fredag 3. desember 2010

facebook-opplæring.

i fare for å være like provoserande sjølv, som alle andre er. detta må seiast, eller så kjem eg til å eksplodere og kaste macbooken min gjennom vindauget og ut i snøen.
når folk skrive statusoppdateringar om julevask på facebook, så får eg lyst å legge meg ned å HYLE. lat meg forklare.
dersom du i løp av ein heil dag med tankar, meiningar, humor og tårer destillerar det ned til "då var kjøkkengolvet klart til jul!" så gir du meg inntrykk av at du er ei 49 år gamal husmor uten personlighet. heilt seriøst. eg spør meg sjøl, for det første: er det JULEVASK som best skildrar deg som person?? VIRKELIG???? det kjekkaste med facebook er jo at ein kan gi andre eit glimt av personligheten sin. at ein kan underholde andre med å vise kven ein er. og då tenkjer eg at det MÅ no være nåkke anna folk kan sei, som er LITT meir relevant????? eller ER det verkeleg slik, at når ein får ungar og hus og jobb og alt det der som eg ikkje har og difor ikkje kan forestille meg, så blir ein heilt hjernedau? ER DET?? VISS NEI, SÅ HAR DIKKA ALL SJANSE I VERDA TIL Å MOTBEVISE MEG OG GJERE FACEBOOK MORSOMT IGJEN! viss ja: vil eg aldri aldri aldri aldri ALDRI bli vaksen.

Ingen kommentarer: