tirsdag 7. juni 2011

i heart oslo

i am back. frå oslo. og med ein gang toget nærma seg voss så kjente eg at hjertet mitt berre....visna. så kom eg inn i bilen til pappa, som er snill og alltid hentar meg på stasjonen, og så fortalte han meg heldigvis alle detaljane om ein tur dei hadde vore på. så kom eg heim, og siden det har eg vore djupt apatisk og deprimert. eg har hatt det så fint i oslo!! hakje hatt det så fint på lenge eg. alle dagane var fine.
skal dikka sjå nåken bilder? dei ekje så veldig morsomme eller spennande. men eg må jo ha nåkke å vise fram.

føøørst, på fredag, var eg og astrid i vigelandsparken. først skulle vi ete salat, men den mista astrid utover seg sjøl, så da måtte eg ete salat aleine. så såg vi på alle dei obligatoriske sjåverdnadane. dei var faktisk sjåverdige.





etterpå vart det mykje sånn:

og kaffikopp med rødvin, så ikkje politiet skulle komme og ta vinen fra meg.


i oslo hadde dei nemlig knallblå himmel og varmt og deilig vær! så vi kunne sitte ute i sola dagen lang, og drikke øl og vin. det var stoooor stas. så skjedde det eit mirakel! vi satt i parken, og rødvinen min hadde det kjempebra, og så berre heilt plutselig så innsåg eg at coldplay hadde komme med ny sang!!! eg måtte sjølvsagt høyre på den på min kjære uunnværlige iPhone, og då var dagen og lykken komplett skal eg sei dikka. etter eg hadde drukke tre liter rødvin, gjekk vi ut på ein plass som heitte Aku Aku for å drikke litt meir. då innsåg eg at eg kanskje var litt brisen, siden vi hadde drukke siden klokka to. jaja. på Aku Aku hadde dei sånn tropisk innredning, MEN dei hadde ikkje ein einaste drink som inneholdt Malibu! WHAT! dei kan ikkje kalle seg ein Tiki-Bar, når dei ikkje har verdens beste rom! JEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEES. så da måtte eg drikke ein blå drink med nåkke kokos-greier istaden. den var ganske god.
etter det kjøpte alle burger-meny på mcdonalds, men eg var lur og kjøpte to hamburgarar istaden, fordi det var billigare/genialt. då syns dei andre eg var skikkelig teit, så då krangla vi litt om det. men det var faktisk eit genialt trekk av meg. så trur eg vi gikk heim, men det har eg visst glømt. klokka seks våkna eg og kjente at eg kanskje burde drikke litt vatn.

dagen etterpå var eg på Jerry Seinfeld på telenor arena! hiiiihi. han er ein herlig fyr. HERLIG fyr. berre synd at telenor arena er ein skikkelig MØKKAPLASS. med lange køar til ølen, og vonde seter.

søndag var eg på øyhopping i oslo-fjorden, og i enda ein park med søte venninner frå gamle dagar. beste søndagen eg har opplevd siden i fjor. herlige dagar!!
berre sjå så søte dei er:





i går åt eg den beste indian-fooden ever. som var kylling i ein saus av fløyte, rødvin, kokos og pepper! SHIT, det var godt det. og siden den var så god så ville eg ikkje dele med dei andre. då blei aleksander sur, så da fekk eg ikkje smake marshmallows av han etterpå. jaja. kristin doesn't share food. deal with it ;)

i dag tok eg toget heim som sagt, og begynte å grine fordi eg ikkje ville reise. buhu.

Ingen kommentarer: