det, om det var slitsomt på jooooob, om eg vil ha litt maaaaat, og så skal dei fortelle om eit fantastisk tv-program dei har sett mens eg var vekke. no tenkjer du kanskje at eg er ein drittunge, som tross alt berre har omsorgsfulle foreldre. ja, kan godt hende. men det e like irriterande uansett.

punkt 93
eit visst kvinnemenneske her i huset, har ein tendens til å bråke. sånn for seg sjølv, på kjøkkenet feks. klirr, dunk, kræsj, bang. alt det der. og så seier kanskje eg og han andre nåkke til kvarandre. og då registrerar ho på kjøkkenet at nåken faktisk seie nåke, og utbryt momentant "HÆ!?" mens ho stoppar i den bevegelsen ho er i, og blir musestille. så må vi rope, "det var ingenting/vi snakka ikkje til deg!" "Ånei." svarar ho då. og så bråka ho videre. eg meina...kor eg logikken. ho står i eit bråk uten like, og høyre at nåkken med normal innestemme pratar i eit anna rom. KOR naturlig er det å sei hÆ!?!?!?!

i tillegg til dette er det veldig viktig å IKKJE skaffe seg eit håndklestativ, men heller legge alle brukte håndkle overalt på/over/atmed dusjen, sånn at ein må grave seg fram og ommøblere heile badet før ein kan TENKE på å ta seg ein dusj. men eg burde tross alt være takknemlig, dei skaffa ny varmtvannstank berre for meg.