onsdag 28. juli 2010

obsession

eg blir gal. eg har ein ting for mobiltelefonar. den eg brukar no har eg berre hatt i 9 mnd. og eg kjenne allerede at eg MÅ ha ein ny ein. koffor? ingen aning. den virka, eg hadde dritlyst på den når eg kjøpte den, og eg kan til og med ha spotify på den. eg burde vært lukkeleg. men istadenfor bruka eg timesvis på nettet, og trålar gjennom alt som fins av testar, tilbud, bilder, demo-videoar av ALT som fins av mobila. det e heilt forbanna sjukt. i. håve. min siste obsession e iphone 3gs. sjølvsagt. eg som aldri har likt den ein gang. NO ska eg plutselig ha ein. må ha må ha må ha. sjøl om alle seie eg burde drite i det fordi dei e så treige og gamle osv. nei. eg blir seriøst heilt gal i håve, for den perfekte mobilen som gir meg den perfekte følelsen, den fins ikkje. no ser eg ein parallell til det eg drive og prata om. så kan dikka tolke det korhen dikka vil. men det virka som min forbannelse i livet e å alltid ha lyst på nåkke bedre. meir. anleis. i allefall ikkje det eg har...

Ingen kommentarer: