tirsdag 30. mars 2010

i am a genius

hei!!!!!!!!!!!

i dag fekk vi tilbakemelding på den ekstremt kompliserte statistikkoppgava. og og og!! eg fekk kommentaren "fint!" ÅTTE ganga i margen :D i tillegg følte eg meg spesielt intelligent når ho hadde skreve: "bra! du har skjønt hvordan man tolker regresjonskoeffisienten." nåkke eg trudde eg absolUTT ikkje hadde skjønt. her satt eg og forberedte meg på verdens undergang, og så blei dei heilt motsatt :D det KAN EG LIKEEEE.
i tillegg har eg sendt pappa avgårde til vinbutikken for å kjøpe rødvin, så dette blir nok ein bra påske after all! ;)
DESSUTEN har eg enda ein sjokkerande positiv nyhet. eg JOGGA i går. eg føle ryktet har begynt å spre seg allerede, så eg kan likegodt bekrefte det. JA, eg jogga. det var ikkje langt, og eg blei dausliten relativt for tidlig, men eg JOGGA. og eg gjorde det av fri vilje. viss ikkje det er eit gigantisk framskritt så veit faen ikkje eg.

mandag 29. mars 2010

soppepledd

eg er heime på påskeferie, og mamma har kjøpt verdens tøffaste pledd! check it:


















lilla soppe-pledd! det komiske er at mamma aldri hadde funne på å kjøpe nåkke sånt, men ho såg ikkje mønsteret før ho kom heim og åpna det. lol. "Nei...ke e da EG ha kjøpt for eit pledd?!" LOL.
flaks for ho at eg elska det.

lørdag 27. mars 2010

møkkamedia

ein ting som gjer meg FLAU:

norske journalistar. staaaadig vekk.
no feks, spurte nettopp ein KNØL kristin halvorsen (trur eg. tv'en er innen høyrselsvidde men ikkje synsvidde): "har den norske regjeringen tatt for lite möllers tran?" altså.... hadde eg vore kristin (noko eg forsåvidt er) så hadde eg ikkje ORKA å svare på eit sånt spørsmål ein gang. eg meina HERREfred. ke for eit MEHE som GIDDA å ha ein jobb som går ut på å stille sånne spørsmål? eg hadde sukka HØGLYTT mens eg himla med augene, og så hadde eg uten eit ord snudd meg og GÅTT ut av kameravinkelen. rett og slett. etter å ha GLODD olme blikk mot journalisten.
no skal ikkje eg skryte på meg å ha eit yrke som har for vane å stille intelligente spørsmål. "trenge du pose?" og "kvittering?" har sine begrensningar, men eg meinar likevel at til og med DESSE spørsmåla er meir produktive enn tran-spørsmålet.
for ikkje å snakke om avisoverskrifter. FOR ikkje å snakke om det. det verste eg ser er alle "HER" overskrifter. "her hopper kvinne i døden" "her løper elgen ut i veien" "her knuser han bilen". HER?!?!?! kor HÆÆR. eg sekje nåkke HER. eg drite i kor HER e. eg vil berre vite KE. knapt det. gi meg ei overskrift som gjør at eg får lyst å LESE om saken. ikkje GIDD å lat som om det var på VG si nettside det skjedde.

twilight




fredag 26. mars 2010

kjedeleg fredagskveld

som nevnt tidlegare likar eg å bu på sofaen om fredagskvelden og drikke litt vin, medan eg høyrer på stilig musikk. i dag funkar det ikkje! HYYL! eg er aleine heime, eg er trøtt, eg drikk LETTØL og har stappa i meg alt for masse chips. plopp så blir eg tjukk og feit.
MEEEN. oasis har eg i det minste.
kjære gud la meg bli spist opp av ein oasis-sang.

superchips er forresten verdens beste oppfinnelse. men ikkje akkuart no, for no er eg mett.
dette blir eit overstadig usakleg blogginnlegg.
i mårra reiser eg heim til mamma og pappa.
likte forresten at varg vikernes ikkje likte boka til han der duden som har skreve ei bok om norsk metall si historie. DET likte eg. godta meg litt der.
og ke e PROBLEMET med at harald eia laga litt tv og filma nåkken forskarar. han kan no vel FAEN få lov å filme og klippe NETT som han vil. helst skulle han ha klippa vekk enda meir, og BERRE tatt vare på dei mest grusomt IGNORANTE haldningane til dei norske forskarane. for det hadde jaggu meg vore nett te pass. "Ke syns DU om denna rapporten?" "FNYS!!!!" KUTT. nok sagt. det MÅ være lov å stille spørsmål, og å være litt på kanten reint metodisk. dette er berre eit tv-program. ALLE oppegåande folk i norge VEIT at eit tv-program ikkje viser realitetar/menneskje på ein 100% korrekt måte. så kan vi ikkje berre roe oss ned og være litt storsinna og heller ta inn over oss at eia har eit STORT, GODT POENG? det MÅ være lov å tenke utafor boksen/sjølv.
som ung lovande sosiolog, MED 60 studiepoeng i psykologi (inkludert detaljorientert biologisk opplæring i hjernens oppbygging og nervecellenes funksjon), tørr eg påstå at desse to faga har ALT å tene på å kombinere kunnskapen sin. BRING IT ON.
eg elskar debatten som no har oppstått.

she is love



MY BRAIN HURTS!!!















i dag har eg så ilt i håve at det føles heilt feil å stå opp. derfor blir eg på sofaen, inntil videre. i ein rosa koseteppehaug. eg prøver å forsvinne til det går over, men hjernen insistera på å holde meg våken så eg virkelig kan lide. det skal seiast at hodepinen no har vart i ca 12 tima. woopwoop. stakkkars kristin :(

torsdag 25. mars 2010

draumar

i natt har eg drømt mange rare ting. men eg hadde ein som var skikkelig ekkel, og som sikkert kan tolkast. eg drømte at ein mann stod og holdt rundt meg, som om han skulle gi meg ein klem. men så klemte han gradvis hardare og hardare, og eg kjente at snaaart kom eg ikkje til å få puste. og han fortsatte berre å klemme driiiiiithardt, og eg klarte ikkje å trekke pusten nok til å skrike. så eg måtte berre bli klemt sakte men sikkert i hel. og mens eg drømte dette, så skjønte eg at eg drømte, men klarte ikkje å vekke meg sjøl slik som eg pleier å klare. så derfor fekk eg enda meir panikk, for snart kom mannen til å drepe meg. men så heilt til slutt, like før eg døde, så våkna eg.

hm. no kom eg akkurat på at dette med å puste var eit tema i går. rart.
konklusjon: eg får ikkje puste. tydeligvis.


onsdag 24. mars 2010






































tru det eller ei, slik kan ein sjå ut. spesielt om ein har funksjonshemming på augooo.


ao.

det blir så fryktelig vanskelig å puste av og til. fordi alt berre vrenger seg.

tirsdag 23. mars 2010

ortopedisk oppleving

i daaag har eg vært hos ein mann som meinar han har peiling på ortopedi. det var ganske fascinerande. etter å ha slitt med ein skeiv rygg i tusen år, og blitt fortalt at eg har ein fot som er lengre enn den andre av den ekstremt grusomme x-fastlegen min, kunne han her lure fyren fortelle meg at det mest sannsynlig ikkje har nåke med beina mine å gjere, men derimot augene. jepp. eg er skjøgl som vi seie i sogn. og derfor trur hjernen min at det er hensiktsmessig å lene seg litt til venstre. for å være i vater. nåke som strengt tatt ikkje er nødvendig i det heile tatt. og som har ført til at det eine hoftebeinet mitt er EIN CENTIMETER lavare nede enn det andre. ein sjokkerande avstand spør du meg, og ikkje RART at eg har hatt vondt i heile meg største delen av livet! jeeeeeeees.
mannen skviste ei nål inn i øyreflippen min, og brukte laser her og der. og skal også bruke laser på auget mitt neste gang. og så meinte han eg var good to go igjen. etter fem min med laser så var centimeteren bortevekk. berre SÅNN. eg skjønte ingenting og begynte å le han rett i trynet. han bad meg forresten om å slutte å tygge tyggis, fordi kjevemusklane kan forstyrre augemuskulaturen min og forvirre det stakkars funksjonshemma auget mitt enda meir. eg måtte faktisk spytte tyggisen ut på ein post-it som han holdt fram for meg. streng mann!

ellerssssss. er det duka for eit kjempe-spicy jobb-kurs i kveld.

forresten, den nye sangen til alexander eittelleranna og lene marlin, som eg høyrte i dusjen istad, gjorde at eg fekk lyst til å gi opp/kaste opp/slå. hadde eg høyrt den sangen i går trur eg mest sannsynlig eg hadde omkomme. nesten så dei skulle meldt seg på grand prix. makan til unødvendig bederva musikk skal ein leite leeeenge og vel for å finne. ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ

lørdag 20. mars 2010

let there be love

i dag har vore nok ein rar liten dag. og eg har mest lyst til å låse døra, legge meg ned, og høyre denne sangen på repeat i det uendelige. slik som eg og torunn gjorde ein gang, med ein an sang riktignok, og vi budde på sandane, og det var vinter, og torunn lot meg sove på golvet hennas med varmekablar, og vi sov ei heil natt til berre ein sang. fordi alt anna var litt for mykje å ta inn. sånn er det litt no og.

og denne sangen seier seg jo sjøl.

fredag 19. mars 2010

ikkje sint i dag

i dag er eg i relativt godt humør. og har ein ting for desse tinga.

-raudvin
-platekøvveret til grizzly bear:
























når det er fredag likar eg å ta på meg joggebukse og liknande, drikke vin i sofaen, og leite fram deilig musikk på spotify medan eg syng og tøysar litt. eg gjer faktisk dette kvar fredag. og det er fantastisk.

men eg må innrømme det, at eg har blitt litt allergisk mot folk som blir gravide. spesielt folk som er yngre enn meg. dikka kan godt berre la være. eg har issues der altså.
fuck it.

John Dewey seier:
"A society in which there was no opposition of interest would be sunk in a condition of hopeless lethargy."

eg støttar meg til den. dessuten syns eg lily allen er skikkelig kul. og dersom eg hadde vore lesbisk skulle eg SÅ ha kyssa kristen stewart.




























ho i twilight-filmane altså. ho er rett og slett eit deilig kvinnemenneske. pytt sann. spank my ass and call me a lesbian.

torsdag 18. mars 2010

blogg-norge

veit du ke?
eg er FRYKTELIG lei av norske blogg-jenter. her fins det definitivt rom for å være meir konkret. og spesifikk. men det blir å henge ut folk, og det hakje eg behov for. men eg kan sei litt meir ke eg er lei av. jo. eg er lei av hundrevis av bilder av vakre ting, som blir repetert i det uendelege. bilder av kjolar, av hus, byar, rom, TING, mat, bøker, søte små dupedittar og ting som liksom er så vakkert at ÅÅÅÅH! what the FUCK altså!!!!!!!!!!
FORTELL MEG NÅKKE SKIKKELIG ÆRLIG ISTADEN! eg ORKA ikkje eit einaste bilde til frå paris der det står ei vakker jente med ein vakker kjole, som er i sine første tjue-år, og som syns verda er ein rosa ballong med muffins på. det gjer at eg tenker: viss du absolutt må vise fram alt som er så jævla vakkert og fint heile tida, har du seriøse issues. issues eg har lyst å vite OM! så ikkje gøym dei vekk med nydelege bilder av den vakre verda di. vis meg nåkke ekte.

verda er ganske crappy av og til, skal eg sei dikka. men det kan være ganske stilig det og.

onsdag 17. mars 2010

my sweet lord

det e no så forbaska og. så forpult forbaska!!!!!!!!

dessuten savnar eg denne sangen!

UPPGØVE-INNLEVERNAD

EG HAR LEVERT EI KJEMPEVANSKELIG OPPGAVE.
:D

først var eg dritforbanna. fordi eg hatar å levere oppgaver. det er alltid så masse peees akkurat på slutten. usaklige små ting som skal fiksast. og så prøver han der geeken vegg i vegg med meg å hjelpe, men då blir eg berre sur og stressa, fordi eg vil klare sjøl.
OG FORRESTEN: kan dei som har funne opp Word og Open Office krype opp i si eiga rompe og dø? TAKK.
etter at eg hadde levert var eg såpass oppskaka og forbanna, at eg såg meg nødt til å sette på den sintaste musikken eg fann. det var litt ymse. som feks no use for a name, guns n roses og rage against the machine. det hjalp VELDIG! aaah.
no har eg ekstremt lyst til å drikke meg dritafull ilag med nåkken som veit å sette pris på alkohol sånn ca klokka tre ein onsdag.
eg går i allefall på polet og kjøper masse vin. har tenkt å sjenke nicolai full i kveld, når han kjem på tv-kveld. thomas og. men det kan bli ein utfordring. må legge ein slagplan. kanskje viss eg seier det er ein ny type protein-shake.

ellers, er alt litt forbanna inni meg i dag, og eg har frykkkteliiig lyst å slå ut håret fullstendig. det er vår-syndromet mitt som slår inn! alltid når våren kjem får eg ein ekstrem trang til å være russ igjen, og virkelig berre ha det kjekt ilag med kjekke folk, være full på usømelige tider, ligge på eit svaberg under ei gran og kline, og liknande perversitetar.

hei og håååååååå

søndag 14. mars 2010

prisoner in the reign of love

i dag kan eg berre ligge på sofaen og fundere. liksom ingenting anna som er tiltalande.

det skjer så masse. og no ER det vår. og i sommar kjem alt til å forandre seg, og til høsten blir alt anleis, og om eit år er eg nesten master i sosiologi.

det har vore ei veldig bra helg.

og i mårra gjer det ingenting at det er mandag, for ein gangs skyld.

jentene på farmen kranglar, og eg veit ikkje kem av dei to som er mest patetiske. kanskje ho som så elegant konkluderte med at all krangel mellom jenter handlar om sjalusi. for det er ikkje sant. eller kanskje nettopp fordi det er sant.
eg har krangla nok med jenter kjenner eg. derfor har eg slått meg til ro med at eg er ei guttejente. gutar er mindre skumle enn jenter å forholde seg til. jenter er så fryktelig kompliserte ;) ikkje alle. heldigvis. det fins eit par som er relativt enkle å forholde seg til. takk og lov. for uten ho, og dei, så hadde eg vel gått fra vettet. det er jo faktisk ikkje alt ein kan snakke med gutar om.

eg merka at eg savna jenteprat, men dikka e så fryktelig vanskelige å stole på. av ein eller anna merkelig grunn.

lørdag 13. mars 2010

pulemusikk. ....you heard me.

eg lar overskrifta tale for seg, og skriv herved ei liste med sangar. inspirert av nokon andre sin idé om ...ei slik liste.
.No sound but the wind - Editors
.New Moon - Alexandre Desplat
.Aftermath - New Violators
.Whole lotta love - Zeppelin
.Don't go away - Oasis
.I'm outta time - Oasis
.Fix you - Coldplay
.Violet hill - Coldplay
.Desire - U2
.Happiness is a warm gun - Beatles
.I want you - Bob Dylan
.Girl from the northcountry - Bob Dylan
.Favourite girl - King Creosote
.Falling away with you -Muse
.Blackout - Muse

takk og farvel.

onsdag 10. mars 2010

please brother let it be

no høyrer eg på masterplan av oasis. beste sangen.

for to år sia høyrte eg overstadig masse på den sangen, og var ekstremt ulykkelig. no høyrer eg på den, og er relativt lykkelig :) ikkje verst.

sånn apropos kvinnedagen. eg lar meg stadig provosere. eg er anti-kvinnedag.
eg er anti likestilling nesten. men det er litt feil å sei. eg er sjølvsagt for likelønn. for å ha mitt på det reine. og for pappa-permisjon. for å understreke: likestilling er IKKJE lik meir makt til kvinner. for det blir feil. skal det være likestilling skal det være like mykje fokus på menn som på kvinner. og er det nåkke vi burde virkelig FEIRE viss vi først skal ha ein kvinnedag, så burde det være koffor vi kvinner er så fantastiske, unike og ANLEIS enn menn. ...å gå rundt med ein påklistra bart er i så fall mot sin hensikt, slik eg ser det, og gjer meg fullstendig apatisk og kvalm. det blir som å sei: eg vil helst være ein mann!!! og det vil vi FAEN MEG IKKJE! (eg SER poenget deira, om at barten på ein måte er ein protest osv osv, men faen heller).

eg krev ein reformasjon av kvinnedagen. den burde være ein dag vi kunne feire. hurra for kvinner. sånn som den er no, så er den berre full av klaging og syting og ekle feministar som har lyst å drepe alle menn.

eg syns kvinnedagen er ein ekstremt tåpelig, unødvendig dag. vi trenge faen meg ikkje ein eigen dag for å vise kor fantastiske vi e. det at VI har ein dag, og ikkje mannfolka er berre med på å understreke kor tåpelig dagen er. ooo, vi er det svake kjønn, vi treng ein dag avsatt til å komme oss fram i verda. PFFFT. eg klara meg fint sjøl takk!!!

vi SKAL være forskjellige. vi HAR ulike hjernar. vi UTFYLLER kvarandre fordi vi har ulike eigenskapar. hurra for DET :D
eg skal lage ein dag som heiter KJØNN-dagen. då begge får lov å være med å feire kor flotte vi er, kvar på vår måte.

lørdag 6. mars 2010

daglegvareobservasjonar

å jobbe på butikk er å få eit unikt innblikk i korleis folk er. rett og slett. korleis ER folk. kanskje det e derfor eg gidda å jobbe på dagligvarebutikk. for eg er jo unekteleg interessert i menneskeleg adferd. ok. i dag. ein typisk laurdag.
ting som gjorde meg forbanna (inni meg vel å merke, eg er nemlig ein utmerka kundebehandlar, som ALDRI blir sur og sint):

- folk som avbryte meg MENS eg hjelpe ein anna kunde. fordi dei meinar at det dei treng/held på med er EKSTREMT mykje viktigare. "UnnSKYLD, kan jeg blablablabla". NEI, det kan du FAEN meg ikkje. får eg lyst å sei. VENT TIL DET E DIN TUR!

-folk som har dårleg timing. dvs, dei som finn ut at det er aller mest praktisk å spørre meg om eg kan hjelpe dei å hente/finne/leite/ta ned/ noko, AKKURAT når eg har hendene fulle av papp/råtne epler/TUNGE ting som er kalde. helst all of the above. og helst spør dei gjerne etter at eg allereie har blitt avbrutt i denne prosessen to-tre gonger tidlegare.

-folk som gjer eit poeng ut av at dei har dårleg tid, og må ekspederast i super-tempo. VISS DU HAR DÅRLIG TID SÅ DRIIIIIT I Å GÅ PÅ BUTIKKEN OG GJER DET TIL MITT PROBLEM.
utdjupande "eg har dårlig tid adferd": trippe, sukke høglydt, sjå på klokka, himle med augene, sjå seg stressa over skuldra, replikken "eg har dårlig tid skjønnar du", rekke ut neven etter vekslepengane ti minutt før dei kjem, knipse (ja faktisk nokon som gjer det) etter kvitteringen. lol. sug meg. seie eg berre til sånt. og somlar litt ekstra masse berre på pur.

-folk som er drita/rusa. den treng ingen utdjuping.

-folk som seier "hadde du posen eller?!?!" når eg allerede er på veg til å gi den, eit tredels tidels sekund etter spørsmålet "treng du pose?". CHILL THE FUCK OUT! EG HAR IKKJE GLØMT DEG. ENDA. EG HAR EIT SYSTEEEEM HER, GO WITH IT. KOR RASKT TRENGE DU DEN UANSETT!!??

-folk som stressar (litt likt folk som har dårleg tid, men likevel substansielt forskjellige typar), og helst skal pakke varene nedi posen MENS eg slår dei inn, aller helst før.

-gamle folk (ja, dei e søte, men JEEES!) som spør: HVA KOM DU TIL DA??? eit mILLIsekund etter siste vare e slått inn, men aller helst FØR alt er slått inn, og tre timar før eg faktisk kan skimte prisen på skjermen min. aller helst seie dei det samTIDIG som eg spør: "treng du pose?" sånn at alt berre blir HEILT kaos og mayhem.

-folk som seier "Ja." når eg seier "hei!". lol.

-folk som ikkje seier eit pip. og då meinar eg ikkje eit pip. "Hei!" (......) "35 kroner blei det." (........) "trenge du pose?" (..................) NEIVEL. GREITTTTTTTTT. HA DET SÅ JÆVLA BRA DIN SAME.

-folk som ikkje trur på det eg fortel dei. antageligvis fordi eg ser så ufattelig pen og vakker ut, at dei trur eg er blond enda eg ikkje er det. vanlig problem i mitt liv. anywho, dei spør gjerne: "kor lenge er det åpent i kveld?". og eg svarar med eit smil: "til elleve!" og så haaaar vi det gåande du.
-til elleve?!?!?!
-jepp
-i KVELD???
-yes sir!
-til ELLLEEVEEE??????????????
-JA.
-....på ein LØRDAG???????????????? (med tilhøyrande vantru ansiktsuttrykk)
-.....................ja.
-sååå lenge???
-jau, det e litt lenge ja, he. he. he.
-e du sikker???
(rundt omkring her pleie det å bli vanskelig å være høflig).
-.......frøken, eg har jobba her i tre år, eg trur eg veit kortid vi stenge butikken om kvelden. ok?

og no kjenne eg at det får holde. og no har eg ikkje ein gang nevnt han som ikkje visste ke ein purre var, og trudde vi var tom heilt til eg putta ein purre i handa hans og sa: dette er ein purre. -e dETTE en purre?
-...ja?
-e du sikker?
-JA.
-men det står jo pastinakk på skiltet....
-det skiltet er på feil plass.
-så dette er ein purre altså?
-dette er ein purre sist eg sjekka.
-så det e du sikker på.
-ja, eg kan vedde tusen kroner på det
-då vil eg gjerne ha dei tusen kronene mine med ein gang.
-he. he. fuckings jævla heeeee.

så.
ferdig.

torsdag 4. mars 2010

om oppgaveskriving

ok.
foran meg har eg ei ekstremt komplisert og umulig statistikk oppgave, som involverar eit dataprogram eg såvidt har begynt å skjønne 10 % av. dette er også ein del av statistikk: kvadratrot, regresjonsanalyse, korrelasjonskoeffisientar, standardavvik, signifikans-testing, nullhypotese, dummy-variablar (variablar generelt), osv.

og istadenfor å begynne, så sitte eg å spela bejeweled. dette fantastiske spelet på facebook som er ekstremt vanedannande. sukk. og så sitte eg i tillegg og kjefta på meg sjøl fordi eg går på master og ikkje har ein jobb allerede. sånn som alle andre har. eg ligge seriøst fem år bak alle andre når det gjeld å skaffe seg eit liv. og det er deprimerande.

om 15 min skal eg begynne å jobbe med oppgava.
ikkje eit seKUND før.
dessuten har eg lyst å kline.

hadi!

tirsdag 2. mars 2010

elskar å hate

ok. av og til elskar eg å hate. for då får eg liksom utløp for alt mulig sinne og jævelskap som bur i håve mitt. ikkje så dumt i grunn. det eg hatar akkurat no eeer:

snø. faens jævla DRITT! eg hata deg snø!!!
KOFFOR MÅ SNØ EKSISTERE???

i tillegg hata eg folk som skrive blogg, som berre skrive om ting som ikkje interessera meg, men som e så idiotiske at eg berre MÅ lese, nettopp fordi det er så UFATTELIG at det går an å sei så masse PISS på ein gang. og eg e jo stadig fascinert av FOLK, og kor dumme folk kan bli. ettersom eg sjøl er ekstremt intelligent og feilfri. så derfor må eg bruke masse tid på å lese folk sine IDIOTISKE bloggar, nåkke som egentlig e fryktelig deilig og gøy, så eg skal ikkje klage.

ein ting til eg hatar, er folk som GLOR. HERREFRED DA MENNESKE! med mindre eg har ein katt på håve (nåkke eg forsåvidt skulle ønske eg hadde fordi det ser ganske koselig ut akkurat her: http://www.sol.no/klipps/video/dette_skjer_hver_eneste_kveld), så KREVE eg at folk oppFØRE seg med det eg ville kalle miniMAL folkeskikk, og ikkje glor på meg. heller ikkje stå oppå meg i butikk-køen værsåsnill. og ke e greia med folk som blir OVERRASKA over alt mulig?? går det an å berre holde alle sånne ytre tegn på at du observerar andre for. seg. sjøl?? eg SER at du ser på meg, så LA VÆRE.

ein tredje ting.......? nei, tenk det kan eg ikkje sei, for det har eg ikkje lov til.

koz og klemz og blomster og rosa skyer og regnbogar OPP i rompa di.