onsdag 10. mars 2010

please brother let it be

no høyrer eg på masterplan av oasis. beste sangen.

for to år sia høyrte eg overstadig masse på den sangen, og var ekstremt ulykkelig. no høyrer eg på den, og er relativt lykkelig :) ikkje verst.

sånn apropos kvinnedagen. eg lar meg stadig provosere. eg er anti-kvinnedag.
eg er anti likestilling nesten. men det er litt feil å sei. eg er sjølvsagt for likelønn. for å ha mitt på det reine. og for pappa-permisjon. for å understreke: likestilling er IKKJE lik meir makt til kvinner. for det blir feil. skal det være likestilling skal det være like mykje fokus på menn som på kvinner. og er det nåkke vi burde virkelig FEIRE viss vi først skal ha ein kvinnedag, så burde det være koffor vi kvinner er så fantastiske, unike og ANLEIS enn menn. ...å gå rundt med ein påklistra bart er i så fall mot sin hensikt, slik eg ser det, og gjer meg fullstendig apatisk og kvalm. det blir som å sei: eg vil helst være ein mann!!! og det vil vi FAEN MEG IKKJE! (eg SER poenget deira, om at barten på ein måte er ein protest osv osv, men faen heller).

eg krev ein reformasjon av kvinnedagen. den burde være ein dag vi kunne feire. hurra for kvinner. sånn som den er no, så er den berre full av klaging og syting og ekle feministar som har lyst å drepe alle menn.

eg syns kvinnedagen er ein ekstremt tåpelig, unødvendig dag. vi trenge faen meg ikkje ein eigen dag for å vise kor fantastiske vi e. det at VI har ein dag, og ikkje mannfolka er berre med på å understreke kor tåpelig dagen er. ooo, vi er det svake kjønn, vi treng ein dag avsatt til å komme oss fram i verda. PFFFT. eg klara meg fint sjøl takk!!!

vi SKAL være forskjellige. vi HAR ulike hjernar. vi UTFYLLER kvarandre fordi vi har ulike eigenskapar. hurra for DET :D
eg skal lage ein dag som heiter KJØNN-dagen. då begge får lov å være med å feire kor flotte vi er, kvar på vår måte.

Ingen kommentarer: