lørdag 6. mars 2010

daglegvareobservasjonar

å jobbe på butikk er å få eit unikt innblikk i korleis folk er. rett og slett. korleis ER folk. kanskje det e derfor eg gidda å jobbe på dagligvarebutikk. for eg er jo unekteleg interessert i menneskeleg adferd. ok. i dag. ein typisk laurdag.
ting som gjorde meg forbanna (inni meg vel å merke, eg er nemlig ein utmerka kundebehandlar, som ALDRI blir sur og sint):

- folk som avbryte meg MENS eg hjelpe ein anna kunde. fordi dei meinar at det dei treng/held på med er EKSTREMT mykje viktigare. "UnnSKYLD, kan jeg blablablabla". NEI, det kan du FAEN meg ikkje. får eg lyst å sei. VENT TIL DET E DIN TUR!

-folk som har dårleg timing. dvs, dei som finn ut at det er aller mest praktisk å spørre meg om eg kan hjelpe dei å hente/finne/leite/ta ned/ noko, AKKURAT når eg har hendene fulle av papp/råtne epler/TUNGE ting som er kalde. helst all of the above. og helst spør dei gjerne etter at eg allereie har blitt avbrutt i denne prosessen to-tre gonger tidlegare.

-folk som gjer eit poeng ut av at dei har dårleg tid, og må ekspederast i super-tempo. VISS DU HAR DÅRLIG TID SÅ DRIIIIIT I Å GÅ PÅ BUTIKKEN OG GJER DET TIL MITT PROBLEM.
utdjupande "eg har dårlig tid adferd": trippe, sukke høglydt, sjå på klokka, himle med augene, sjå seg stressa over skuldra, replikken "eg har dårlig tid skjønnar du", rekke ut neven etter vekslepengane ti minutt før dei kjem, knipse (ja faktisk nokon som gjer det) etter kvitteringen. lol. sug meg. seie eg berre til sånt. og somlar litt ekstra masse berre på pur.

-folk som er drita/rusa. den treng ingen utdjuping.

-folk som seier "hadde du posen eller?!?!" når eg allerede er på veg til å gi den, eit tredels tidels sekund etter spørsmålet "treng du pose?". CHILL THE FUCK OUT! EG HAR IKKJE GLØMT DEG. ENDA. EG HAR EIT SYSTEEEEM HER, GO WITH IT. KOR RASKT TRENGE DU DEN UANSETT!!??

-folk som stressar (litt likt folk som har dårleg tid, men likevel substansielt forskjellige typar), og helst skal pakke varene nedi posen MENS eg slår dei inn, aller helst før.

-gamle folk (ja, dei e søte, men JEEES!) som spør: HVA KOM DU TIL DA??? eit mILLIsekund etter siste vare e slått inn, men aller helst FØR alt er slått inn, og tre timar før eg faktisk kan skimte prisen på skjermen min. aller helst seie dei det samTIDIG som eg spør: "treng du pose?" sånn at alt berre blir HEILT kaos og mayhem.

-folk som seier "Ja." når eg seier "hei!". lol.

-folk som ikkje seier eit pip. og då meinar eg ikkje eit pip. "Hei!" (......) "35 kroner blei det." (........) "trenge du pose?" (..................) NEIVEL. GREITTTTTTTTT. HA DET SÅ JÆVLA BRA DIN SAME.

-folk som ikkje trur på det eg fortel dei. antageligvis fordi eg ser så ufattelig pen og vakker ut, at dei trur eg er blond enda eg ikkje er det. vanlig problem i mitt liv. anywho, dei spør gjerne: "kor lenge er det åpent i kveld?". og eg svarar med eit smil: "til elleve!" og så haaaar vi det gåande du.
-til elleve?!?!?!
-jepp
-i KVELD???
-yes sir!
-til ELLLEEVEEE??????????????
-JA.
-....på ein LØRDAG???????????????? (med tilhøyrande vantru ansiktsuttrykk)
-.....................ja.
-sååå lenge???
-jau, det e litt lenge ja, he. he. he.
-e du sikker???
(rundt omkring her pleie det å bli vanskelig å være høflig).
-.......frøken, eg har jobba her i tre år, eg trur eg veit kortid vi stenge butikken om kvelden. ok?

og no kjenne eg at det får holde. og no har eg ikkje ein gang nevnt han som ikkje visste ke ein purre var, og trudde vi var tom heilt til eg putta ein purre i handa hans og sa: dette er ein purre. -e dETTE en purre?
-...ja?
-e du sikker?
-JA.
-men det står jo pastinakk på skiltet....
-det skiltet er på feil plass.
-så dette er ein purre altså?
-dette er ein purre sist eg sjekka.
-så det e du sikker på.
-ja, eg kan vedde tusen kroner på det
-då vil eg gjerne ha dei tusen kronene mine med ein gang.
-he. he. fuckings jævla heeeee.

så.
ferdig.

1 kommentar:

Malin sa...

Hehehehehe,eg ler meg ihjel!