mandag 19. juli 2010

introducing...

voss.
i dette huset har eg vore på utallige feriar, feira ein heil haug med julafter og nesten like mange nyttårsafter, hoppa lengde på stovegolvet ilag med frode, sove i den vesle senga på det store soverommet ilag med mommo og mofa, plukka bringebær/epler/plommer/markjordbær, bygd hytte under spisebordet, spelt alle dei crazy brettspela som ligg på loftet som er frå 1950 og deromkring... og lista er masse lenger. no er det mamma og pappa som bur her. og huset er anleis, men fortsatt huset på voss. som eg er voldsomt glad i. viss det fins ein rød tråd i livet mitt... så er det dette huset.
her har vi det litt sånn: 





i hagen bur det ei kanin! ho heiter ingrid.










 hei ingrid! :D









på dette rommet bur som oftast eg. for dette er favorittrommet mitt. og morfar sitt, då han budde her. på dette rommet er det så mange bøker at det nesten ikkje er plass å sove. og så er det gammalt, og akkurat slik det alltid har vore. derfor er vi glad i det.









på kjøkkenet er det..rotete? men likevel, det ser litt sånn ut. her har eg baka masse masse bollar og kaker med mommo. og ho var verdens beste til å bake sjølvsagt. 












gangen har blitt fin og ny, og blå og kvit.











 i stova har vi utsikt
















på bordet har vi orkidéar

















og om hausten har vi plommer :) men dit hakje vi komt enda.




ps! når det er jul, ser det sånn ut, og er kanskje aller mest koselig.

Ingen kommentarer: