fredag 25. februar 2011

den fæle ubestemmeligheten

eg har mista all evne til å ta beslutningar. tydeligvis. uansett kor masse eg har lyst vekk frå voss, så er eg her fortsatt. og uansett kor masse eg vurderar å flytte kor som helst, så blir eg værande her eg er. er ikkje det rart?? jo.
eg har sånne fine draumar for tiden. på ein måte er det veldig fint å våkne med eit smil, men så er det litt trist og, fordi det berre er draumar :) MEN kanskje dei går i oppfyllelse snart?
eg har så lyst å oppleve nåkke skikkelig bra no.


p.s. visste dikka at colin farrell er skikkelig hot? det visste ikkje eg...


i tillegg kan han å klemme!! ikkje alle gutta kan det. men legg merke til for ein god klem han gir til ellen på begynnelsen. sukk. (dikka må forresten sjå heile videoen, for det e på slutten høgdepunktet kjem *fnisfnisrødmerødme*). eg e herved sjarmert. djupt.
which brings me to point number deux!
ellen er frå no av mitt favoritt tv-program. eg har sett på det lenge, men akkurat no er det ekstra kjekt. det e det einaste på tv som faktisk gjer meg oppriktig GLAD. ho har ein heilt unik evne til å spre masse positiv energi, og du sitte igjen med glede og happiness og whatnot. FINT! ellers er det meste på tv negativt lada, og gjer deg berre deprimert. då les eg heller ei bok, som feks The Historian av Elizabeth Kostova. fantastisk god! og tjukk, sånn at den vare lenge :) elsk.
i dag er det fredag og eg skal drikke verdas beste vin som heiter Rosemount Cabernet Shiraz.

torsdag 24. februar 2011

onsdag 23. februar 2011

kjedelig

av og til trur eg at eg må være verdas mest kjedelege menneske. i allefall om ein skal dømme ut frå kva eg velger å bruke tida mi til. sitte og glo ut i lufta er ein av dei tinga eg gjer mest i løp av ein dag. ein god nummer to blir vel å glo på facebook og håpe at nokon skal sei noko morro. og så tv. kanskje går eg ein tur. og så strikkar eg i timesvis. herrefred for eit liv :)
eg hugsa før, på videregåande, eller på høgskulen. då var eg rundt om kring og overalt heile tiden. eg sang i kor, var med på revy, øvde piano, hang med folk 24/7, gjorde bittelitt lekser osv. etterkvart lagde eg studentavis, noko som nesten var ein fulltidsjobb, samtidig med studiar og vener og fylla. men plutselig flytta eg til bergen, og etter det har livet mitt vore rett ut DRIT kjedelig. av og til tenkjer eg at det var byen som gjorde at eg forandra meg. at det blir litt for stort og skummelt liksom. eg veit ikkje kvar eg skal byrje, og så berre lar eg være istadenfor. kva kor skal ein velje? kven skal ein gå på fylla med? dei, eller dei? og studentavis kunne eg ikkje tenkje meg, for det var sikkert alt for mange flinke skumle nye folk der som ikkje trengte meg til noko. FY meg for å tenkje slik. men visse ting ER lettare på bygda... der har du Koret. Puben. Butikken. Skulen. Folka.
skjønna?

eg elskar store byar når eg er på besøk i dei.. men eg veit ikkje om eg burde bu i ein...
sa ho, sekundet etter at ho sverga å flytte til london ;) sånn er det å være sjuk i håve.

fredag 18. februar 2011

om london, igjen.

sei meg, koffor ingen spandera ein london-tur på meg e meir enn eg kan fatte. det einaste eg e bombesikker på akkurat no, er at dersom eg vinne masse penga i lotto så reise eg til london, og blir der så lenge eg gidda. tenk å BU i london. i ein skikkelig digg leilighet, og kunne spasere langs south bank til lunsj, tenke litt på Shakespeare, sjå på elva og folka, ta raude bussar og svarte taxiar, utforske alle museum, alle galleri, og alle bibliotek, å vandre og vandre mens ein høyre på musikk, og aldri bli ferdig med å sjå. eg vil dit. eg vil dit så masse at eg ser om igjen serien Secret diary of a call girl berre fordi ho bur i london. om det så tar meg eit par år å spare nok peng, så skal eg dit, og eg skal kose RÆVA av meg :)

tirsdag 15. februar 2011

lunsj!




 så putta du mjølet oppi ilag med eggeplomme og mjølk
 og så eggekviten FORSIKTIG oppi til slutt. må røre forsiktig og. ellers blikje dei fluffy-juicy.
 sjå! eit troll ellerno!

ET. (med eplesyltetøy og kanel på).

mandag 14. februar 2011

crappy valentines day

i dag begynte bra. og eit langvarig problem fekk ein medisin.
så fekk vi besøk av tanta mi frå england, og det var stas!
men no e eg berre lei av å måtte høyre på at folk i detta huset prata kontinuerlig 24 timar i døgnet. heilt heilt alvorlig. det MÅ være litt stille innimellom, ellers så føles det som om eg skal eksplodere.
prating er min største fiende. det skal seiast at det kjem veldig an på kem som prata...og notida ekje akkurat prega av likesinna og kjekke folk å konversere med...

eg kan godt prate sjøl, dersom eg ein gang før eg dør finne nåkken som faktisk gidda å høyre på ke eg har å sei. akkurat no derimot e eg evig fanga i ein haug av folk som enten prata så masse sjøl, at eg ikkje gidda å prøve å komme til ordet, eller folk som rett og slett e så dårlige lyttarar at eg ikkje orka å begynne å snakke ein gang... det ekje nåkke særlig kjekt skal eg sei dikka. men det e akkurat som eg kun tiltrekke meg folk som ikkje HØYRE på meg!! koffor e det sånn? :(
haha, no skjønna eg faktisk korleis ho kjære Rose hadde det i Titanic :D ho seie nemlig: "i feel like i'm standing in the middle of a crowded room, screaming at the top of my lungs, and no-one even looks up!". akkkkkkurat sånn føles det. lol. bortsett frå at eg ikkje skrike nåkke særlig. eg berre helde kjeft. kanskje det e der problemet ligge.............. KANSKJE eg ska begynne å hyle og skrike litt, så folk blir nødt til å holde kjeft og LYTTE.

detta kan du drite i viss du vil ha ein meiningsfull samtale med meg:
-avbryte (då krympa heile sjela mi til ein bitteliten ball og blir dritsur og nekta å sei meir)
-spore av akkurat når eg prøve å fortelle nåkke viktig, og heller prate om nåkke du syns e viktig som ikkje har NÅKKE med saken å gjere. HØYR da! liksom...
-avbryte for å spørre spørsmål/fullføre setningen min, gjerne med ein antagelse om ke eg skal til å sei som e så feil at eg berre må gi opp å fortelle resten uansett.

E DET GREIT!?!??!?!?!??! hold kjeft og høyr ette, så kanskje eg gidda å snakke litt meir!

søndag 13. februar 2011

fin liten video


Thought of You from Ryan J Woodward on Vimeo.

...søndag

eg hata søndaga på voss.
allerede når eg våkna så kjenne eg at UFF. det e søndag.

har lyst på:
-eige hus, der eg kan gjere som eg vil på søndagar, og sleppe å forholde meg til folk.
-bokhylle langs heile veggen med ti 3-liters dunkar med vin (sånn som på Koselig med Peis).
-denna boka: A Discovery of Witches (som eg akkurat har bestilt, men som eg må vente vente vente på).
-ostekake (som eg har baka, og som eg snart skal ete).
-meir kaffi.
-bil, så eg kan køyre til London når eg vil ;)
-masse morro.

hadet!

fredag 11. februar 2011

mariusgenser!

dikka må egentlig berre beklage det forrige blogg-innlegget. det var berre tøys. evt gjekk det på ræv, alt etter korleis ein definerar...det meste. men uanz. eg har fremdeles ikkje nåkken jobb, og eg skrive fremdeles mindre på masteren enn eg strikkar, og eg bur fortsatt på voss. sånn. då var det oppklart.

sjEKK ke eg har laga. eg har faktisk BYGD ein genser.



spørsmålet blir: ke i alle daga skal eg finne på no?
å strikke ein genser tar sånn ca tre veker har eg funne ut. og då strikka ein relativt masse og ofte. her om dagen strikka eg seriøst i åtte timar eller nåkke. det e jo ikkje normalt, for eit menneske på min alder. men likevel, det e ekstremt vanedannande. ein blir hypnotisert mens ein drive på, og gløyme heilt å tenke på alt mulig anna som ikkje fungera i livet sitt. så, relativt terapeutisk effekt. thumbs up!
strikk ein du og.

i dag køyrte eg buss i mange tima, og då såg eg ein film som heite Easy A. haha, den var dritbra. heilt seriøst, sjå den! fantastisk humor, fantastisk kul dame :) likte spesielt godt når pappaen spør den adopterte sonen: "so. where are you from originally?" men du må sikkert sjå den scena for å skjønne kor morsom den e. no ødela eg den sikkert uansett. haha, eg ler.

i mårra håpa eg det skjer nåkke morsomt. det føles ut som det ikkje har skjedd morsomme ting på veldig lenge. alle er berre travelt opptatt av å leve faktiske liv, mens eg berre blabba rundt og strikka gensera. hello. goodbye!