onsdag 23. februar 2011

kjedelig

av og til trur eg at eg må være verdas mest kjedelege menneske. i allefall om ein skal dømme ut frå kva eg velger å bruke tida mi til. sitte og glo ut i lufta er ein av dei tinga eg gjer mest i løp av ein dag. ein god nummer to blir vel å glo på facebook og håpe at nokon skal sei noko morro. og så tv. kanskje går eg ein tur. og så strikkar eg i timesvis. herrefred for eit liv :)
eg hugsa før, på videregåande, eller på høgskulen. då var eg rundt om kring og overalt heile tiden. eg sang i kor, var med på revy, øvde piano, hang med folk 24/7, gjorde bittelitt lekser osv. etterkvart lagde eg studentavis, noko som nesten var ein fulltidsjobb, samtidig med studiar og vener og fylla. men plutselig flytta eg til bergen, og etter det har livet mitt vore rett ut DRIT kjedelig. av og til tenkjer eg at det var byen som gjorde at eg forandra meg. at det blir litt for stort og skummelt liksom. eg veit ikkje kvar eg skal byrje, og så berre lar eg være istadenfor. kva kor skal ein velje? kven skal ein gå på fylla med? dei, eller dei? og studentavis kunne eg ikkje tenkje meg, for det var sikkert alt for mange flinke skumle nye folk der som ikkje trengte meg til noko. FY meg for å tenkje slik. men visse ting ER lettare på bygda... der har du Koret. Puben. Butikken. Skulen. Folka.
skjønna?

eg elskar store byar når eg er på besøk i dei.. men eg veit ikkje om eg burde bu i ein...
sa ho, sekundet etter at ho sverga å flytte til london ;) sånn er det å være sjuk i håve.

Ingen kommentarer: