lørdag 28. mars 2009


huhei så mykje betre alt går når det er vår!

torsdag 12. mars 2009

spør du meg, er dette måten å begynne ein film på. spør du meg, så er audrey hepburn fantastisk. ALT i denne filmen er fantastisk.

i kveld drøymer eg om å ha ein slik leilighet som holly golightly har i breakfast at tiffany's. ein stor leilighet. som er berre min. med badekarsofa. og så drøymer eg om å tilbringe sommaren i london. i ein kul leilighet, og vandre gatelangs heile dagen i 60-tals kjolen min, mens eg høyrer på beatles, bob, stones, osv osv osv osv. og late som det er 1969 eller der omkring. og plutselig treffe på john lennon, eller paul, og bli med dei på fest feks....

og så drøymer eg om å reise på roadtrip. i ei lita lyseblå boble, med kvite prestekragar på. og eg skulle køyrt bil barføtt, og hatt ein radio som spraka, og hatt kjole på, igjen. og det skulle vore sommar, og sol.

"it may be years until the day, my dreams will match up with my pay."

tirsdag 10. mars 2009

i kveld ler eg av dette bildet.
humøret mitt har vore svart den siste veka, grunna fysiologiske kvinnelege funksjonar, også kalla pms. seriøst. eg trur ingen i heile verda blir så deprimert som meg. poenget er, at no veit eg kvifor. det er berre hormonane mine som leikar mongo inni meg. så no klara eg å være LITT meir rasjonell oppi det heile, og likevel keep the faith. det har eg ikkje klart før. framskritt! hurra! dessuten, så er det over no, så no er eg glad igjen :) og det er jo glad eg egentlig er. kroppen min prøver berre å lure meg av og til.

så no ler eg altså. av gode gamle I can has cheez. alltid ein slager.

eg har jobba i dag. lenge. men det gjekk greit :) no worries! og så har eg farga håret. til info. forresten. e det i det heile tatt nåken som lese denna bloggen? eg berre undrar. SEI nåkke da. viss dikka lese. eg veit eg hadde på sånn greie før som gjorde at det ikkje gjekk an å kommentere. men det går an no altså........ anywhoooo.

leggetid no.
eg vil drømme om greske øyer, gode venner, og ke eg skal bli når eg blir stor.
hug.

søndag 8. mars 2009

ein gang for lenge siden budde vi i stavanger. og eg forelska meg i havet. og himmelen. desse bildene har eg alltid tenkt å lage eit stavanger-album av. og eg har mange mange mange fleire. fordi rogaland er vakkert frå topp til tå :)



i eit slikt hus skulle eg gjerne bu. med ca tre meter til strandlinja.
og med utsikt rettttt ut i horisonten. heilt ubeskrivelig romantisk fantastisk.












pappa og eg, på ein av våre endelause hav-turar



favorittplassen min på heile jorda. viss ikkje eg får gifte meg her, så gidda eg ikkje gifte meg.

bestevennen min Bella. ho budde i verdens mest fantastiske hus i Ramsvik <3>

dylan ....igjen!

The line it is drawn
The curse it is cast
The slow one now
Will later be fast
As the present now
Will later be past
The order is rapidly fadin'.
And the first one now
Will later be last
For the times they are a-changin'.

hørt den hundre gangar, men NO plutselig sank teksten inn som ein stor poetisk klomp. fabulous! eg er nemlig ikkje ein slik person som syns at teksten er det viktigaste i musikken eg høyrer på. eg har alltid vore mest opptatt av melodien. viss teksten i ettertid viser seg å være spennande, så blir det ein super bonus. men det er aldri det første eg går etter. ironisk nok elska eg dylan først og fremst pga melodiane. han som er tekst-mann nr. 1. jaja. då veks vel berre kjærleiken min no som eg endelig har begynt å ta inn over meg ke han prøver å sei ;)

alltid skal no eg være på etterskudd med alt....
story of my life. eg e liksom babyen som fremdeles ikkje har peiling på ke eg skal/vil når eg blir stor. eg fekk forresten mitt første kyss ALT for seint og. etter mi meining. alle andre sin tur først. det er visst alle andre sin tur no og. det er nok universet som prøver å lære meg å være tålmodig. eg ekje så flink til det. eg vil som oftast spole forbi det kjedelige og berre ha det morro heile tiden. morfar sa alltid at eg måtte lære meg å kjede meg. skjønte aldri ke han meinte. før no.

sannheten om kjærlighet

Love isn’t an act, it’s a whole life. It’s staying with her now because she needs you; it’s knowing you and she will still care about each other when sex and daydreams, fights and futures—when all that’s on the shelf and done with. Love—why, I’ll tell you what love is: it’s you at seventy-five and her at seventy-one, each of you listening for the other’s step in the next room, each afraid that a sudden silence, a sudden cry, could mean a lifetime’s talk is over.

Brian Moore, The luck of Ginger Coffe

<3

mandag 2. mars 2009

overvelda

i dag er eg ein plass mellom overvelda og motivert. overvelda av alt som eg savnar/vil ha, som eg ikkje har. feks. gøy jobb, lappen/bil, digg leilighet, kjæreste, osvvvv. motivert fordi eg begynnar å kjenne at eg har lyst til å gjere nåkke MED situasjonen, istadenfor å sitte å syns synd i meg sjøl.

ting eg hadde gjort, dersom eg hadde hatt masse masse peng:

1. sagt opp jobben
2. tatt lappen
3. kjøpt bil
4. kjørt på roadtrip, aleine, til nordnorge
5. kjøpt leilighet
6. studert nåkke, berre for gøy

det e berre eit problem med den planen. i has no moneyz.

eg har lyst å sitere aleksander, og sei: i mårra ekje eg her. med det meiner eg egentlig berre det at aller helst har eg lyst å rømme til ei sydhavsøy og ha friiiii. leeeenge. akkurat no. men istaden skal eg ta toget til bergen og jobbe i mårra kveld. og hjertet mitt synke langt ned i tærne ved tanken.