fredag 4. juni 2010

siden sist

ok. no snart kan eg kanskje slappe litt av. siden mars har eg:

-lest 4 fagbøker fra perm til perm
-skreve 4 oppgåver (til sammen ca 50 sider), 2 av dei var heime-eksamen.
-prøvd å lære meg statistikk
-hatt skule-eksamen i statistikk
-prøvd å finne ut ke masteroppgava mi eeeegentlig skal handle om

eg hadde ei lang liste med fristar og gjeremål, og har no strøke alt av lista med unntak av "skaff katt". men heldigvis får eg låne line sin pus nåkken dagar snart, så då kan eg stryke den og ;)
etter eg var ferdig med eksamen på tirsdag kollapsa eg på sofaen og klarte ikkje bevege meg. først då skjønte eg kor stressa eg har vore. eg klarte ikkje å gå på sommarfesten med klassen ein gang, nåkke eg angra bittert på dagen etterpå. det einaste som hjalp var å bygge seg eit telt av stjerneteppet mitt, og ikkje eksistere:




no går det litt bedre, men sommarferien har aldri vore så etterlengta som no.
e det berre meg som syns ingrid bjørnov IKKJE e morsom? ho har heilt fryktelig timing/måte å sei ting på!!! såg reklame på tv no og fekk lyst til å bli gal. det provosera meg at folk ler av ho. showet hennas kunne faktisk vore dritmorsomt, dersom ein morsom person hadde framført det. bill bailey feks!




fingeren min gjer framsteg forresten! eg kan nesten BRUKE den til ting no. her er eit bilde. så kan dikka jo gjette ke for ein finger som er herpa... lol.


min kjære lille pukkelryggfinger. bli frisk! ser eg har samme genser på dei to bildene. tabbe!! det er fordi det er kosegensaren min. den er rosa og grå, fordi det er dei finaste fargane. og så er den alt for stor, slik at eg kan kose meg mest mulig. i tillegg er den supersexy. alt i eitt med andre ord.

peace.

Ingen kommentarer: