torsdag 27. november 2008

somtimes blue

denne sangen er så deilig trist.. og perfekt akkurat i kveld. eg er litt trist, men veit at det snart går over, så det er ikkje så nøye :) er litt glad og :) 
det er nåkke med denne sangen som er så perfekt. den har på ein måte klart å beskrive akkurat korleis det er å være trist når det nesten er jul. eg ser for meg tjukt snøvær som dalar ned uttafor eit stort vindu når eg høyrer denne sangen. 
eg gledar meg til jul. julemiddag, julebrus, familie, fyr på peisen, krangling med bror, snø i hagen, stille på vangen, kaldt på golvet på soverommet, smal lita seng som eg alltid har sove i, kanina mi, sjakkruter på badegolvet osv osv. har sett den perfekte kjolen... eg berre må ha den. den bur på noa noa.. kanskje eg får råd til den ein dag :) 


Joni Mitchell-River


Ingen kommentarer: