ting som irriterar meg, som eg berre burde lære meg å takle ;)
på jobb:
-kundar som omtrent hoppar bak kassen for å kunne sjå alt eg slår inn, og står og heeeng over meg for å kontrollere at eg slår inn riktig type bananer osv. "detta var dei bananene te 9,90." Å NEIMEN VAAAAR DEEEET, DET SÅG EG IKKJE DUUUUU!! piss off.
-folk som er så stressa at dei må MOSE alle varene oppi posar helst FØR eg har slått dei inn, og til og med faktisk tar ting ut av hendene på meg. desse er også ofte dei samme som pratar intenst med nabokunden samtidig ("nai! e da DU so e ute og handla?!?!?"), og som slår feil kode på kortet, og som blir heilt fjerne dersom du spør dei om dei treng kvittering. "vil du ha kvitteringen?" *glor intenst ut i lufta* ....laaaaaaaang pause............ "hm?" "kvittering." "eeeeeeeeeeeeeeeh, *ser ned på varene dei har kjøpt* neeei. ......ELLER JO!!!! JO! VISS DET IKKJE ER FOR SEINT DA?!?!?!??!" *sukk*
-folk som trur dei har dei meir travelt enn alle dei andre som står i kø og ventar. kudos til min kollega som faktisk snakka t ei slik ei her om dagen ;) noko eg alltid har drøymt om, men aldri tørr. desse ber gjerne om at du tek ein ekstra kasse, når du har armane FULLE av papp og läkerol, og det berre er TO kundar i den kassen som allerede er åpen. DÅ fåkje du nåkke smil av meg asss. "takk ska du ha, eg ha da SO travelt, ehehe!" "MHM. fett for deg. gå vekk plz."
-folk som svarar sarkastisk overhyggjeleg tilbake når eg seier "hei :)" ..feks. "HEISAANNNheisann DUUUU..!!" evt berre svarar med eit grynt. "ghM". ....fakk aff.
-folk som seier: "JA SO STORE LOMME HAKJE EG!!!!!!! HEHEHEHEHEHEHEHEHE". når eg spør om dei treng eit par posar til dei ni hundre varene sine. ....berre sei jatakk. ok? eg berre, orkakje reagere på sånt lenger.
ny jobb anyone?
lørdag 23. oktober 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
haha! eg lo :D
Legg inn en kommentar