tirsdag 19. april 2011

strikkebonanza

jaja, så har eg gjort det igjen da! eg har strikka ein genser. sjå:

okai. detta heite Ragland felling. muligens Raglan. jaja. pytt pytt. det ser kult ut er poenget.
og så ser den sånn ut da. kool.
og litt sånn. eg kan ikkje posere. fokuser på gensaren og den uovervinnelige sjarmen min.
i denna vinkelen, ser den sånn ut.
og så sånn, dersom eg liksom lena meg mot kameraet. artig effekt.
viss eg har sløyfe i håret, ser den sånn ut!
okei. nok no?
hadet :D
viss dikka e skikkelig strikke-freaks, sånn som meg, så kan dikka finne oppskriften på denna i Sandnes Garn sitt hefte: Fritidsgarn, Tema 17.
og så heite den Pippi-genser, fordi ho visstnok hadde ein sånn. berre sjå her!


ekstremt kult.

mandag 18. april 2011

too much SOUND

hello.

akkurat no e eg så sliten og trøtt, at kvar lyd rundt meg e heilt tortur. mamma skulle ete knekkebrød istad. like før eg tok kollektivt sjølvmord. og så åt pappa chips. då fekk eg panikk. det veeeeerste eg veeeeit er å høyre på at andre ete. eg kødda ikkje. det e heilt JÆVLIG. eg blir så irritert inni meg at det e like før eg ropa "HOLD KJEEEEEFT!!!! :O" panikkatakk. herregud eg har lyst å sove. skulle sjå påskekrim men den bråka så jævlig. så no ligge eg under dyna mi og gøyme meg frå lyd. ein blir sånn etter åtte tima på jobb, 5999 kundar, og hundre milliona tusen trilliona lyda på ein gang. nåkke som forresten fekk meg til å bestemme meg for å aldri få ungar i dag. dei bråka alt for masse. hjelp. og dessuten har eg bestemt at ekteskap berre e nåke fjas og tull. så eg flytta til bali eg. og så blir eg bestevenn med ein delfin eller nåke sånt. punktum.

torsdag 14. april 2011

helloooo spring!

Timbuktu – Kapitulera (feat. Susanne Sundfør)

eg likar den sangen veldig godt.

okai. det er vår. eg trudde virkelig aldri den skulle dukke opp i år. men som vanlig så berre pluttttselig va den der uten at eg skjønte kor den kom frå. eg går med den tynne svarte jakken min, og converse-sko, og har aldri vore meir tilfreds :D

eg tar livet som det fell seg, og har lært meg å kjede meg uten å kjede meg.

eg ville egentlig berre at dikka skulle sjekke ut den sangen eg. for den e så bra. og p.s! eg har omsider tatt fatt på twilight-bøkene, og angrar stort på at eg aldri las dei før eg såg filmane. dei e berre så magiske. og eg har aldri komme over nåken som kan beskrive kjærlighetssorg SÅ konkret, og så riktig som ho dama der. altså stephenie meyer. (forresten ekstremt dustete og skrive stephEnie med E og ikkje A! herrefred). trur eg hylgrein meg gjennom heile bok nr 2. men ettersom eg mentalt fungerar på stadiet til ein 14-åring, så er det jo greit å ha nåkke underholdning som matchar. godt i gang med tredje boka, og gleda meg til fjerde, for den har eg ikkje sett på film!! shiiiiit. dikka måkje sei ke som skjer. då dør eg.
ellers gidda eg ikkje fortelle ke som skjer, for det er irrelevant, ettersom eg har det bra.

HADET!

lørdag 9. april 2011

hakje ord

den her videoen er det mulig at eg har slengt ut før. men den fortjena ein reprise.
eg lika alt ved detta klippet.

filmen er fantastisk.
stemningen er fantastisk.
lyset er fantastisk.
bob dylan er fantastisk.
heath ledger er fantastisk.
roadtripen er fantastisk.
kjærleiken er fantastisk.

takk for meg, no kjenne eg at ordet fantastisk er oppbrukt ;)


søndag 27. mars 2011

alle dyra på gården ;)



eg syns dyr har fine fjes. ofte finare enn folk. det kan ha nåkke med pelsen å gjere. dei ser automatisk koselige ut. denne veka har eg møtt FEM hestar og SEKS kvalpar! yikes. hestar er ein lykkepille. dei e så store at eg blir redd, men desto meir terapi ligg det i kosen... skulle ønske eg hadde mulighet til å ha eigen hest. virkelig. og berre sjå på desse da...eg meina... går det an å bli så søt? eg trukje det. må ha vært ein illusjon heile greia.




fredag 25. mars 2011

story of my life

når eg tar bussen frå bergen til nordfjordeid, så slår det meg at dette er ei heilt spesiell reiserute. på ekstremt mange måtar. oppsummert, så inneheld denne vegstrekningen heile min livshistorie, i litt omstokka rekkefølge. det er nesten så det er litt fascinerande korleis livet mitt har utspelt seg langs denne vegen.

vi begynnar med bergen. her gjekk eg først på folkehøgskule, og har budd der seinare i fire år. akkurat no syns eg bergen er ein møkkaplass, som eg aldri har funne meg heilt til rette i. har ikkje lyst tilbake på noværande tidspunkt. men det har skjedd unevnelig mykje drama og action der... det skal seiast.
midt mellom bergen og dale ligg osterøy. atmed den hadde vi ein gang ei hytte. og der har eg hatt dei kjekkaste barndoms-minnene eg kan komme på. meir orka eg ikkje å sei om det, for no ekje den hytta tilgjengelig lenger. makes me extremely sad.

så kjem dale. pappa voks opp her, farmor bur her. eg hakje vært der på mange mange mange år, men vi var der ofte i påsken når eg var liten. og eg og frode spelte sonic the hedgehog på segaen, til farmors store forskrekkelse. på veggane var det 60-talls tapet, og ein gang hadde eg med meg ein kjæreste på besøk der. litt etter dale kjem også avkøyrsla til hytta. og når eg ser den vegen blir eg alltid litt trist, for eg savnar å køyre inn der og glede meg til ei veke med fisking, peis, skjeve med aprikos-syltetøy og rare kaffikoppar.

neste stopp voss. her budde mormor og morfar når eg var liten. no bur mamma og pappa her. og eg vekslar mellom hat/elsk for denne plassen. akkurat no, mest hat. men før i tida var voss prega av kos, kos, og atter kos. med verdas beste besteforeldre. vafler, bollar, sommar, markjordbær, hoppekonkurranse på teppet i stova, boklesing på senga om morgonen, og snop i skuffen til mormor sitt nattbord.

neste stopp av signifikans blir nok lærdal. her jobba eg fire somrar på turistinfoen, samt eit år på opplysningen 1881. førstnevnte jobb var superkoselig, 1881 var tortur. jaja.
videre på reisa: kaupanger <3 min heimstad. hadde ein utrulig bra barndom på denne plassen. og skulle ofte ønske at eg fremdeles budde der, var fjortis, og at livet fortsatt berre var a piece of cake. savnar det. å køyre gjennom kaupanger med bussen, minnar meg om alt det rare vi fann på her når vi var små :) sykkelturar, huset til bestevenninna mi astrid, bursdagsselskap, laurdagsformiddag på butikken med vekepeng til snop, øl-drikking i skogen, å gå heim frå skulen og kjøpe cola på vegen, å fjase med astrid og ha teit humor <3

i sogndal har eg budd som student i tre år, tilbragt utallige timar på meieriet med enten ein kaffi eller fem tusen øl på bordet. savnar det også. samt at sogndal og kaupanger er så nært kvarandre at dette også føles som heime. og det ligg ein heil hauuuuug med minner der. det går ikkje an å nevne alle, men den siste kvelden eg budde der så drakk eg meg sørpe dritings, ringte ein kompis, og gjekk ein lang tur i snegle-fylla-fart, og dagen etterpå var eg så fyllasjuk at eg ikkje klarte å pakke ein einaste ting før mamma og pappa kom med flyttebilen for å hente meg. dei vart litt sure.

sååååå kjem vi til turen frå sogndal til skei, som for alltid minner meg om tida på firda vgs, og hybellivet på sandane. HAPPY times. good times. alt det der. også: SAVN. dei kjekkaste åra i mitt liv (sjølv om eg ikkje alltid opplevde det slik på dåværande tidspunkt). når vi kjem til skei hugsar eg rare ting som vart sagt og gjort der, i det vi måtte bytte buss for å komme til sandane. ting som fortsatt får meg til å le. når ein er framme på sandane ser eg gunhild og anita og tonje sin gamle hybel frå bussen, og min eigen litt lenger borti gata, og kvar gang tenkjer eg "sukk". eller "aaaw." musikklinja er nok eit av dei smartaste valga eg har tatt trur eg. ein gong eg hadde vore på fest, og kom heim, var eg litt einsam, så eg pakka meg inn i dyna mi og gjekk bortover gata til tonje sitt hus og sov der istaden. på vegen fekk eg latterkrampe av meg sjølv, fordi eg tross alt gjekk der med ein svær dyne rundt meg. og så var eg jo tross alt full.
så er vi framme på eid, og her er eg no.

lørdag 12. mars 2011

fine og flotte ting på ein lørdag

-små-shopping.
eg får meg ikkje til å bruke 500 kroner på eit par sko eg har driiiitlyst på, men eg kan fint bruke like masse peng på småting som eg egentlig ikkje trenge, og ha kjempegod samvittighet etterpå ;) det hjelper på humøret og kjøpe feks:
-rødvin
-lakris
-kirsebærlikør-konfekt
-fine skjerf på cubus til halv pris ;)


i dag kjøpte eg til og med det flotte ukebladet FAMILIEN. årsak: dei har så fine oppskrifter og strikkeoppskrifter....... trur eg akkurat blei 50 år gammal.

dessuten er Big Bang sin sang No One veldig bra.
akkurat no ser eg med eit halvt auge på The Departed på tv, eit halvt på Happy Feet på macbooken, drikk rødvinen min, og har spist pappa sin amazing heimelaga pizza til randen av forspiselse. forrige lørdag var eg i oslo og herja rundt med malin på dette tidspunktet. det var kjekt ;)

HADET!