lørdag 12. juni 2010

ein typisk dårlig dag

i dag har eg opplevd sjølve prakteksemplaret av ein elendig dag. let me elaborate.

det begynte med at eg skulle på jobb klokka 07:00. altså vekkerklokka måtte stillast på 05:30 i går kveld. grøss. så fulgte den eine katastrofen den andre.

1: eg hadde mareritt i natt. og vi snakka skikkelig tatt ut av ein grøsser-mareritt. fy fasiken! eg våkna med verdens skumlaste følelse, og visste ikkje heilt ke eg skulle gjere.
2: nesten sovna igjen rundt 03.00, så kom det ein passe tullete person og ringte på døra, og vekte meg igjen.
3: etter å ha stressa med å sove ei god stund til, så ringte plutselig alarmen min, og det var på tide å stå opp. eg tenkte: her må det kaffi til gitt!!!
4: katastrofen er eit faktum: vi var tomme for kaffi. og då meina eg TOMME. eg hadde personlig skrapa ut siste resten dagen før. då fekk eg lyst å berre... ikkje eksistere. men, på jobb måtte eg like fullt, så.
5: etter eit par timar på jobb kjente eg ein snikande hodepine. nåkke som ofte skjer dersom eg ikkje får tilstrekkelig med koffein direkte i blodstraumen med ein gang eg våknar. ok, tenkte eg. snart pause no, då fiksar vi hodet mitt kaffi. hang in there lizm.
6:
7:
8:
9: det som skjer i tidsrommet ovafor er veldig blurry, men eg veit at konklusjonen blei spying på do på jobb. nåkke kem som helst kan sette pris på.
10: fordi det allerede er lite folk på jobb, er det særs lite beleilig at eg må gå heim. derfor blir eg på ein eller anna måte overtalt til å bli litt lenger. mhm. det hadde eg lyst til.
11:
12:
13:
14: veit ikkje ke som skjedde heilt her heller, berre at eg til slutt kom heim og kollapsa på senga mi.
15: kaffi. kaffi. kaffi.
16: tilnærma ok følelse i hode og kropp.
17: levere halvhjerta prosjektbeskrivelse.
18: dyne. sofa. the end.

Ingen kommentarer: