torsdag 29. januar 2009

oss to i oooschlooo

hei!

eg har vore i oslo i 4 netter og 5 dagar ca. og fy farao for ein fin tur! (legg merke til at eg bokstav-rimar). horoskopet mitt fekk rett og slett veldig rett. der sto det nåke om at den helga her osv, var perfekt for ein reise. and it was. berre gøy og kos HEILE tiden.


....eg er så heldig som kjenner så søte folk!!!

det einaste som er dumt, er at sånne fine turar tek slutt. eg kjenner at eg ikkje har så masse å fortelle om turen, fordi ALT var så fint. men det skal nevnast at eg tryna foran køen på mono, at eg sølte veldig masse chai, at eg hylte av skrekk når eg måtte springe over vegen med astrid for å nå trikken, at astrid lo av meg fordi eg var så LITEN i STORE oslo, at gunhild har verdas finaste leilighet der ein kan sove under eit palmeblad, at maja også har verdas finaste leilighet og framleis er den søte pusen ho alltid har vore, at grønne epler med kanel-dryss er min nye favoritt-ting, at oasis-konserten blei ALT eg håpte på pluss enda litt meir lykke, at liam gallagher er min nye drømmemann, at hårkur hjelper, at trikk er kos, at vinter er kaldt, at oreo-milkshake på fridays er GODT, og at det IKKJE er lov å ete kebab i drosjen ;)
eg meina det. oasis... det er lenge siden eg har smilt kronisk i over ein time i strekk. det gjorde eg i spektrum på tirsdag... <3>
no sit eg her med eva solo-kanna mi igjen, og er glad for at eg har ein pappa som veit at eg likar å drikke tonnevis med te når eg først er i gang ;)

og så drøymer eg om alle dei tinga eg så gjerne vil ha/oppleve. og så er eg veldig veldig rolig, for første gang på lenge................................... <3
og dette er ein nydelig liten gullklomp:


Ingen kommentarer: