fredag 26. mars 2010

kjedeleg fredagskveld

som nevnt tidlegare likar eg å bu på sofaen om fredagskvelden og drikke litt vin, medan eg høyrer på stilig musikk. i dag funkar det ikkje! HYYL! eg er aleine heime, eg er trøtt, eg drikk LETTØL og har stappa i meg alt for masse chips. plopp så blir eg tjukk og feit.
MEEEN. oasis har eg i det minste.
kjære gud la meg bli spist opp av ein oasis-sang.

superchips er forresten verdens beste oppfinnelse. men ikkje akkuart no, for no er eg mett.
dette blir eit overstadig usakleg blogginnlegg.
i mårra reiser eg heim til mamma og pappa.
likte forresten at varg vikernes ikkje likte boka til han der duden som har skreve ei bok om norsk metall si historie. DET likte eg. godta meg litt der.
og ke e PROBLEMET med at harald eia laga litt tv og filma nåkken forskarar. han kan no vel FAEN få lov å filme og klippe NETT som han vil. helst skulle han ha klippa vekk enda meir, og BERRE tatt vare på dei mest grusomt IGNORANTE haldningane til dei norske forskarane. for det hadde jaggu meg vore nett te pass. "Ke syns DU om denna rapporten?" "FNYS!!!!" KUTT. nok sagt. det MÅ være lov å stille spørsmål, og å være litt på kanten reint metodisk. dette er berre eit tv-program. ALLE oppegåande folk i norge VEIT at eit tv-program ikkje viser realitetar/menneskje på ein 100% korrekt måte. så kan vi ikkje berre roe oss ned og være litt storsinna og heller ta inn over oss at eia har eit STORT, GODT POENG? det MÅ være lov å tenke utafor boksen/sjølv.
som ung lovande sosiolog, MED 60 studiepoeng i psykologi (inkludert detaljorientert biologisk opplæring i hjernens oppbygging og nervecellenes funksjon), tørr eg påstå at desse to faga har ALT å tene på å kombinere kunnskapen sin. BRING IT ON.
eg elskar debatten som no har oppstått.

she is love



Ingen kommentarer: