søndag 28. februar 2010

mandag igjen

som tidlegare nevnt, så kjennest alt grusomt kjedelig ut for tida. eg har ein fryktelig altoppslukande følelse av at livet mitt er totalt meiningslaust. rett og slett. det høyres litt drøyt ut. men, det eg meiner er at det er liksom ingenting som gjer at eg tenker "wow! life is good :D" nope.
mandag er spesielt herlig. ny veke, samme gamle kjedelige kvardag. skule, som eg akkurat no syns er fryktelig meiningslaus og spør meg sjøl om koffor eg gidda. og så er det i tillegg jobb kvar mandag. kiwi-jobb. jobben eg har hatt i tre år, og som eg hatar meir og meir for kvar dag som går. ikkje fordi det er så grusomt i seg sjølv, tiden går fort nok og arbeidet er heilt ok, og til og med litt variert, MEN. men. men. det er så masse anna.

eg treng ein mission. trudde eg kom til å føle mastergraden som ein mission. men det føles meir som ein hindring.

dersom eg kunne velge, hadde eg vore ein heilt anna plass. akkurat no. i allefall ikkje her.

onsdag 10. februar 2010

this is my life pleide kim larsen å synge

eg kjedar meg.
kvar dag.

NÅR var sist gang det skjedde nåkke fantastisk??? eg meina... eg e ein relativt romantisk person. dvs, eg er naivt håplaust optimistisk når det gjeld kjærleik og romantikk. kvar dag tenkjer eg: oo! kanskje det skjer i DAG!! i DAG kjem det mest fantastisk romantiske kysset over alle kyss til å skje med AKKURAT meg. tenkjer eg. for eg har lært at ein må virkelig fokusere og tenke og drømme om det ein vil ha. derfor tenker eg også at i DAG kjem kanskje HAN til å dukke opp på døra mi med ein svær diger bukett eller ein ring så svær som eit fjell, eller ein kattunge for den saks skyld, og sei: KRISTIN! VISS IKKJE DU VIL GIFTE DEG MED MEG I MÅRRA SÅ GIDDAKJE EG LEVE MEIR!! (ok, det var litt vel dramatisk. men dikka skjønna poenget.)

EG VIL AT DET SKAL SKJE NÅKKE FANTASTISK. ingenting mindre enn fantastisk er akseptabelt akkurat no. på søndag er det til og med valentines day. ein dag der det ABSOLUTT burde skje fantastiske ting. AM I RIGHT? så komanigjeeeendaaa!


..................