onsdag 17. mars 2010

UPPGØVE-INNLEVERNAD

EG HAR LEVERT EI KJEMPEVANSKELIG OPPGAVE.
:D

først var eg dritforbanna. fordi eg hatar å levere oppgaver. det er alltid så masse peees akkurat på slutten. usaklige små ting som skal fiksast. og så prøver han der geeken vegg i vegg med meg å hjelpe, men då blir eg berre sur og stressa, fordi eg vil klare sjøl.
OG FORRESTEN: kan dei som har funne opp Word og Open Office krype opp i si eiga rompe og dø? TAKK.
etter at eg hadde levert var eg såpass oppskaka og forbanna, at eg såg meg nødt til å sette på den sintaste musikken eg fann. det var litt ymse. som feks no use for a name, guns n roses og rage against the machine. det hjalp VELDIG! aaah.
no har eg ekstremt lyst til å drikke meg dritafull ilag med nåkken som veit å sette pris på alkohol sånn ca klokka tre ein onsdag.
eg går i allefall på polet og kjøper masse vin. har tenkt å sjenke nicolai full i kveld, når han kjem på tv-kveld. thomas og. men det kan bli ein utfordring. må legge ein slagplan. kanskje viss eg seier det er ein ny type protein-shake.

ellers, er alt litt forbanna inni meg i dag, og eg har frykkkteliiig lyst å slå ut håret fullstendig. det er vår-syndromet mitt som slår inn! alltid når våren kjem får eg ein ekstrem trang til å være russ igjen, og virkelig berre ha det kjekt ilag med kjekke folk, være full på usømelige tider, ligge på eit svaberg under ei gran og kline, og liknande perversitetar.

hei og håååååååå

søndag 14. mars 2010

prisoner in the reign of love

i dag kan eg berre ligge på sofaen og fundere. liksom ingenting anna som er tiltalande.

det skjer så masse. og no ER det vår. og i sommar kjem alt til å forandre seg, og til høsten blir alt anleis, og om eit år er eg nesten master i sosiologi.

det har vore ei veldig bra helg.

og i mårra gjer det ingenting at det er mandag, for ein gangs skyld.

jentene på farmen kranglar, og eg veit ikkje kem av dei to som er mest patetiske. kanskje ho som så elegant konkluderte med at all krangel mellom jenter handlar om sjalusi. for det er ikkje sant. eller kanskje nettopp fordi det er sant.
eg har krangla nok med jenter kjenner eg. derfor har eg slått meg til ro med at eg er ei guttejente. gutar er mindre skumle enn jenter å forholde seg til. jenter er så fryktelig kompliserte ;) ikkje alle. heldigvis. det fins eit par som er relativt enkle å forholde seg til. takk og lov. for uten ho, og dei, så hadde eg vel gått fra vettet. det er jo faktisk ikkje alt ein kan snakke med gutar om.

eg merka at eg savna jenteprat, men dikka e så fryktelig vanskelige å stole på. av ein eller anna merkelig grunn.

lørdag 13. mars 2010

pulemusikk. ....you heard me.

eg lar overskrifta tale for seg, og skriv herved ei liste med sangar. inspirert av nokon andre sin idé om ...ei slik liste.
.No sound but the wind - Editors
.New Moon - Alexandre Desplat
.Aftermath - New Violators
.Whole lotta love - Zeppelin
.Don't go away - Oasis
.I'm outta time - Oasis
.Fix you - Coldplay
.Violet hill - Coldplay
.Desire - U2
.Happiness is a warm gun - Beatles
.I want you - Bob Dylan
.Girl from the northcountry - Bob Dylan
.Favourite girl - King Creosote
.Falling away with you -Muse
.Blackout - Muse

takk og farvel.

onsdag 10. mars 2010

please brother let it be

no høyrer eg på masterplan av oasis. beste sangen.

for to år sia høyrte eg overstadig masse på den sangen, og var ekstremt ulykkelig. no høyrer eg på den, og er relativt lykkelig :) ikkje verst.

sånn apropos kvinnedagen. eg lar meg stadig provosere. eg er anti-kvinnedag.
eg er anti likestilling nesten. men det er litt feil å sei. eg er sjølvsagt for likelønn. for å ha mitt på det reine. og for pappa-permisjon. for å understreke: likestilling er IKKJE lik meir makt til kvinner. for det blir feil. skal det være likestilling skal det være like mykje fokus på menn som på kvinner. og er det nåkke vi burde virkelig FEIRE viss vi først skal ha ein kvinnedag, så burde det være koffor vi kvinner er så fantastiske, unike og ANLEIS enn menn. ...å gå rundt med ein påklistra bart er i så fall mot sin hensikt, slik eg ser det, og gjer meg fullstendig apatisk og kvalm. det blir som å sei: eg vil helst være ein mann!!! og det vil vi FAEN MEG IKKJE! (eg SER poenget deira, om at barten på ein måte er ein protest osv osv, men faen heller).

eg krev ein reformasjon av kvinnedagen. den burde være ein dag vi kunne feire. hurra for kvinner. sånn som den er no, så er den berre full av klaging og syting og ekle feministar som har lyst å drepe alle menn.

eg syns kvinnedagen er ein ekstremt tåpelig, unødvendig dag. vi trenge faen meg ikkje ein eigen dag for å vise kor fantastiske vi e. det at VI har ein dag, og ikkje mannfolka er berre med på å understreke kor tåpelig dagen er. ooo, vi er det svake kjønn, vi treng ein dag avsatt til å komme oss fram i verda. PFFFT. eg klara meg fint sjøl takk!!!

vi SKAL være forskjellige. vi HAR ulike hjernar. vi UTFYLLER kvarandre fordi vi har ulike eigenskapar. hurra for DET :D
eg skal lage ein dag som heiter KJØNN-dagen. då begge får lov å være med å feire kor flotte vi er, kvar på vår måte.

lørdag 6. mars 2010

daglegvareobservasjonar

å jobbe på butikk er å få eit unikt innblikk i korleis folk er. rett og slett. korleis ER folk. kanskje det e derfor eg gidda å jobbe på dagligvarebutikk. for eg er jo unekteleg interessert i menneskeleg adferd. ok. i dag. ein typisk laurdag.
ting som gjorde meg forbanna (inni meg vel å merke, eg er nemlig ein utmerka kundebehandlar, som ALDRI blir sur og sint):

- folk som avbryte meg MENS eg hjelpe ein anna kunde. fordi dei meinar at det dei treng/held på med er EKSTREMT mykje viktigare. "UnnSKYLD, kan jeg blablablabla". NEI, det kan du FAEN meg ikkje. får eg lyst å sei. VENT TIL DET E DIN TUR!

-folk som har dårleg timing. dvs, dei som finn ut at det er aller mest praktisk å spørre meg om eg kan hjelpe dei å hente/finne/leite/ta ned/ noko, AKKURAT når eg har hendene fulle av papp/råtne epler/TUNGE ting som er kalde. helst all of the above. og helst spør dei gjerne etter at eg allereie har blitt avbrutt i denne prosessen to-tre gonger tidlegare.

-folk som gjer eit poeng ut av at dei har dårleg tid, og må ekspederast i super-tempo. VISS DU HAR DÅRLIG TID SÅ DRIIIIIT I Å GÅ PÅ BUTIKKEN OG GJER DET TIL MITT PROBLEM.
utdjupande "eg har dårlig tid adferd": trippe, sukke høglydt, sjå på klokka, himle med augene, sjå seg stressa over skuldra, replikken "eg har dårlig tid skjønnar du", rekke ut neven etter vekslepengane ti minutt før dei kjem, knipse (ja faktisk nokon som gjer det) etter kvitteringen. lol. sug meg. seie eg berre til sånt. og somlar litt ekstra masse berre på pur.

-folk som er drita/rusa. den treng ingen utdjuping.

-folk som seier "hadde du posen eller?!?!" når eg allerede er på veg til å gi den, eit tredels tidels sekund etter spørsmålet "treng du pose?". CHILL THE FUCK OUT! EG HAR IKKJE GLØMT DEG. ENDA. EG HAR EIT SYSTEEEEM HER, GO WITH IT. KOR RASKT TRENGE DU DEN UANSETT!!??

-folk som stressar (litt likt folk som har dårleg tid, men likevel substansielt forskjellige typar), og helst skal pakke varene nedi posen MENS eg slår dei inn, aller helst før.

-gamle folk (ja, dei e søte, men JEEES!) som spør: HVA KOM DU TIL DA??? eit mILLIsekund etter siste vare e slått inn, men aller helst FØR alt er slått inn, og tre timar før eg faktisk kan skimte prisen på skjermen min. aller helst seie dei det samTIDIG som eg spør: "treng du pose?" sånn at alt berre blir HEILT kaos og mayhem.

-folk som seier "Ja." når eg seier "hei!". lol.

-folk som ikkje seier eit pip. og då meinar eg ikkje eit pip. "Hei!" (......) "35 kroner blei det." (........) "trenge du pose?" (..................) NEIVEL. GREITTTTTTTTT. HA DET SÅ JÆVLA BRA DIN SAME.

-folk som ikkje trur på det eg fortel dei. antageligvis fordi eg ser så ufattelig pen og vakker ut, at dei trur eg er blond enda eg ikkje er det. vanlig problem i mitt liv. anywho, dei spør gjerne: "kor lenge er det åpent i kveld?". og eg svarar med eit smil: "til elleve!" og så haaaar vi det gåande du.
-til elleve?!?!?!
-jepp
-i KVELD???
-yes sir!
-til ELLLEEVEEE??????????????
-JA.
-....på ein LØRDAG???????????????? (med tilhøyrande vantru ansiktsuttrykk)
-.....................ja.
-sååå lenge???
-jau, det e litt lenge ja, he. he. he.
-e du sikker???
(rundt omkring her pleie det å bli vanskelig å være høflig).
-.......frøken, eg har jobba her i tre år, eg trur eg veit kortid vi stenge butikken om kvelden. ok?

og no kjenne eg at det får holde. og no har eg ikkje ein gang nevnt han som ikkje visste ke ein purre var, og trudde vi var tom heilt til eg putta ein purre i handa hans og sa: dette er ein purre. -e dETTE en purre?
-...ja?
-e du sikker?
-JA.
-men det står jo pastinakk på skiltet....
-det skiltet er på feil plass.
-så dette er ein purre altså?
-dette er ein purre sist eg sjekka.
-så det e du sikker på.
-ja, eg kan vedde tusen kroner på det
-då vil eg gjerne ha dei tusen kronene mine med ein gang.
-he. he. fuckings jævla heeeee.

så.
ferdig.

torsdag 4. mars 2010

om oppgaveskriving

ok.
foran meg har eg ei ekstremt komplisert og umulig statistikk oppgave, som involverar eit dataprogram eg såvidt har begynt å skjønne 10 % av. dette er også ein del av statistikk: kvadratrot, regresjonsanalyse, korrelasjonskoeffisientar, standardavvik, signifikans-testing, nullhypotese, dummy-variablar (variablar generelt), osv.

og istadenfor å begynne, så sitte eg å spela bejeweled. dette fantastiske spelet på facebook som er ekstremt vanedannande. sukk. og så sitte eg i tillegg og kjefta på meg sjøl fordi eg går på master og ikkje har ein jobb allerede. sånn som alle andre har. eg ligge seriøst fem år bak alle andre når det gjeld å skaffe seg eit liv. og det er deprimerande.

om 15 min skal eg begynne å jobbe med oppgava.
ikkje eit seKUND før.
dessuten har eg lyst å kline.

hadi!

tirsdag 2. mars 2010

elskar å hate

ok. av og til elskar eg å hate. for då får eg liksom utløp for alt mulig sinne og jævelskap som bur i håve mitt. ikkje så dumt i grunn. det eg hatar akkurat no eeer:

snø. faens jævla DRITT! eg hata deg snø!!!
KOFFOR MÅ SNØ EKSISTERE???

i tillegg hata eg folk som skrive blogg, som berre skrive om ting som ikkje interessera meg, men som e så idiotiske at eg berre MÅ lese, nettopp fordi det er så UFATTELIG at det går an å sei så masse PISS på ein gang. og eg e jo stadig fascinert av FOLK, og kor dumme folk kan bli. ettersom eg sjøl er ekstremt intelligent og feilfri. så derfor må eg bruke masse tid på å lese folk sine IDIOTISKE bloggar, nåkke som egentlig e fryktelig deilig og gøy, så eg skal ikkje klage.

ein ting til eg hatar, er folk som GLOR. HERREFRED DA MENNESKE! med mindre eg har ein katt på håve (nåkke eg forsåvidt skulle ønske eg hadde fordi det ser ganske koselig ut akkurat her: http://www.sol.no/klipps/video/dette_skjer_hver_eneste_kveld), så KREVE eg at folk oppFØRE seg med det eg ville kalle miniMAL folkeskikk, og ikkje glor på meg. heller ikkje stå oppå meg i butikk-køen værsåsnill. og ke e greia med folk som blir OVERRASKA over alt mulig?? går det an å berre holde alle sånne ytre tegn på at du observerar andre for. seg. sjøl?? eg SER at du ser på meg, så LA VÆRE.

ein tredje ting.......? nei, tenk det kan eg ikkje sei, for det har eg ikkje lov til.

koz og klemz og blomster og rosa skyer og regnbogar OPP i rompa di.