lørdag 4. desember 2010

verdas beste mommo

i det siste så har slektningar påstått at eg har blitt meir og meir lik på mommo:





nåkke eg syns er heilt greit og veldig stas, for ho var relativt pen i mine auge.
mommo var den klassiske BESTE bestemora du kan tenke deg. ho hadde alltid snop på lur i skuffer og skap, og eg fekk lov å ligge i senga hos ho om morgonen og bli lest bok til, mens mofa fortsatt låg og snorka atmed oss. ho lærte meg å bake kaker og bollar, å strikke, å lese trur eg, og å løyse kryssord i Hjemmet ;) eg trur ho las samtlege Nancy Drew aka Frøken Dekkdekktiv til meg, og samtlege Mormor og de åtte ungene. ho var SUPERkos. og sjølvsagt var ho den første av besteforeldrene mine som forsvann. eg var berre 10 år då, og ho var berre 66. ettersom vi bur i det samme huset som ho og mofa budde i, blir det til at eg tenkjer på dei ganske ofte. dei var eit heilt absurd kjærestepar, det skal seiast ;) trur ikkje det var snakk om nåke ekte kjærleik der nei. men jammen kunne dei å lage kos og hygge rundt seg, og å ta vare på familien. savn! savn savn savn.

Ingen kommentarer: