torsdag 29. januar 2009

oss to i oooschlooo

hei!

eg har vore i oslo i 4 netter og 5 dagar ca. og fy farao for ein fin tur! (legg merke til at eg bokstav-rimar). horoskopet mitt fekk rett og slett veldig rett. der sto det nåke om at den helga her osv, var perfekt for ein reise. and it was. berre gøy og kos HEILE tiden.


....eg er så heldig som kjenner så søte folk!!!

det einaste som er dumt, er at sånne fine turar tek slutt. eg kjenner at eg ikkje har så masse å fortelle om turen, fordi ALT var så fint. men det skal nevnast at eg tryna foran køen på mono, at eg sølte veldig masse chai, at eg hylte av skrekk når eg måtte springe over vegen med astrid for å nå trikken, at astrid lo av meg fordi eg var så LITEN i STORE oslo, at gunhild har verdas finaste leilighet der ein kan sove under eit palmeblad, at maja også har verdas finaste leilighet og framleis er den søte pusen ho alltid har vore, at grønne epler med kanel-dryss er min nye favoritt-ting, at oasis-konserten blei ALT eg håpte på pluss enda litt meir lykke, at liam gallagher er min nye drømmemann, at hårkur hjelper, at trikk er kos, at vinter er kaldt, at oreo-milkshake på fridays er GODT, og at det IKKJE er lov å ete kebab i drosjen ;)
eg meina det. oasis... det er lenge siden eg har smilt kronisk i over ein time i strekk. det gjorde eg i spektrum på tirsdag... <3>
no sit eg her med eva solo-kanna mi igjen, og er glad for at eg har ein pappa som veit at eg likar å drikke tonnevis med te når eg først er i gang ;)

og så drøymer eg om alle dei tinga eg så gjerne vil ha/oppleve. og så er eg veldig veldig rolig, for første gang på lenge................................... <3
og dette er ein nydelig liten gullklomp:


tirsdag 20. januar 2009

makeover



eg treng ein makeover før min store utfart til oslo. aller helst skulle eg ha sett ut som zooey deschanel. ho er VAKKER! og utrulig morsom på film. i like her.


...ettersom eg allerede er morsom på film, treng eg berre å farge håret og stusse panneluggen min, så er vi i mål ;)




søndag 18. januar 2009

things to do

ting eg er glad eg har opplevd/happy times

-å flytte på hybel/gå på musikklinja då eg berre var 16 år
-musikklinja (den fortena eit eige punkt)
-berlin
-london london london
-gå over gangfeltet i abbey road
-robin hoods bay (knøttliten landsby ved østkysten av england)
-paul mccartney-konsert
-å få A på bacheloroppgåva mi
-crazy love
-å oppdage at nåken venna e der uansett
-stavanger og alle dei vakre strendene der
-å stå bak roret på stor stor seglskute midt på havet med krystallklar stjernehimmel over seg
(nærare bestemt statsraad lehmkuhl på veg til shetland)
-shetland
-å lære sosiologi
-å stå på ei random scene og framføre eitt eller anna. (russerevyen, eksamenskonserten min, danse med balletten, osv)

av og til tar eg meg sjøl i å leve veldig i fortiden. eg har grodd meg litt fast i at alt det gøye skjedde før, og at no er ingenting gøy lenger. ingenting kan bli som FØR liksom.. det er noko eg gjerne vil slutte å tenke. derfor skal eg no skrive ei liste over ting eg gjerne vil gjere i framtida. for den kan jo fyllast med like kjekke ting som fortida inneheld! håpar eg :)

ting eg har lyst å gjere:

-å bu eit år i ein pitteliten gresk landsby på ei pittelita gresk øy
-skrive bok (gjerne kombinert med punktet over)
-danse igjen
-gjere eit superromantisk stunt (feks fri til han eg vil ha når han minst ventar det, men vil det mest)
-gifte meg med ein mann eg er skikkelig begeistra for, som er like begeistra for meg ;)
-få tre ungar
-være mamma
-starte egen bedrift
-lære meir om sosiologi, psykologi, nevrologi, evolusjonsteori, osv osv osv
-tjene mykje peng
-få meg ein jobb eg er skikkelig perfekt for, som eg klarar bedre enn NÅKEN andre
-svømme med delfinar
-lære meg å køyre bil
-kose med ein løve-/tiger-baby
-gå til ein ekspert-psykolog, og la han grave i hjernen min
-at oasis spelar songbird til meg i oslo neste veke
-være optimistisk og glad og JA-menneske

det var vel i grunn det eg kunne komme på i farta!

torsdag 15. januar 2009

welcome to the dark side

ok. denne veka her? den kan gå og SUGE seg sjøl.
kan nåkke FINT skje snart plz? så eg sleppe å føle at livet mitt stadig når uante dybder?
fy faen i helvete.

tirsdag 13. januar 2009

karriere!


det er ein ting eg alltid har hatt lyst til. å starte min egen bedrift. ei stund hadde eg lyst til å lage verdens kulaste kafe/diner med skikkelig gjennomført 60-tals stil. dvs. røde skinn-sofa-båsar, sjakkrutete golv, sånn høg bar med respatex-topp og stålkantar, samt sånne deilige milkshake-glas. der skulle eg lage verdens beste heimelaga rettar (hamburger, lasagne, pizza, pannekaker, osv osv).. skikkelig american style med andre ord. eg er faktisk ganske flink å lage mat, når eg gidda. eg skulle ha på meg omtrent eit slikt antrekk som keri russell har på bildet, som er frå filmen Waitress. ein skikkelig søt film!
option number two:
starte egen bokhandel. eg trur eg fekk den ideen etter å ha sett You've got Mail! med tom hanks og meg ryan. også ein kjempeveldigsøt film. bokhandelen som meg ryan har der e berre HEILT fantastisk. eg hadde drept for å få lov å jobbe der :)
min bokhandel skulle berre ha fantastiske bøker i seg, og eg skulle ikkje være ein del av ein ekkel kjede, eg skulle berre være kristin sin bokhandel. og alle skulle elske mine bøker ;) eg er ikkje sikker på om den skal være bruktbok, eller nybok butikk. kanskje ein kombinasjon! ja det trur eg. den skulle være perfekt innreda, kanskje med sjakkrutegolv her og? og med fine bokhyller som IKKJE var like kvarandre, men gammaldagse og søte. og så skulle det sjølvsagt være dørbjelle. sånn god gammaldags. der skulle eg stå og selge fine bøker, til fine folk, og være snill mot alle kundane. by dei på heimelaga muffins kanskje. jepp. og EG skulle bestemme kva slags bøker eg skulle bestille inn til butikken, og berre velge dei beste i verda.
option number three:
lage sånn sjokolade-butikk som i filmen Chocolat ;)
så, då har eg planen klar, trenge berre eit par tre fire milliona i startkapital!
anyone?
<3


torsdag 8. januar 2009

funny pictures of cats with captions
more animals

når eg trenge å le litt, eller berre smile, så er icanhascheez fortsatt den beste plassen å gå :)
puusn min...

i feel lonely.

onsdag 7. januar 2009

bob <3




eg elska dette bildet. elska det. fantastisk. og denne sangen. kvar gang eg høyre den <3>



It ain't no use to sit and wonder why, babe
It don't matter, anyhow
An' it ain't no use to sit and wonder why, babe
If you don't know by now
When your rooster crows at the break of dawn
Look out your window and I'll be gone
You're the reason I'm trav'lin' on
Don't think twice, it's all right

It ain't no use in turnin' on your light, babe
That light I never knowed
An' it ain't no use in turnin' on your light, babe
I'm on the dark side of the road
Still I wish there was somethin' you would do or say
To try and make me change my mind and stay
We never did too much talkin' anyway
So don't think twice, it's all right

It ain't no use in callin' out my name, gal
Like you never did before
It ain't no use in callin' out my name, gal
I can't hear you any more
I'm a-thinkin' and a-wond'rin' all the way down the road
I once loved a woman, a child I'm told
I give her my heart but she wanted my soul
But don't think twice, it's all right

I'm walkin' down that long, lonesome road, babe
Where I'm bound, I can't tell
But goodbye's too good a word, gal
So I'll just say fare thee well
I ain't sayin' you treated me unkind
You could have done better but I don't mind
You just kinda wasted my precious time


But don't think twice, it's all right





mandag 5. januar 2009

i got candy!

...i går vart eg lykkelig. eg såg Marie Antoinette... KOFFOR har ingen fortalt meg før om kor fantastisk denne filmen er?? :D
den er det mest strålande fantastiske nydelige inspirerande rørande eg har sett. og så med eit soundtrack som berre seie "PANG, eg e verdens beste soundtrack." e det mulig å være så genial?

I LOVE YOU!


søndag 4. januar 2009

takk :)







her kjem ein liten takketale kanskje..!



eg føler at eg har vore ein dårlig julevenn dette året. det vil sei, at eg ikkje har brydd meg om å vise dei eg er mest glad i kor mykje eg faktisk set pris på dei. grunnane til denne glitchen er mange... lat meg ikkje utdjupe mitt ambivalente forhold til jul. det eg KAN sei er ...takk!! :D dikka e så fantastisk søte at eg ikkje kan få sei det ein gang! eg har eit nyttårs-forsett, og det er å være like flink å gi små oppmerksomheter utover i dette året.






ellers har eg hatt ein fin søndag! kaffi på Capello med verdens beste Tommy, og fin film etterpå. Saman er vi mindre aleine <3



no har eg ommøblert rommet mitt, og eg er svært nøgd med resultatet! eg har funne ut at eg MÅ ommøblere med jevne mellomrom. alt etter korleis humør eg er i. det gjer underverker for trivselen min :) i tillegg er det viktig med riktig ommøblasjons-musikk. i dag fekk ipoden min bestemme kva eg skulle høyre. eg lika shuffle. shuffle e drømmemannen. uforutsigbar, men du veit at uansett ke som skjer så kan det likevel aldri bli HEILT feil. han har alltid ein positiv overraskelse på lur, og er alltid der for meg når eg treng han! og viss han kjedar meg kan eg berre hoppe til neste spor, og vips så er vi på godfot igjen! haha...









torsdag 1. januar 2009

første dagen

eg pleier å like første januar. men i dag veit eg ikkje heilt. både og.
eg får stadig høyre at eg er naiv. medan dei som har kjent meg lengst av alle seier det stikk motsette. kanskje eg gir eit feil inntrykk av meg sjølv av og til? kanskje dei som meiner eg er naiv berre er for redde for å innsjå at eg kanskje er inne på noko likevel? kanskje er eg verdens mest naive person og berre kjenner meg kjempetruffet. ...ikkje veit eg. men er det EIN ting som gjer meg provosert, så er det ordet naiv. det fins ikkje nåkke verre. det burde være forbudt å kalle andre naive. alle er vel naive! men på ulike måtar! vi treng vel ikkje å påpeike det heile tiden for det... kallar du nokon naiv seier du samtidig at "eg veit betre enn deg/stakkars lille deg" det er nedverdigande, og spør du meg er det ufattelig tåpelig og destruktivt å gi andre den følelsen. vit bedre enn meg i stillhet da i så fall. det gjør alltid eg... ;)