tirsdag 23. mars 2010

ortopedisk oppleving

i daaag har eg vært hos ein mann som meinar han har peiling på ortopedi. det var ganske fascinerande. etter å ha slitt med ein skeiv rygg i tusen år, og blitt fortalt at eg har ein fot som er lengre enn den andre av den ekstremt grusomme x-fastlegen min, kunne han her lure fyren fortelle meg at det mest sannsynlig ikkje har nåke med beina mine å gjere, men derimot augene. jepp. eg er skjøgl som vi seie i sogn. og derfor trur hjernen min at det er hensiktsmessig å lene seg litt til venstre. for å være i vater. nåke som strengt tatt ikkje er nødvendig i det heile tatt. og som har ført til at det eine hoftebeinet mitt er EIN CENTIMETER lavare nede enn det andre. ein sjokkerande avstand spør du meg, og ikkje RART at eg har hatt vondt i heile meg største delen av livet! jeeeeeeees.
mannen skviste ei nål inn i øyreflippen min, og brukte laser her og der. og skal også bruke laser på auget mitt neste gang. og så meinte han eg var good to go igjen. etter fem min med laser så var centimeteren bortevekk. berre SÅNN. eg skjønte ingenting og begynte å le han rett i trynet. han bad meg forresten om å slutte å tygge tyggis, fordi kjevemusklane kan forstyrre augemuskulaturen min og forvirre det stakkars funksjonshemma auget mitt enda meir. eg måtte faktisk spytte tyggisen ut på ein post-it som han holdt fram for meg. streng mann!

ellerssssss. er det duka for eit kjempe-spicy jobb-kurs i kveld.

forresten, den nye sangen til alexander eittelleranna og lene marlin, som eg høyrte i dusjen istad, gjorde at eg fekk lyst til å gi opp/kaste opp/slå. hadde eg høyrt den sangen i går trur eg mest sannsynlig eg hadde omkomme. nesten så dei skulle meldt seg på grand prix. makan til unødvendig bederva musikk skal ein leite leeeenge og vel for å finne. ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ

Ingen kommentarer: