tirsdag 3. august 2010

eg kjenner ein mann

eg kjenner ein mann som eg ikkje veit om eg kan tilgi. og det er ganske drøyt, for eg likar å tilgi.
denne mannen er så sta, grisk, egoistisk, utspekulert, kald og usympatisk som det går an å bli. likevel trippar han rundt, og lever sikkert eit heilt ok liv. uten å ta inn over seg kva han har gjort. dette som gjer at eg fortsatt i dag, 6-7 år etter det skjedde, kjenner at blodet brusar når eg tenkjer på han og alt rundt han. det vekker fortsatt så masse sinne i meg, at eg kunne slått han så hardt eg berre klarar, dersom han sto framfor meg. han stjal noko frå meg, som betydde veldig mykje. noko som framleis kunne vore ei stor glede i mitt liv, og som eg rett og slett savnar så mykje at det gjer fysisk vondt.
eg veit at denne mannen aldri kjem til å forstå eller endre sin måte å tenke på. så det er ingenting eg kan gjere for å få tilbake det han har tatt. derfor er det ekstra frustrerande. i tillegg til å stjele, så skryt han no av det han har. som han skulle ha delt. eg lar meg stadig sjokkere over denne mannen. og eg er framleis lei meg for det eg har mista. berre så du veit det. din jævla drittsekk.

eg beklagar den kryptiske historien... men sånn er det berre.

Ingen kommentarer: