søndag 4. januar 2009

takk :)







her kjem ein liten takketale kanskje..!



eg føler at eg har vore ein dårlig julevenn dette året. det vil sei, at eg ikkje har brydd meg om å vise dei eg er mest glad i kor mykje eg faktisk set pris på dei. grunnane til denne glitchen er mange... lat meg ikkje utdjupe mitt ambivalente forhold til jul. det eg KAN sei er ...takk!! :D dikka e så fantastisk søte at eg ikkje kan få sei det ein gang! eg har eit nyttårs-forsett, og det er å være like flink å gi små oppmerksomheter utover i dette året.






ellers har eg hatt ein fin søndag! kaffi på Capello med verdens beste Tommy, og fin film etterpå. Saman er vi mindre aleine <3



no har eg ommøblert rommet mitt, og eg er svært nøgd med resultatet! eg har funne ut at eg MÅ ommøblere med jevne mellomrom. alt etter korleis humør eg er i. det gjer underverker for trivselen min :) i tillegg er det viktig med riktig ommøblasjons-musikk. i dag fekk ipoden min bestemme kva eg skulle høyre. eg lika shuffle. shuffle e drømmemannen. uforutsigbar, men du veit at uansett ke som skjer så kan det likevel aldri bli HEILT feil. han har alltid ein positiv overraskelse på lur, og er alltid der for meg når eg treng han! og viss han kjedar meg kan eg berre hoppe til neste spor, og vips så er vi på godfot igjen! haha...









Ingen kommentarer: