torsdag 12. mars 2009

spør du meg, er dette måten å begynne ein film på. spør du meg, så er audrey hepburn fantastisk. ALT i denne filmen er fantastisk.

i kveld drøymer eg om å ha ein slik leilighet som holly golightly har i breakfast at tiffany's. ein stor leilighet. som er berre min. med badekarsofa. og så drøymer eg om å tilbringe sommaren i london. i ein kul leilighet, og vandre gatelangs heile dagen i 60-tals kjolen min, mens eg høyrer på beatles, bob, stones, osv osv osv osv. og late som det er 1969 eller der omkring. og plutselig treffe på john lennon, eller paul, og bli med dei på fest feks....

og så drøymer eg om å reise på roadtrip. i ei lita lyseblå boble, med kvite prestekragar på. og eg skulle køyrt bil barføtt, og hatt ein radio som spraka, og hatt kjole på, igjen. og det skulle vore sommar, og sol.

"it may be years until the day, my dreams will match up with my pay."

1 kommentar:

Unknown sa...

spør du meg så spør du meg og eg spør deg