torsdag 18. mars 2010

blogg-norge

veit du ke?
eg er FRYKTELIG lei av norske blogg-jenter. her fins det definitivt rom for å være meir konkret. og spesifikk. men det blir å henge ut folk, og det hakje eg behov for. men eg kan sei litt meir ke eg er lei av. jo. eg er lei av hundrevis av bilder av vakre ting, som blir repetert i det uendelege. bilder av kjolar, av hus, byar, rom, TING, mat, bøker, søte små dupedittar og ting som liksom er så vakkert at ÅÅÅÅH! what the FUCK altså!!!!!!!!!!
FORTELL MEG NÅKKE SKIKKELIG ÆRLIG ISTADEN! eg ORKA ikkje eit einaste bilde til frå paris der det står ei vakker jente med ein vakker kjole, som er i sine første tjue-år, og som syns verda er ein rosa ballong med muffins på. det gjer at eg tenker: viss du absolutt må vise fram alt som er så jævla vakkert og fint heile tida, har du seriøse issues. issues eg har lyst å vite OM! så ikkje gøym dei vekk med nydelege bilder av den vakre verda di. vis meg nåkke ekte.

verda er ganske crappy av og til, skal eg sei dikka. men det kan være ganske stilig det og.

Ingen kommentarer: