mandag 30. august 2010

kjøre biiiil! :D

i dag skulle pappa liksom gi meg ein utfordring... han la ein gul refleksvest på parkeringsplassen, og så skulle eg rygge sånn at eg stoppa med venstre bakhjul oppå den, og fekk berre lov å sjå i speglane. okei, sa eg. så rygga eg ekstremt elegant, og stoppa akkurrrrat oppå den, sånn som eg skulle. så jubla eg litt, og pappa trudde ikkje sine eigne auge, så han måtte teste meg ein gang til, men no med motsatt hjul osv. så eg gjentok like godt suksessen, og landa midt oppå vesten med hjulet mitt. jepp. berre ring meg viss eg skal rygge ein plass...

i helga bygde eg faktisk eit tak og. med spikerpistol. det ekje måte på ke eg får til ;)
berre sjå her!







kristin, taktekkjar og bilkøyrar. that's me. med rosa joggesko.

Ingen kommentarer: