lørdag 27. mars 2010

møkkamedia

ein ting som gjer meg FLAU:

norske journalistar. staaaadig vekk.
no feks, spurte nettopp ein KNØL kristin halvorsen (trur eg. tv'en er innen høyrselsvidde men ikkje synsvidde): "har den norske regjeringen tatt for lite möllers tran?" altså.... hadde eg vore kristin (noko eg forsåvidt er) så hadde eg ikkje ORKA å svare på eit sånt spørsmål ein gang. eg meina HERREfred. ke for eit MEHE som GIDDA å ha ein jobb som går ut på å stille sånne spørsmål? eg hadde sukka HØGLYTT mens eg himla med augene, og så hadde eg uten eit ord snudd meg og GÅTT ut av kameravinkelen. rett og slett. etter å ha GLODD olme blikk mot journalisten.
no skal ikkje eg skryte på meg å ha eit yrke som har for vane å stille intelligente spørsmål. "trenge du pose?" og "kvittering?" har sine begrensningar, men eg meinar likevel at til og med DESSE spørsmåla er meir produktive enn tran-spørsmålet.
for ikkje å snakke om avisoverskrifter. FOR ikkje å snakke om det. det verste eg ser er alle "HER" overskrifter. "her hopper kvinne i døden" "her løper elgen ut i veien" "her knuser han bilen". HER?!?!?! kor HÆÆR. eg sekje nåkke HER. eg drite i kor HER e. eg vil berre vite KE. knapt det. gi meg ei overskrift som gjør at eg får lyst å LESE om saken. ikkje GIDD å lat som om det var på VG si nettside det skjedde.

Ingen kommentarer: