onsdag 4. august 2010

notabene

eg ser i etterkant at bloggen i går høyres meir dramatisk ut enn godt er ;) den skumle mannen er fortsatt ein drittsekk av beste kaliber, men det dreiar seg om noko relativt ufarleg og materialistisk. så ikkje tru eg har blitt voldtatt eller nåkke sånt. ok?

i dag er eg ganske glad, fordi eg skal treffe astrid i mårra :) :) vi skal drikke vin og sjå grease og mimre om gamledagar. verdens beste aktivitet med verdens beste venninne. hurra!!!! :D
mamma har bursdag i dag, og eg skulle være eksemplarisk dotter å bake skillingsbollar. men så virka ikkje deigen, og bollane blei berre heilt rare. dessuten lagde eg brownies på søndag, og dei virka heller ikkje! har ikkje bake-karmaen inne denne veka :/
o! har dikka sjekka ut Kindle? eg elska det! hurra for spontan-kjøp av deilige bøker, som ein kan lese på macbooken og mobilen i hytt og pine!!! har komme halvvegs i Sylvia Plath no, og likar det eg les.

no skal eg dagdrøyme litt. hadet på badet. ethan hawke (my all time favourite hunk) er forresten blitt hot igjen, på sine eldre dagar. berre sjå Daybreakers så skjønna dikka :)

Ingen kommentarer: