søndag 18. januar 2009

things to do

ting eg er glad eg har opplevd/happy times

-å flytte på hybel/gå på musikklinja då eg berre var 16 år
-musikklinja (den fortena eit eige punkt)
-berlin
-london london london
-gå over gangfeltet i abbey road
-robin hoods bay (knøttliten landsby ved østkysten av england)
-paul mccartney-konsert
-å få A på bacheloroppgåva mi
-crazy love
-å oppdage at nåken venna e der uansett
-stavanger og alle dei vakre strendene der
-å stå bak roret på stor stor seglskute midt på havet med krystallklar stjernehimmel over seg
(nærare bestemt statsraad lehmkuhl på veg til shetland)
-shetland
-å lære sosiologi
-å stå på ei random scene og framføre eitt eller anna. (russerevyen, eksamenskonserten min, danse med balletten, osv)

av og til tar eg meg sjøl i å leve veldig i fortiden. eg har grodd meg litt fast i at alt det gøye skjedde før, og at no er ingenting gøy lenger. ingenting kan bli som FØR liksom.. det er noko eg gjerne vil slutte å tenke. derfor skal eg no skrive ei liste over ting eg gjerne vil gjere i framtida. for den kan jo fyllast med like kjekke ting som fortida inneheld! håpar eg :)

ting eg har lyst å gjere:

-å bu eit år i ein pitteliten gresk landsby på ei pittelita gresk øy
-skrive bok (gjerne kombinert med punktet over)
-danse igjen
-gjere eit superromantisk stunt (feks fri til han eg vil ha når han minst ventar det, men vil det mest)
-gifte meg med ein mann eg er skikkelig begeistra for, som er like begeistra for meg ;)
-få tre ungar
-være mamma
-starte egen bedrift
-lære meir om sosiologi, psykologi, nevrologi, evolusjonsteori, osv osv osv
-tjene mykje peng
-få meg ein jobb eg er skikkelig perfekt for, som eg klarar bedre enn NÅKEN andre
-svømme med delfinar
-lære meg å køyre bil
-kose med ein løve-/tiger-baby
-gå til ein ekspert-psykolog, og la han grave i hjernen min
-at oasis spelar songbird til meg i oslo neste veke
-være optimistisk og glad og JA-menneske

det var vel i grunn det eg kunne komme på i farta!

Ingen kommentarer: