onsdag 8. juni 2011

liste

no skal eg skrive nåkke så kjedelig som ei liste. mest fordi eg kjeda meg. og litt fordi eg verdens mest interessante person, så eg reknar med alle vil vite alt om meg.

mine favoritt-seriar, men i litt tilfeldig rekkefølge.
1. Sex and the City (fordi den berre...forklarar alt).
2. Grey's Anatomy (fordi den e full av sånne følelsar som eg til stadighet er full av, og fordi det ikkje fins nåke meir rørande enn sånne scener:)




og av og til e det morsomt, fnis fnis:



3. Dexter (fordi du blir hekta, og må sjå videre videre og nesten dør av spenning).
4. Californication (men berre første sesong. etter det blir det berre deprimerande. men AKK første sesongen er berre så drit romantisk, på ein SÆR sær måte).
5. Cougar Town (feelgood! og så drikke dei vin heile tiden. bonuspoeng. og så e laurie så søøøøt).



6. Judging Amy (eit litt merkeleg valg, tenkjer du kanskje. men eg likar den fordi ho jobbar som dommar i ungdomsretten, og fordi mora er verdas beste person som jobbar i barnevernet, og derfor oppstår det utrulig masse interessante saker og problem, som eg syns er spennande å sjå på. ein serie med litt INNHALD OM DU VIL).
7. Big Bang Theory (hysterisk morsomt til tider. rett og slett. HY-STERISK. i heart sheldon.)
8. Secret Diary of a Call Girl (london + puling. heilt ok kombinasjon).
9. Friends (må nevnast fordi det er historiens desidert mest vellykka serie, som ingen nokon gong kan slå. ingen.)
10. Black Books (fordi Dylan Moran er så genial at du nesten ikkje kan forstå det. ELSKAR ELSKAR ELSKAR.)

tirsdag 7. juni 2011

i heart oslo

i am back. frå oslo. og med ein gang toget nærma seg voss så kjente eg at hjertet mitt berre....visna. så kom eg inn i bilen til pappa, som er snill og alltid hentar meg på stasjonen, og så fortalte han meg heldigvis alle detaljane om ein tur dei hadde vore på. så kom eg heim, og siden det har eg vore djupt apatisk og deprimert. eg har hatt det så fint i oslo!! hakje hatt det så fint på lenge eg. alle dagane var fine.
skal dikka sjå nåken bilder? dei ekje så veldig morsomme eller spennande. men eg må jo ha nåkke å vise fram.

føøørst, på fredag, var eg og astrid i vigelandsparken. først skulle vi ete salat, men den mista astrid utover seg sjøl, så da måtte eg ete salat aleine. så såg vi på alle dei obligatoriske sjåverdnadane. dei var faktisk sjåverdige.





etterpå vart det mykje sånn:

og kaffikopp med rødvin, så ikkje politiet skulle komme og ta vinen fra meg.


i oslo hadde dei nemlig knallblå himmel og varmt og deilig vær! så vi kunne sitte ute i sola dagen lang, og drikke øl og vin. det var stoooor stas. så skjedde det eit mirakel! vi satt i parken, og rødvinen min hadde det kjempebra, og så berre heilt plutselig så innsåg eg at coldplay hadde komme med ny sang!!! eg måtte sjølvsagt høyre på den på min kjære uunnværlige iPhone, og då var dagen og lykken komplett skal eg sei dikka. etter eg hadde drukke tre liter rødvin, gjekk vi ut på ein plass som heitte Aku Aku for å drikke litt meir. då innsåg eg at eg kanskje var litt brisen, siden vi hadde drukke siden klokka to. jaja. på Aku Aku hadde dei sånn tropisk innredning, MEN dei hadde ikkje ein einaste drink som inneholdt Malibu! WHAT! dei kan ikkje kalle seg ein Tiki-Bar, når dei ikkje har verdens beste rom! JEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEES. så da måtte eg drikke ein blå drink med nåkke kokos-greier istaden. den var ganske god.
etter det kjøpte alle burger-meny på mcdonalds, men eg var lur og kjøpte to hamburgarar istaden, fordi det var billigare/genialt. då syns dei andre eg var skikkelig teit, så då krangla vi litt om det. men det var faktisk eit genialt trekk av meg. så trur eg vi gikk heim, men det har eg visst glømt. klokka seks våkna eg og kjente at eg kanskje burde drikke litt vatn.

dagen etterpå var eg på Jerry Seinfeld på telenor arena! hiiiihi. han er ein herlig fyr. HERLIG fyr. berre synd at telenor arena er ein skikkelig MØKKAPLASS. med lange køar til ølen, og vonde seter.

søndag var eg på øyhopping i oslo-fjorden, og i enda ein park med søte venninner frå gamle dagar. beste søndagen eg har opplevd siden i fjor. herlige dagar!!
berre sjå så søte dei er:





i går åt eg den beste indian-fooden ever. som var kylling i ein saus av fløyte, rødvin, kokos og pepper! SHIT, det var godt det. og siden den var så god så ville eg ikkje dele med dei andre. då blei aleksander sur, så da fekk eg ikkje smake marshmallows av han etterpå. jaja. kristin doesn't share food. deal with it ;)

i dag tok eg toget heim som sagt, og begynte å grine fordi eg ikkje ville reise. buhu.

fredag 3. juni 2011

tirsdag 31. mai 2011

the good girl

o! eg veit ein film dikka må sjå. den beskrive livet mitt. på ein prikk. berre i litt feil rekkefølge, på ein måte. når eg såg den så tenkte eg berre JA. utrulig godt skildra. sånn kan livet være. og søte jennifer aniston, som alltid er så glamorøs, ser ut som ein dass i denna filmen, men er likevel pen. den handlar om å ha eit ubeskrivelig kjedelig liv, på ein bitteliten plass, med ein kjedeleg mann som ikkje forstår ho, og ein kjedeleg jobb. og jennifer er så flink å spele apatisk og deprimert.. hjarte. i tillegg er zooey deschanel med, og ho er alltid heilt rå i alle roller. alltid ufrivillig morsom og sær. og så seier dei så masse fint. berre sjå den.












mandag 30. mai 2011

superkuuul

i dag følte eg meg kul. fann ut at jobb-skjorta mi er produsert av Fruit of the Loom!!


oh my gaaad folkens. veit dikka ke det betyr? jo, det betyr at eg er superkuuul.
i mi jakt på livets meining, fann eg ei oppskrift på heimelaga jordbærvin på stumble. med DEN superenkle framgangsmåten. oo, kult prosjekt tenkte eg. men så stod det plutselig nåkke om at den skulle stå i over eitt ÅR før den var klar, og då stumbla eg videre. herregud, kem kan vente i eit år.
"mamma, kan eg nett sjå nyhetene?"
"njaaaaaaaaaaaaaaaaaa."
"eg trenge ikkje."
ho sit og er viktigper og jobbar med jobben sin. fytti flaaate så teit ho er assss. neida.
på torsdag reiser eg til ossllooo. gledar meg mykje! men det har eg visst sagt før. må planlegge ke eg skal gjere på toget. toget er kjedeleg i lengden. men fine ting kan skje på tog! spesielt på film. yndlingsfilmen min feks, Before Sunrise, den begynna på eit tog... og heldige dama møter Ethan Hawke, og begge blir stupforelska i kvarandre. dritbra. og så går dei og vandra ilag i Wien, og alt er berre fryd og gammen gammen gammen. berre sjå her.



dessuten er ethan hawke så hot i den filmen at den e verdt å sjå berre for det. ethan hawke, på den tida der... kunne fått meg til odel og eige. han spela i favorittfilm nr 2 og, Reality Bites. berre sjåÅ! kor deilig han er:




det finaste kysset som fins i HEILE verden. fiiiiiiiiiiinaaaaaaaaaast. det e så bra det kysset der, at dersom eg ikkje får eit sånt ein gang så gidda eg ikkje meir. første gangen eg såg det, så DØDE eg faktisk. heilt sant.
sorry, no røpte eg egentlig litt av plottet i filmen, men dikka hadde sikkert ikkje tenkt å sjå den uansett.

lørdag 28. mai 2011

cola zero

vent da. eg må berre drikke litt cola zero først. evt super-cola som eg lika å kalle det.

aaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaah.

ok, no er eg klar. først skal eg berre snakke litt meir om cola zero. det beste som fins i heile verda. bubbles of løøøve in my mouth. eg har ein god venn som veit akkurat kor mykje eg elskar cola zero. så han pleier å kjøpe det til  meg uten at eg trenge å spørre ein gang!! THAT'S friendship. no for tida må eg kjøpe den sjøl. nedtur.
no skal vi snart ete pizza. i kroatia har dei den beste pizzaen btw. berre SJÅ så god den ser ut:



i dag var eg på jobb. får heilt spasmer i skuldrer og nakke av den der kassen. aakkk, den som hadde ein snill venn som kunne massere meg akkurat noo. men det hakje eg. eg e tross alt på voss. men NESTE helg! då skal eg til oslo :D eg gleda meg. då skal eg drikke masse, og le masse. eg skal nemlig på jerry seinfeld på telenor arena. har eg fortalt det?? i dette høvet, kan eg legge ved ein av mine favoritt seinfeld-øyeblikk!



i tillegg til det, har astrid lova meg å sette av ein heeeil fredag, berre til å henge med meg! inzane bra deal. istad, når eg handla på kiwi så gjekk brannalarmen. og dei som jobba der berre mumla nåkke om at kanskje vi skulle gå ut osv. DEN slække gjengen. neeei. dikka må handle på meny. sjølv om eg har hatt masse good times på kiwi og ;) berre sjå her til dømes:



no er det pizza. peace and love and harmony and flowers and rainbows.

fredag 27. mai 2011

triks og tøffe tips

skal eg vise dikka eit triks?
ok. tomatsuppe er jo ein slager. det var det beste eg visste når eg var liten. MEN den kan bli så jævla masse bedre, dersom ein improvisera berre biiiittelittegrann.

INSTRUKSJON:
lag tomatsuppe uten makaronien i. du kan og bruke toro sin tomatsaus, uten at forskjellen blir vesentlig stor. det kan være meir praktisk med tomatsaus-posen, dersom ein berre lagar til ein person.
PUTT OPPI: basilikum (fersk eller tørka), chili (fersk eller tørka), opphakka tomater og heile svarte oliven. eg brukakje mål når eg laga mat. eg tar alt på gefühlen. så eg veitsje kor masse dikka skal putte oppi av kvar ting. TA DET SOM DET PASSA. smak på det, til det blir godt.
KOK PASTA atmed, og iKKJE oppi sausen/suppen. då blir den rett og slett bedre. når pastaen er perfekt kokt, så må dikka helle den i ein sil sånn at ALT vatnet renn vekk. når den har dampa av seg litt så kan ein putte den oppi kjelen igjen, og ta ca ei spiseskei extra virgin olive oil oppi og røre den rundt om kring. SÅ tar du pastaen i ei skål, og tømme passelig mengde saus oppå. så masse du vil.
PRIKKEN OVER I'EN: hiv på nåke fetaost, ein kvast ruccola eller fersk basilikum. rist ei loffskive, ta smør på, og kutt den evt opp i bita som du drysse på toppen, eller et den atmed.
og så må du drikke rødvin atmed sjøøøøølvsagt.
ét voila:

det går fra å være ein heilt ok suppe-experience, til å bli sånn "mmmmm! ke SKJEDDE med denna suppen??!?!?" akkurat no sitte eg og ser på norske talenter, og veit ikkje mi arme råd. det e så mange flinke folk! eg elska å bli imponert :) gåsehud e det beste som fins. vent, eg må drikke litt meir vin.

eg merka at eg ikkje har fortalt så masse fra 17. mai! eg har berre ein ting å sei om 17. mai. eg såg SÅNN ut morningen etterpå.




gamle gamle røya kristin.

meir vin.