tirsdag 29. juni 2010

godkjent, og ein dag igjen!

i dag blei prosjektbeskrivelsen min til masteroppgava GODKJENT! hurra!!!!! :D :D :D
ti minutt før eg fekk vite det, sto eg i dusjen og tenkte: jaja... i dag får eg sikkert vite at den ikkje blir godkjent...like greit...så kan eg lage ein ny ein som faktisk har nåkke for seg...sukk...og bruke sommaren på å stresse med det...jaja. life sux. og så kom eg inn på rommet og hadde fått DEN fine mailen. der det sto: prosjektbeskrivelsen er godkjent, og du har herved bestått SOS340. då hylte eg og ropte hurra, og satte på viva la vida og dansa rundt på rommet. så sendte eg melding til mamma, som ringte tilbake og ikkje klarte å forstå kor viktig og kult dette var, så ho oppførte seg berre heilt random. men faktisk, så burde ho ha vært LITT meir entusiastisk. pappa strekte seg til å gi meg ein sms-klem. jaja. heldigvis e eg flink å feire på egen hånd :D

kjøpte ei ny bok i dag. igjen. eg har ein tendens til å kjøpe alle mulige bøker, og så les eg berre tre kapittel før eg innser at forfattaren irriterar vettet av meg. så hiv eg boka på golvet mens eg seier "åååååååååårrrrrrgggggh". og stirrar apatisk ut i lufta. men i dag trur eg eg har funne ei bok som eg kjem til å elllllske. The Historian av Elizabeth Kostova. eg skal holde dikka oppdaterte om korleis det går ;) den er akkurat passe eventyraktig, mystisk og eg likar måten ho skriv på.
den verste boka eg har vore borti er Saman er vi mindre aleine. GRØØØØØØØØØØØØSS. eg orkakje ta i den boka. viiiik fråå meeeg.

no skal eg sjå cougar town og drikke kaffi! smask.
o! eg glømte å sei: i mårra er min SISTE kiwi-dag :D

Ingen kommentarer: