tirsdag 28. juni 2011

hyllest til rødvin

Her er eit knippe av dei beste vinane som fins i verda :)


Min absolutte favoritt:
Rosemount Shiraz Cabernet

delt 2. plass:
J.P. Chenet

Valpolicella Classico Superiore Vigneti, di Torbe Ripasso. Domine Vineti.

og så ein som er litt uvanlig, men supergod og frisk. dersom du vil ha ein litt anleis/overraskande smak:

Paul Masson, California Red

sånn. gå og drikk dikka dritings heile gjengen.

mandag 27. juni 2011

fnisfnisfnis

søndag 26. juni 2011

let me entertain you

hei! OG hå.

på onsdag reiste eg til oslo! der var det eit jobbintervju nemlig. på torsdag møtte eg kjære astrid, og åt pizza på min nye stamplass, Grünerhagen. høhøhø, som astrid syns er dritkomisk fordi det er ein uvanleg plass å henge på. men det drite vel eg i! det er laidback der. så drakk vi litt øl, og plutselig drakk vi litt til. og så møtte vi nåken kjekke folk som satt i ein park, og så måtte vi nesten drikke litt vin og, mens vi var i gang, og så vart det rett og slett ein veldig bra kveld :) alle oslo-dagar er bra dagar!
og så, akkurat når eg skulle reise heim igjen, så berre pang! skjedde det nåkke skikkelig kult, og eg mista nesten toget mitt! heldigvis var vogna mi heeeilt på slutten av toget, så eg måtte springe, og då eg satte meg ned i setet mitt så var det nøyaktig 2 min til det skulle gå. då hadde eg reist med bussen til sentrum, og kava gjennom heile oslo s. svett og ekkel satt eg der i ca 6,5 timar. men det gjorde ingenting for eg sov berre uansett. når eg var våken såg eg ut på noregs landskap, og tenkte at jammen er det deilig med sommar og lyse netter :) beste som fins. så kom eg endelig heim, og kollapsa i senga mi. beste senga ever.

her skal dikka sjå nåke kjempekjempefint. eg elskar vatn, og elskar kyssing. derfor er dette midt in the blink.

onsdag 22. juni 2011

viss dikka trenge tidsfordiv, gå inn på http://pinterest.com/natmay/quotes/
der fins det mange sånne søte små morsomme sitat og bilder med tekst, som er ganske morsomme :)



søndag 19. juni 2011

søndag

veit dikka ke, at detta e den tredje søndagen på rad som har vore FIN. can you imagine? trudde ikkje det var mogleg :) i kveld skal eg legge meg, og sjå film på senga. det er det beste som fins. og i kveld skal eg sjå denna:



den har eg sett tusen gangar før. men det e ein veldig bra film. og søte christina ricci som berre e bitteliten, og veldig veldig stilig som crazy lillesøster. eg må sei det, at eg stadig tenke at filmane frå 80/90-talet var så mykje bedre enn dei som blir laga no. dei hadde ein heilt anna atmosfære, og feeling av omgivelsane/naturen/scenografien osv. ein kunne på ein måte oppleve at ein var inne i filmen. spes i sånne filma som denna, dirty dancing, pretty woman, reality bites osv. dei nye hollywood-filmane e så...fjerne liksom. husa og omgivelsane e så dårlig framstilt, og ein oppleve ikkje det rundt skuespelarane som kulisser/scenografi på samme måte som før. alt handla på ein måte om story og zooming og kor pen ein eller anna person e. og alt e så oppkonstruert. skjønna dikka ke eg meina? vanskelig å forklare. eit prakteksemplar til e jo friends. for der og føle du at leiligheten deira e åstedet der alt skjer. eg hata filma som berre sveva rundt og ikkje har ein base for handlingen. sleepless in seattle e og ein veldig bra "åsteds-film". like it.


ellers har eg fått krokodille-dilla. sånne i smågodt. NAHAHAAAAAM.  så no kjøpe eg berre det når eg kjøpe smågodt.

fredag 17. juni 2011

random information

HEI!!!!

her skal dikka få litt diverse artig info from around the globe.

sak #1
det fins faktisk ein krabbe, som (hold dikka fast) blir FIRE meter frå klo-tipp til neste klo-tipp. viss ikkje det er det sjukaste du har høyrt så veit ikkje eg. eg har krabbe-skrekk. heilt grusomt. eg ser på krabbar som ein evil versjon av edderkoppar. for dei e jo tross alt veldig like. men tenk deg ein edderkopp som e fire meter brei da!! inne i stova feks. "HELLOOOO!" og så BRRRRT, så har den sprunge gjennom heile rommet og spist deg opp. fyffffff. eller tenk deg at du e ute i sjøen og bada og har det fint, og så plutselig ser du ein sånn krabbe inn i augene, som er tre ganga så stor som heile deg. FY FAEN I HELVETE for eit scenario. her er eit bilde av ein sånn, for dei som tørr å sjå: grusomkrabben

sak#2
havet er sjukt djupt. og viss ein tenke på det, så e det skikkelig skikkelig skummelt. tenk at dei plassane lang langt der nede, der det e tussmørkt 24/7, faktisk eksistera... og ingen INGEN veit ke som faktisk skjer der nede. eg syns hav-djup er kjempefascinerande å tenke på, og DRITskummelt. eg drømte ein gang at eg hoppa ut i sjøen, og berre sank og sank lenger og lenger ned uten at eg klarte å stoppe. det trur eg e den eklaste drømmen eg har hatt. forresten, har dikka sett filmen The Abyss? den e litt rar og teit, men veldig stilig når du e fascinert av hav og djup. sjå på detta bildet, og tenk over kor masse hav som fins nedi der...
skumlehavet

sak#3
viss dikka e kjent med sida fml.com, så blir denna litt morsom ;) litt sånn teit internhumor på ein måte. eg ler i allefall godt av den. berre fordi den e så teit.
teitesida

sak#4
av og til, er ting som absolutt ikkje burde spøkast med ekstremt morsomme. nettopp fordi det er litt fy å tøyse med sånt. denna ler i allefall eg av. og når eg var i oslo sist så hadde eg og ei venninne veldig morsom voldtekts-humor, og eg fekk den største latterkrampen ever. eg beklagar det, ovafor universet! please ikkje straff meg med å voldta meg. ok? eg skal aldri le av sånt igjen.
slemhumor

sak#5
siden vi e inne på slem humor, OG hav, så må eg nevne denna og. igjen: unnskyld at eg ler, men herremeg, det her blir jo berre for dumt.
gamle damer

torsdag 16. juni 2011

JA

kall meg gjerne snodig, men detta e nåke av det FINASTE eg har sett på LENGE!
http://www.nrk.no/vitenskap-og-teknologi/1.7676042

onsdag 15. juni 2011

kan eg få ein sånn?

tirsdag 14. juni 2011

baah

HEI.
eg e sur og sint.
eg veitsje ke eg skal skrive. eg giddakje lese dei siste hundre sidene i twilight-boka, og eg giddakje sjå på tv, og det einaste eg har lyst til er å prate med nåken, men ingen gidda å prate med meg på facebook i dag. og kor ellers skal eg prate med folk? i helga fekk eg lov å prate masse masse. det var kjekt. eg besøkte dei søtaste jentene i verda nemleg. æsj, for eit totalt meiningslaust blogg-innlegg. eg har lyst å legge meg. skal legge meg og sjå greys anatomy og drømme om McDreamy. ha. dream about mcdreamy liksom.
eg e fantastisk.

HADET.

torsdag 9. juni 2011

think, respect og say a little prayer for you













omtrent sånn ser eg ut når eg høyre på aretha franklin.

onsdag 8. juni 2011

liste

no skal eg skrive nåkke så kjedelig som ei liste. mest fordi eg kjeda meg. og litt fordi eg verdens mest interessante person, så eg reknar med alle vil vite alt om meg.

mine favoritt-seriar, men i litt tilfeldig rekkefølge.
1. Sex and the City (fordi den berre...forklarar alt).
2. Grey's Anatomy (fordi den e full av sånne følelsar som eg til stadighet er full av, og fordi det ikkje fins nåke meir rørande enn sånne scener:)




og av og til e det morsomt, fnis fnis:



3. Dexter (fordi du blir hekta, og må sjå videre videre og nesten dør av spenning).
4. Californication (men berre første sesong. etter det blir det berre deprimerande. men AKK første sesongen er berre så drit romantisk, på ein SÆR sær måte).
5. Cougar Town (feelgood! og så drikke dei vin heile tiden. bonuspoeng. og så e laurie så søøøøt).



6. Judging Amy (eit litt merkeleg valg, tenkjer du kanskje. men eg likar den fordi ho jobbar som dommar i ungdomsretten, og fordi mora er verdas beste person som jobbar i barnevernet, og derfor oppstår det utrulig masse interessante saker og problem, som eg syns er spennande å sjå på. ein serie med litt INNHALD OM DU VIL).
7. Big Bang Theory (hysterisk morsomt til tider. rett og slett. HY-STERISK. i heart sheldon.)
8. Secret Diary of a Call Girl (london + puling. heilt ok kombinasjon).
9. Friends (må nevnast fordi det er historiens desidert mest vellykka serie, som ingen nokon gong kan slå. ingen.)
10. Black Books (fordi Dylan Moran er så genial at du nesten ikkje kan forstå det. ELSKAR ELSKAR ELSKAR.)

tirsdag 7. juni 2011

i heart oslo

i am back. frå oslo. og med ein gang toget nærma seg voss så kjente eg at hjertet mitt berre....visna. så kom eg inn i bilen til pappa, som er snill og alltid hentar meg på stasjonen, og så fortalte han meg heldigvis alle detaljane om ein tur dei hadde vore på. så kom eg heim, og siden det har eg vore djupt apatisk og deprimert. eg har hatt det så fint i oslo!! hakje hatt det så fint på lenge eg. alle dagane var fine.
skal dikka sjå nåken bilder? dei ekje så veldig morsomme eller spennande. men eg må jo ha nåkke å vise fram.

føøørst, på fredag, var eg og astrid i vigelandsparken. først skulle vi ete salat, men den mista astrid utover seg sjøl, så da måtte eg ete salat aleine. så såg vi på alle dei obligatoriske sjåverdnadane. dei var faktisk sjåverdige.





etterpå vart det mykje sånn:

og kaffikopp med rødvin, så ikkje politiet skulle komme og ta vinen fra meg.


i oslo hadde dei nemlig knallblå himmel og varmt og deilig vær! så vi kunne sitte ute i sola dagen lang, og drikke øl og vin. det var stoooor stas. så skjedde det eit mirakel! vi satt i parken, og rødvinen min hadde det kjempebra, og så berre heilt plutselig så innsåg eg at coldplay hadde komme med ny sang!!! eg måtte sjølvsagt høyre på den på min kjære uunnværlige iPhone, og då var dagen og lykken komplett skal eg sei dikka. etter eg hadde drukke tre liter rødvin, gjekk vi ut på ein plass som heitte Aku Aku for å drikke litt meir. då innsåg eg at eg kanskje var litt brisen, siden vi hadde drukke siden klokka to. jaja. på Aku Aku hadde dei sånn tropisk innredning, MEN dei hadde ikkje ein einaste drink som inneholdt Malibu! WHAT! dei kan ikkje kalle seg ein Tiki-Bar, når dei ikkje har verdens beste rom! JEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEES. så da måtte eg drikke ein blå drink med nåkke kokos-greier istaden. den var ganske god.
etter det kjøpte alle burger-meny på mcdonalds, men eg var lur og kjøpte to hamburgarar istaden, fordi det var billigare/genialt. då syns dei andre eg var skikkelig teit, så då krangla vi litt om det. men det var faktisk eit genialt trekk av meg. så trur eg vi gikk heim, men det har eg visst glømt. klokka seks våkna eg og kjente at eg kanskje burde drikke litt vatn.

dagen etterpå var eg på Jerry Seinfeld på telenor arena! hiiiihi. han er ein herlig fyr. HERLIG fyr. berre synd at telenor arena er ein skikkelig MØKKAPLASS. med lange køar til ølen, og vonde seter.

søndag var eg på øyhopping i oslo-fjorden, og i enda ein park med søte venninner frå gamle dagar. beste søndagen eg har opplevd siden i fjor. herlige dagar!!
berre sjå så søte dei er:





i går åt eg den beste indian-fooden ever. som var kylling i ein saus av fløyte, rødvin, kokos og pepper! SHIT, det var godt det. og siden den var så god så ville eg ikkje dele med dei andre. då blei aleksander sur, så da fekk eg ikkje smake marshmallows av han etterpå. jaja. kristin doesn't share food. deal with it ;)

i dag tok eg toget heim som sagt, og begynte å grine fordi eg ikkje ville reise. buhu.

fredag 3. juni 2011