søndag 27. juni 2010

pollen, i welcome thee

hei pollen! eg trudde vi hadde slått opp, men er glad du fortsatt vil være ilag med meg! det blir liksom ikkje sommar uten. ATSJOOOOOOHAIIIAIAIAIAI.
i dag har det i følge kristin vært ein perfekt søndag.
etter ein akkurat passe brisen laurdagskveld med line, sov eg godt i mitt nyleg mørklagde rom (takka være eit prosjektor-film-lerret). så vakna eg, og nekta å re opp sovesofaen min. på den måten kan ein nemleg ligge i senga heile dagen. dritkult! så drakk eg min vanlege halvliter kaffi, og fann ut at det var akkurat passe lenge sida eg hadde sett ringenes herre. så da trakk eg likegodt nedigjen rullegardin-lerretet mitt så det vart heilt mørkt inne. ute var det sjølvsagt strålande sol, men eg lot som det pisseregna, og kunne late meg med godt samvit. (ein blir gjerne litt lat på ein søndag etter to kveldsvakter på kiwi fredag og laurdag). så åt eg diverse snop og chips og is og aaaalt for alt for masse drit.
SÅ tok eg bybana!! stiilig. og ved enden fann eg hilde, ingrid og erik. så fekk eg tomatsuppe, og babykos. IKKJE til å undervurdere. SÅ fekk eg omvisning i nick sin nye leilighet OG ein deilig gåtur heim til sentrum. og akkurat når eg gjekk forbi den gata som eg elskar så kom songbird på ipoden og alt var perfekt.

Ingen kommentarer: