eg blir ofte veldig forandra etter ei jul. det er forandringens tid for meg. og eg elskar å begynne på eit nytt år. dette året som har gått har rett og slett vore eitt av dei verste åra i mitt lille liv. så det er med glede eg seier farvel til 2008... eg er SÅ klar for eitt nytt og betre år :) med blanke ark og fargestiftar tæll.
ein gang i mars...trur eg...for snart eitt år sidan, satt eg på ein benk i bergen by og hadde det slettens ikkje særlig bra. eg ville helst at alt skulle ordne seg berre eg knipsa med fingeren, og blei håplaust forferda viss nåkken ymta om at det kanskje tok litt lenger tid før ting "ordna seg". då høyrte eg denne sangen her... og tenkte hjeeelp, tenk om ingenting ordna seg akkurat no, og eg må vente heilt til JUL før eg har det bra igjen!? ......no har det seg slik at eg har holdt ut alle dei dagane innimellom. ved hjelp av litt magi og litt bedøvelse, og litt glede, og ein stor dose søte venner som heldigvis aldri gir meg opp sjøl om dei absolutt ikkje forstår meg ;) ...please hold ut med meg litt til, for eg gjør så godt eg kan.
from all of me to all of you a very merry christmas <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar