torsdag 19. august 2010

typpisk dagen derrpå

sliten. svolten. og voldsomt lyst til å sovne på nåke(n). kanskje mens eg blir klødd i nakken.
bergen og øl i går kveld, stor suksess! rart å være tilbake i byen, berre på besøk liksom. life is weird.
no ligge eg på sofaen og har tenkt å bli her ei stund. pappa skremte meg med å skulle tapetsere rommet mitt istad, men trur han skjønte relativt kjapt at det ikkje var dagen for slikt. heldigvis.
lyst på cola og snooooop.
i will go away now. hotel cæsar is my friend.

mandag 16. august 2010

:) babykos og ingvildkos

på søndag fekk eg besøk av ingvild og nias. i hearted it.
håret mitt gjer så masse rart på detta bildet at eg nesten ikkje orka å ta stilling til det, men det ekje det som e poenget. poenget er at søndag var ein skikkelig fin dag :)

onsdag 11. august 2010

nammen åååå......


pusen heite Lisja... og er verdas goaste. 

tirsdag 10. august 2010

...and how to live it

onsdag 4. august 2010

notabene

eg ser i etterkant at bloggen i går høyres meir dramatisk ut enn godt er ;) den skumle mannen er fortsatt ein drittsekk av beste kaliber, men det dreiar seg om noko relativt ufarleg og materialistisk. så ikkje tru eg har blitt voldtatt eller nåkke sånt. ok?

i dag er eg ganske glad, fordi eg skal treffe astrid i mårra :) :) vi skal drikke vin og sjå grease og mimre om gamledagar. verdens beste aktivitet med verdens beste venninne. hurra!!!! :D
mamma har bursdag i dag, og eg skulle være eksemplarisk dotter å bake skillingsbollar. men så virka ikkje deigen, og bollane blei berre heilt rare. dessuten lagde eg brownies på søndag, og dei virka heller ikkje! har ikkje bake-karmaen inne denne veka :/
o! har dikka sjekka ut Kindle? eg elska det! hurra for spontan-kjøp av deilige bøker, som ein kan lese på macbooken og mobilen i hytt og pine!!! har komme halvvegs i Sylvia Plath no, og likar det eg les.

no skal eg dagdrøyme litt. hadet på badet. ethan hawke (my all time favourite hunk) er forresten blitt hot igjen, på sine eldre dagar. berre sjå Daybreakers så skjønna dikka :)

tirsdag 3. august 2010

eg kjenner ein mann

eg kjenner ein mann som eg ikkje veit om eg kan tilgi. og det er ganske drøyt, for eg likar å tilgi.
denne mannen er så sta, grisk, egoistisk, utspekulert, kald og usympatisk som det går an å bli. likevel trippar han rundt, og lever sikkert eit heilt ok liv. uten å ta inn over seg kva han har gjort. dette som gjer at eg fortsatt i dag, 6-7 år etter det skjedde, kjenner at blodet brusar når eg tenkjer på han og alt rundt han. det vekker fortsatt så masse sinne i meg, at eg kunne slått han så hardt eg berre klarar, dersom han sto framfor meg. han stjal noko frå meg, som betydde veldig mykje. noko som framleis kunne vore ei stor glede i mitt liv, og som eg rett og slett savnar så mykje at det gjer fysisk vondt.
eg veit at denne mannen aldri kjem til å forstå eller endre sin måte å tenke på. så det er ingenting eg kan gjere for å få tilbake det han har tatt. derfor er det ekstra frustrerande. i tillegg til å stjele, så skryt han no av det han har. som han skulle ha delt. eg lar meg stadig sjokkere over denne mannen. og eg er framleis lei meg for det eg har mista. berre så du veit det. din jævla drittsekk.

eg beklagar den kryptiske historien... men sånn er det berre.

søndag 1. august 2010

sånn kan det gå

ok. føler meg forplikta til å oppdatere.
men veit ikkje ke eg skal vektlegge.
ok. pust. eg har no flytta til voss. på skikkelig. eg pakka ut av verdens beste leilighet i lille øvregate på onsdag, og for å være ekstremt ærlig så syns eg det sugde. skikkelig. så masse at eg måtte grine i ca ein time mens eg vaska kjøkkenet. OM det må ha sett tragisk ut. føltes som ein scene fra ein film. filma frå utsida av vindauget, med trist musikk, og så liksom berre zooma dei inn på fjeset mitt med mascara over ALT og tårer og snørr som berre flyte fritt, mens eg iherdig SKAL få vekk alle flekkane på disken. nok om det og sånn.
så kom eg til voss, og fekk på plass sofaen og teven på mitt nye rom her. då føltes ting...nesten levelig. så isolerte eg meg på det rommet under dyna i ca tre-fire dagar mens eg stirra apatisk på macbook-skjermen min. men eg har faktisk vore særs produktiv oppi heile den tragiske prosessen og. eg haaaaar...trommevirvel....fått meg jobb!!! men før dikka blir fryktelig glade og oppmuntra på min vegne, så skal eg informere om at nevnte jobb er på meny. meir matvarer altså. jaja. what can you do. no tenar eg i det minste peng. og dessuten er meny mykje bedre enn kiwi! på ALLE punkt.
ellerssss er humøret fryktelig dårlig for tiden, og det einaste eg egentlig har lyst til å er å stikke av til australia, italia, hellas eller kor som helst, ilag med dei beste folka som fins. på voss er det nemleg frykkkkktelig einsamt for ein stakkars liten bollefisk... i dag har eg brukt mesteparten av dagen til å lese Sylvia Plath - The Bell Jar. nok sagt.

i dag blei det visst august og. det betyr at eg skal begynne å jobbe med masteroppgava mi sånn ca i dag. men eg har ein følelse av at vi tar det i mårra.