onsdag 1. september 2010

om foreldre

foreldre:

-likar å prate, helst med veldig engasjerte stemmer, veldig ute etter respons på det dei seier. aller helst likar dei å prate om dei samme tinga dag etter dag. fartsgrensa i sivlevegen t.d. dersom dei ikkje får særleg respons, finn dei ein an måte å formulere seg på for å understreke kor fantastisk/forferdeleg noko evt. var, medan dei ser deg intenst i augene.
-pratar helst akkurat når det passar minst, fordi dei trur eg kjedar meg og treng underhaldning.
-spør i dag kva eg skal neste helg. (som om eg veit det.)
-spør ein gang til.
-spør om eg skal på jobb i morgon.
-spør tre gonger til (eg tøysa ikkje)
-skryt uhemma over ting eg lagar til middag, fordi dei har gløymt at eg er 26 år og har laga middag i over 10 år på eiga hand (HAHAHA, AS WE SPEAK SÅ SKRYTE MAMMA AV AT EG HAR STEIKT KJØTTDEIGEN SÅ BRA! nice timing)
-kjem og hentar meg på jobb med bil KVAR dag, sjølv om eg insisterar på å gå heim.
-reagerar med sjokk og vantru dersom eg tar meg eit glas vin på ein tirsdag. i så stor grad at eg ikkje orkar å prøve meg igjen på ei stund. har enno ikkje bestemt meg for om det er bra eller dårlig.
-tek fram kikkerten og utforskar alt som skjer så fort det skjer noko
-tel kor mange gonger ein bestemt traktor køyrer forbi huset i løp av ein dag (fordi den bråkar slik)
-spør alltid om eg er lei meg akkurat når eg er mest lei meg og ikkje tåler det spørsmålet, for då begynna eg å grine
-er litt søte og.

1 kommentar:

Anonym sa...

-elsker å lese
-elsker lister
-elsker Kristin

-elsker å lese listene til Kristin

:D