no skal eg skrive nåkke så kjedelig som ei liste. mest fordi eg kjeda meg. og litt fordi eg verdens mest interessante person, så eg reknar med alle vil vite alt om meg.
mine favoritt-seriar, men i litt tilfeldig rekkefølge.
1. Sex and the City (fordi den berre...forklarar alt).
2. Grey's Anatomy (fordi den e full av sånne følelsar som eg til stadighet er full av, og fordi det ikkje fins nåke meir rørande enn sånne scener:)
og av og til e det morsomt, fnis fnis:
3. Dexter (fordi du blir hekta, og må sjå videre videre og nesten dør av spenning).
4. Californication (men berre første sesong. etter det blir det berre deprimerande. men AKK første sesongen er berre så drit romantisk, på ein SÆR sær måte).
5. Cougar Town (feelgood! og så drikke dei vin heile tiden. bonuspoeng. og så e laurie så søøøøt).
6. Judging Amy (eit litt merkeleg valg, tenkjer du kanskje. men eg likar den fordi ho jobbar som dommar i ungdomsretten, og fordi mora er verdas beste person som jobbar i barnevernet, og derfor oppstår det utrulig masse interessante saker og problem, som eg syns er spennande å sjå på. ein serie med litt INNHALD OM DU VIL).
7. Big Bang Theory (hysterisk morsomt til tider. rett og slett. HY-STERISK. i heart sheldon.)
8. Secret Diary of a Call Girl (london + puling. heilt ok kombinasjon).
9. Friends (må nevnast fordi det er historiens desidert mest vellykka serie, som ingen nokon gong kan slå. ingen.)
10. Black Books (fordi Dylan Moran er så genial at du nesten ikkje kan forstå det. ELSKAR ELSKAR ELSKAR.)
onsdag 8. juni 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar