tirsdag 29. juni 2010

godkjent, og ein dag igjen!

i dag blei prosjektbeskrivelsen min til masteroppgava GODKJENT! hurra!!!!! :D :D :D
ti minutt før eg fekk vite det, sto eg i dusjen og tenkte: jaja... i dag får eg sikkert vite at den ikkje blir godkjent...like greit...så kan eg lage ein ny ein som faktisk har nåkke for seg...sukk...og bruke sommaren på å stresse med det...jaja. life sux. og så kom eg inn på rommet og hadde fått DEN fine mailen. der det sto: prosjektbeskrivelsen er godkjent, og du har herved bestått SOS340. då hylte eg og ropte hurra, og satte på viva la vida og dansa rundt på rommet. så sendte eg melding til mamma, som ringte tilbake og ikkje klarte å forstå kor viktig og kult dette var, så ho oppførte seg berre heilt random. men faktisk, så burde ho ha vært LITT meir entusiastisk. pappa strekte seg til å gi meg ein sms-klem. jaja. heldigvis e eg flink å feire på egen hånd :D

kjøpte ei ny bok i dag. igjen. eg har ein tendens til å kjøpe alle mulige bøker, og så les eg berre tre kapittel før eg innser at forfattaren irriterar vettet av meg. så hiv eg boka på golvet mens eg seier "åååååååååårrrrrrgggggh". og stirrar apatisk ut i lufta. men i dag trur eg eg har funne ei bok som eg kjem til å elllllske. The Historian av Elizabeth Kostova. eg skal holde dikka oppdaterte om korleis det går ;) den er akkurat passe eventyraktig, mystisk og eg likar måten ho skriv på.
den verste boka eg har vore borti er Saman er vi mindre aleine. GRØØØØØØØØØØØØSS. eg orkakje ta i den boka. viiiik fråå meeeg.

no skal eg sjå cougar town og drikke kaffi! smask.
o! eg glømte å sei: i mårra er min SISTE kiwi-dag :D

søndag 27. juni 2010

pollen, i welcome thee

hei pollen! eg trudde vi hadde slått opp, men er glad du fortsatt vil være ilag med meg! det blir liksom ikkje sommar uten. ATSJOOOOOOHAIIIAIAIAIAI.
i dag har det i følge kristin vært ein perfekt søndag.
etter ein akkurat passe brisen laurdagskveld med line, sov eg godt i mitt nyleg mørklagde rom (takka være eit prosjektor-film-lerret). så vakna eg, og nekta å re opp sovesofaen min. på den måten kan ein nemleg ligge i senga heile dagen. dritkult! så drakk eg min vanlege halvliter kaffi, og fann ut at det var akkurat passe lenge sida eg hadde sett ringenes herre. så da trakk eg likegodt nedigjen rullegardin-lerretet mitt så det vart heilt mørkt inne. ute var det sjølvsagt strålande sol, men eg lot som det pisseregna, og kunne late meg med godt samvit. (ein blir gjerne litt lat på ein søndag etter to kveldsvakter på kiwi fredag og laurdag). så åt eg diverse snop og chips og is og aaaalt for alt for masse drit.
SÅ tok eg bybana!! stiilig. og ved enden fann eg hilde, ingrid og erik. så fekk eg tomatsuppe, og babykos. IKKJE til å undervurdere. SÅ fekk eg omvisning i nick sin nye leilighet OG ein deilig gåtur heim til sentrum. og akkurat når eg gjekk forbi den gata som eg elskar så kom songbird på ipoden og alt var perfekt.

fredag 25. juni 2010

the shoe-thing

etter eit par sånne, og eit par sånne går alt so mykje betre i kvardagen!
dei siste er så like dei ballettskoa eg hadde når eg var liten ballerina, at dei berre MÅTTE kjøpast. einaste som mangla e sløyfene i krisskross rundt anklane. men dei kan eg jo alltids lage sjølv om eg vil :) aaaaah, the pleasure of shoes...

torsdag 24. juni 2010

om coldplay

eg har eit heilt heilt sært forhold til coldplay. det er som om musikken deira berre ...ER meg. trur eg.
viva la vida albumet kom ut akkurat på eit tidspunkt der eg var heilt kaos. og så kom den plata og berre satte ord på ALT. med musikken og melodiane. og eg huska at eg berre tenkte JA. sånn e det å være meg. eller sånn e det. berre. dei har klart å naile korleis eg kjenne meg, når det e sommar og overskya sånn som i dag, og eg veit det kjem til å regne snart, og eg savna nåken som snart kjem heim. og korleis det e ein kald vinterdag, når du e alt for glad i nåken som ikkje bryr seg. dei berre VEIT, og så har dei laga musikk som seie det samme. korleis dei får det til e eit mysterium. men eg ELSKA dei, og det kjem eg alltid til å gjere.


One minute i held the key
next the walls were closed on me
and I discovered that my castle stands
upon pillars of salt and pillars of sand.

mandag 21. juni 2010

ting som gjer meg kvalm

-katrine moholt
-katrine sørland
-synging på tv
-god morgen norge
-folk som prata høglytt i køen på rema 1000 og som står ein cm bak øyret mitt
-rema 1000
-folk

ein sånn litt kjip dag

herregud, om 50 minutt må eg faktisk reise meg fra sofaen og gå på jobb. on the upside så er dette den ALLER SISTE MANDAGEN I HISTORIEN eg skal tilbringe på kiwi. sann mine ord :) :) aaah, that made me all warm and fuzzy inside :)

ellers. jo, fortsatt aleine heime. på randen til å bli smågal. hadde det ikkje vært for ein viss pusekatt, så hadde nok ikkje overlevd.


relativt høg kosefaktor. høgst naudsynt. finn det også naudsynt å ikle meg sambuars kle... det hjelpe litt på eit eller anna ubevisst plan. DET E DRIT Å SAVNE FOLK!
ok. fire kiwi-dagar igjen. FIRE. det e seriøst alt for mange. kan eg ikkje berre få lov å avspasere??
i dag slo forresten master-panikken inn.... til høsten må eg faktisk SKRIVE den på skikkelig. nåkke eg ikkje hadde planlagt i det heile tatt. uff og uff. og ikkje veit eg kor eg skal bu/jobbe ein gang. den sommaren her kan bli kaotisk. hope not.
eg tok og kjøpte meg ein malakoff-billett.

lørdag 19. juni 2010

bryllup!

eg feirar bryllup!
det gir meg ein god anledning til å drikke øl og ete jordbær før klokka fire, samt mykje smiling og dagdrømming ;)
skål for victoria og daniel <3 (og ein god klem til madde, som eg heiar på). eg er herved rørt.

onsdag 16. juni 2010

ein pus og eit pus

i dag er eg litt rar. litt trist. puset mitt reiser, og huset blir tomt og rart. heldigvis har eg ein ekstra pus til å holde meg med selskap.. :) ho er veldig fin, sjå!

lørdag 12. juni 2010

ein typisk dårlig dag

i dag har eg opplevd sjølve prakteksemplaret av ein elendig dag. let me elaborate.

det begynte med at eg skulle på jobb klokka 07:00. altså vekkerklokka måtte stillast på 05:30 i går kveld. grøss. så fulgte den eine katastrofen den andre.

1: eg hadde mareritt i natt. og vi snakka skikkelig tatt ut av ein grøsser-mareritt. fy fasiken! eg våkna med verdens skumlaste følelse, og visste ikkje heilt ke eg skulle gjere.
2: nesten sovna igjen rundt 03.00, så kom det ein passe tullete person og ringte på døra, og vekte meg igjen.
3: etter å ha stressa med å sove ei god stund til, så ringte plutselig alarmen min, og det var på tide å stå opp. eg tenkte: her må det kaffi til gitt!!!
4: katastrofen er eit faktum: vi var tomme for kaffi. og då meina eg TOMME. eg hadde personlig skrapa ut siste resten dagen før. då fekk eg lyst å berre... ikkje eksistere. men, på jobb måtte eg like fullt, så.
5: etter eit par timar på jobb kjente eg ein snikande hodepine. nåkke som ofte skjer dersom eg ikkje får tilstrekkelig med koffein direkte i blodstraumen med ein gang eg våknar. ok, tenkte eg. snart pause no, då fiksar vi hodet mitt kaffi. hang in there lizm.
6:
7:
8:
9: det som skjer i tidsrommet ovafor er veldig blurry, men eg veit at konklusjonen blei spying på do på jobb. nåkke kem som helst kan sette pris på.
10: fordi det allerede er lite folk på jobb, er det særs lite beleilig at eg må gå heim. derfor blir eg på ein eller anna måte overtalt til å bli litt lenger. mhm. det hadde eg lyst til.
11:
12:
13:
14: veit ikkje ke som skjedde heilt her heller, berre at eg til slutt kom heim og kollapsa på senga mi.
15: kaffi. kaffi. kaffi.
16: tilnærma ok følelse i hode og kropp.
17: levere halvhjerta prosjektbeskrivelse.
18: dyne. sofa. the end.

mandag 7. juni 2010

sosiologisk eksplosjon

eg blir gal!

allow me to bitch and complain. eg orkakje meir sosiologi. eg trenge ein pause. ein lang ein. og eg trenge den NO.

fredag 4. juni 2010

siden sist

ok. no snart kan eg kanskje slappe litt av. siden mars har eg:

-lest 4 fagbøker fra perm til perm
-skreve 4 oppgåver (til sammen ca 50 sider), 2 av dei var heime-eksamen.
-prøvd å lære meg statistikk
-hatt skule-eksamen i statistikk
-prøvd å finne ut ke masteroppgava mi eeeegentlig skal handle om

eg hadde ei lang liste med fristar og gjeremål, og har no strøke alt av lista med unntak av "skaff katt". men heldigvis får eg låne line sin pus nåkken dagar snart, så då kan eg stryke den og ;)
etter eg var ferdig med eksamen på tirsdag kollapsa eg på sofaen og klarte ikkje bevege meg. først då skjønte eg kor stressa eg har vore. eg klarte ikkje å gå på sommarfesten med klassen ein gang, nåkke eg angra bittert på dagen etterpå. det einaste som hjalp var å bygge seg eit telt av stjerneteppet mitt, og ikkje eksistere:




no går det litt bedre, men sommarferien har aldri vore så etterlengta som no.
e det berre meg som syns ingrid bjørnov IKKJE e morsom? ho har heilt fryktelig timing/måte å sei ting på!!! såg reklame på tv no og fekk lyst til å bli gal. det provosera meg at folk ler av ho. showet hennas kunne faktisk vore dritmorsomt, dersom ein morsom person hadde framført det. bill bailey feks!




fingeren min gjer framsteg forresten! eg kan nesten BRUKE den til ting no. her er eit bilde. så kan dikka jo gjette ke for ein finger som er herpa... lol.


min kjære lille pukkelryggfinger. bli frisk! ser eg har samme genser på dei to bildene. tabbe!! det er fordi det er kosegensaren min. den er rosa og grå, fordi det er dei finaste fargane. og så er den alt for stor, slik at eg kan kose meg mest mulig. i tillegg er den supersexy. alt i eitt med andre ord.

peace.