torsdag 16. oktober 2008

musikk og bilde

eg e ein fantastisk stor fan av scener frå film/musikkvideoar, der sangen og handlingen på ein eller anna måte laga eit magisk øyblikk som gir meg gåsehud, tårer i augene, gledesklump i magen osv. her er tre av mine favoritt-snuttar, som eg ikkje kan la være å bli rørt av. kvar gang.


Frå filmen Grace of my heart:



Frå Before Sunrise (Favorittfilmen min.)



Sex og singelliv....



onsdag 15. oktober 2008

vil til hellas.... <3



ja, eg drøymer meg vekk til ei gresk øy. skulle gjerne budd eitt år i eit lite kvitt murhus, ved ei lita havn, i ein liten by, i hellas. i filmen mamma mia feks, der er alt heilt perfekt. når eg såg den filmen fekk eg lyst å hoppe inn i den og bli med å hoppe, danse, synge, bade osv osv. 

ta meg med til ei gresk øy. no.

tirsdag 14. oktober 2008

"Being aware of your crap, and actually overcoming your crap, are two very different things."
-Christina Yang

mandag 13. oktober 2008

San Jose....

"...well you're still so young
but you feel so old
it's just the things you been through
that are making you cold.

i think your going to turn soon
gotta be careful with my moves
just might loose you for good..
listen i can't fight your demons 
cause i'd have to fight you,
cause there so far inside you 
and i just can't seem to get through
it ain't none of my business 
it ain't none of my place
but i still had to try."

Joe Purdy-San Jose....fine sangen.

søndag 12. oktober 2008

framtid? anyone?

kristin likar ikkje å tenke på framtid. å ta ein beslutning om nåke som helst er mitt største problem. eg er eit offer for vår samtids individualisme og framandgjering, samt at eg har ein brist i den ontologiske tryggleiken. 
ha.
sosiologi folkens. look it up.

lørdag 11. oktober 2008

i dag har eg:

-fått kjeft av sjefen
-nesten begynt å grine på lageret etterpå
-vore vitne til at ein full gammal mann skjelte ut ein søt liten gutt for INGEN grunn, så den lille gutten blei så vettskremt at han grein i ti minutt etterpå. 
-handsama ein full gammal mann som prøvde å kjøpe øl av meg
-vist omsorg (!) for ein full gammal mann, som til slutt var snill som eit lam
-fått kjeft av kunde som var bunnlaust skuffa over det meste egentlig
-gjort trettitusen ting samtidig

og atpåtil vore fyllasjuk.......... ikkje ein bra dag så langt med andre ord! men no skal eg kose ræva av meg resten av dagen! for eg har snop, film, greys anatomy, god middag, rosa pysjamas, fanta b'good, og masse meir fint :) 

torsdag 9. oktober 2008

jobb... always a pleasure.

du veit du har hatt ein bra dag på jobb når du omsider er så lei av å banne, at det einaste du gidda å bruke energi på å sei til deg sjøl når ENDA ein ny artig "krise" oppstår er: FITTEKUK. 
eg trur eg sa det ordet 79 gonger i dag. 

det var ein sånn dag der alt som kunne gå gale gjekk gale, når det ikkje måtte gå gale. hurra for det! i tillegg så pisseregna det akkurat når eg skulle gå heim. store feite kuk-dråpar som plaska seg ned på heile meg, og eg gjekk og sutra for meg sjøl, og ikkje ein gang bob kunne redde meg frå fortapelsen. på sånne dagar er det berre ein ting eg får lyst til, og det er å ligge under dyna med ein fin film og ete eitt eller anna usunt. men det har eg vel egentlig gjort nok i det siste.
men men. det var tross alt ein dagen derpå. ke kan ein forvente? i går var eg shjempe sånn der full. sånn går det når ein e på quiz og får mannen til å spele alle dei beste sangane som fins der ute, og til og med møter folk som har akkurat dei samme favoritt-sangane som du har. då er det lett å pilse seg litt forbi det som er fornuftig, og tenke at livet er til for å bøllast med ;) spesielt når trine gir meg øl, og er søt, som ho alltid er. and her hair was still red :) (hei trine!)
eg hoppa og spratt meg bortover bryggen mens beach boys, the byrds, beatles og bob sang til meg, og torunn dansa meg i møte og vi lo masse. 

trur eg <3