søndag 28. februar 2010

mandag igjen

som tidlegare nevnt, så kjennest alt grusomt kjedelig ut for tida. eg har ein fryktelig altoppslukande følelse av at livet mitt er totalt meiningslaust. rett og slett. det høyres litt drøyt ut. men, det eg meiner er at det er liksom ingenting som gjer at eg tenker "wow! life is good :D" nope.
mandag er spesielt herlig. ny veke, samme gamle kjedelige kvardag. skule, som eg akkurat no syns er fryktelig meiningslaus og spør meg sjøl om koffor eg gidda. og så er det i tillegg jobb kvar mandag. kiwi-jobb. jobben eg har hatt i tre år, og som eg hatar meir og meir for kvar dag som går. ikkje fordi det er så grusomt i seg sjølv, tiden går fort nok og arbeidet er heilt ok, og til og med litt variert, MEN. men. men. det er så masse anna.

eg treng ein mission. trudde eg kom til å føle mastergraden som ein mission. men det føles meir som ein hindring.

dersom eg kunne velge, hadde eg vore ein heilt anna plass. akkurat no. i allefall ikkje her.

Ingen kommentarer: